Av Kristi Marie Skrede
- Salmar har betydd mykje for meg i viktige anledningar i mitt liv, seier kronprinsesse Mette-Marit.
Video:
Denne veka var ho co-produsent og redaktør då hennar favorittsalmar vart spelt inn på plate.
Solveig Slettahjell si røyst fyller kulturkyrkja Jakob midt i Oslo. Her blir hennar og pianist Tord Gustavsen si tolking av "Blå salme", skriven av Erik Bye og Henning Sommero, spelt inn.
På produsentplassen sit kronprinsesse Mette-Marit saman med Erik Hillestad i Kirkelig Kulturverksted. Prosjektet heiter "Sorgen og gleden". Denne dagen er det dei blå tonane som dominerer.
I farens begravelse
- Blå Salme er med fordi den ble spilt i min fars begravelse i fjor. Jeg syns den teksten snakker om livet på en måte som jeg veldig lett kan relatere til, seier kronprinsessa.
Solveig Slettahjell song denne songen i gravferda i fjor og var sjølvskriven då kronprinsesse Mette Marit skulle plukke artistar til denne plata.
Med er også Kari Bremnes med salmen ho skreiv til prins Sverre Magnus sin dåp i 2006. Og mange andre artistar kronprinsessa har eit sterkt forhold til.
Starta med bryllaupet
Kronprinsesse Mette Marit har alltid vore glad i salmar, men det er fyrst etter at ho vart kongeleg at ho har fått eit sterkt og bevisst forhold til den norske salmeskatten.
Til bryllaupet i 2001 var salmane noko av dei få tinga kronprinsparet fekk velje utan innblanding frå andre.
Dermed var kronprinsessa i gang med å gjere seg kjent med mangfaldet i denne musikksjangeren.
- Vi har kvart år sidan vi gifta oss hatt ei gudsteneste på min bursdag. Då vel vi salmar og inviterer nokon til å framføre dei. Og så har det vært bryllaupet, barnedåpane og gravferda til far min. Så eg hadde eit stort spekter av salmar å velje i då vi skulle gå i gang med dette plateprosjektet, fortel kronprinsessa.
Til Kirkens Bymisjon
Det ligg eit sterkt personleg engasjement bak når kronprinsesse Mette Marit låner tid, ansikt og tittel til "Sorgen og gleden".
I tillegg til kjærleiken til salmesong i både ny og tradisjonell drakt, er dette ein måte å gi noko tilbake til eit miljø som har betydd mykje for henne.
- Inntektene går til Kirkens Bymisjon og det er noko som knyter prosjektet saman. Eg har vore mykje tilknytta Tøyenkirka, som for meg har vore ein viktig stad. Difor synest eg det er viktig at noko går tilbake til der det heile starta, seier kronprinsesse Mette Marit.