Kronprinsesse Mette-Marit må opererast

Kronprinsesse Mette-Marit skal opererast for prolaps i nakken. Inngrepet skjer på Rikshospitalet denne veka.

Kronprinsesse Mette-Marit

Kronprinsesse Mette-Marit har vore sjukmeld i fem veker, men det har ikkje gjort nakkeskaden betre.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Fem veker med sjukmelding, ro og behandling har ikkje gjort nakkeskaden betre. No må kronprinsesse Mette-Marit opererast.

Slottet stadfester i ettermiddag at inngrepet skal skje snart.

– Smertefullt

– Ut frå medisinske årsaker tilrår legane at inngrepet blir utført så raskt som mogleg, og kronprinsessa vil difor bli operert på Rikshospitalet i Oslo denne veka, står det i ei pressemelding frå slottet.

– Inngrepet inneber fjerning av nakkeprolaps og avlasting av nervestrukturar. Operasjonen vil medføre at kronprinsessa vil bli liggande på sjukehuset i nokre dagar.

På spørsmål om korleis kronprinsessa har det, seier kommunikasjonssjef Marianne Hagen ved Slottet at det er smertefullt.

– Vi hadde håpa i det lengste at ho skulle sleppe operasjon. Men i dag har vi fått beskjed om at det er medisinsk påkravd at ho gjennomfører dette inngrepet, seier Hagen til NRK.

– Låg risiko og god effekt

Overlege Haldor Slettebø ved nevrokirurgisk avdeling ved Oslo Universitetssjukehus seier til NRK at operasjonen kronprinsessa skal gjennom, har låg risiko og veldig god effekt på pasienten.

– Før eit slikt inngrep har pasienten store smerter, og smertene er invalidiserande. Nesten alle blir bra etter operasjonen. Det fyrste som skjer, er at dei vonde, sterke smertene i armen forsvinn med ein gong. Litt etter litt går også nakkesmertene over. Det tar berre eit par månader, så er dei fleste friskmelde, seier Slettebø.

Han fortel at inngrepet går ut på å skrape ut den blaute mellomvirvelskiva.

– Mellomvirvelskiva har sprokke og tyt ut mot nerverøtene, slik at pasienten får sterke smerter i nakke og arm. Operasjonen går ut på at man lagar eit snitt på halsen og går inn til virvelsøyla og skrapar ut den blaute mellomvirvelskiva, slik at trykken på nerverøtene blir mindre, seier Slettebø.

– Det er ein heilt vanleg operasjon. På vår avdeling gjennomfører vi om lag 400 i året av denne typen.

(Artikkelen fortset under videoen)

Mette-Marits operasjon innebærer lav risiko.

Overlege Haldor Slettebø forklarar kva for ein operasjon kronprinsesse Mette-Marit skal gjennom.

Fall i Ukraina

Kronprinsesse Mette-Marit

Her er kronprinsesse Mette-Marit i Kiev i Ukraina i 2008. Det var under dette besøket ho fall og fekk hjerneristing.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Kronprinsesse Mette-Marit har slite med nakkeplager sidan ho fall under eit besøk til Ukraina for fem år sidan.

Den gong fekk ho påvist hjerneristing og blei sjukmeld i tre veker.

To år seinare, i 2010, måtte ho avlyse OL-besøk til Vancouver på grunn av nakkeplagene. Då sa slottet at kronprinsessa hadde «slitasjeskadar på nakkevirvlane».

Det var ein slitasjeskade som blei oppdaga i samband med fallet i Ukraina, utdjupa kommunikasjonssjef Marianne Hagen den gong til NTB.

Ro og opptrening

Då nakkeproblema i haust sette kronprinsessa ut av spel igjen, skreiv slottet at diagnosen er prolaps og at det er eit vedvarande problem for kronprinsessa.

Etter fem veker sjukmelding er det altså no klart at det må kirurgisk inngrep til.

– Etter inngrepet skal kronprinsessa ha ro, før ho startar med eit opptreningsprogram. Det er for tidleg å seie om det kirurgiske inngrepet vil forlenge kronprinsessa sitt sjukefråvær, heiter det i pressemeldinga.

Kronprinsen avlyser

Kronprins Haakon skulle etter planen delteke på arrangementet Financial Dignity Summit i Atlanta i USA torsdag.

Denne reisa er no avlyst på grunn av kronprinsessa si helse.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger