Frå talarstolen på Arbeidarpartiets landsmøte trakk partisekretæren laurdag fram metoo-debatten.
Ho peika på at metoo har gjort at «det ingen før sa frå om, no kjem til overflata, også i Ap».
– Det er veldig viktig. Det gjer at vi kan ta tak i det, men det viser også at alt ikkje har vore som det skulle, sa Kjersti Stenseng.
– Opp gjennom historia har folk opplevd seksuell trakassering og hatt ugreie opplevingar i vårt parti. Nokon vil bere med seg det resten av livet sitt.
– Eg veit at det er folk som ikkje har tort å stå fram. Til alle dykk vil eg på vegner av heile Ap seie: De skulle ikkje ha opplevd det dykk gjorde. Det skulle blitt tatt tak i, og det er eg veldig lei meg for, sa Stenseng.
– Veldig viktig
Ein av dei som set pris på Stensengs erkjenning, er BU-leiar Line Oma. Oma var den fyrste som sto fram av metoo-varslarane om Trond Giske i 2018.
– Eg synast det er veldig viktig og riktig at ho gjorde det. Eg blei veldig glad, seier ho til NRK.
– Opplever du at dei har teke sjølvkritikk på sin handtering av #metoo?
– Eg meiner dei har erkjent at dei burde ha gjort ting betre og at dei skal bli betre i framtida. Det gjer meg tryggare.
– Vil det gjere det lettare for kvinner og andre og varsle om andre metoo-saker?
– Partiet har innført nye rettleiing og sunket terskelen for varsling som gjer at det skal bli betre i tida framover, seier ho.
Håper terskel for varsling blir låg
I helga skal landsmøtet handsame partiets retningslinjer mot seksuell trakassering.
Leiar for Aps kvinnenettverk i Oslo, Torunn Kanutte Husvik, ønskjer seg retningslinjer som verken hever terskelen for å varsle om trakassering, eller har tidsfristar som hindrar folk i å seie ifrå.
– Vi må ha som mål at har du noko å varsle, ja, då varslar du, sa Husvik frå talarstolen på landsmøtet laurdag ettermiddag.
Ho takka for tilliten frå dei som har varsla så langt, og signaliserte at partiet er der for dei som ikkje har sagt ifrå enno.
– De eig dykkar eiga historie og vi heiar på dykk. Treng de fleire å prate med, kan de stole på oss, sa Husvik.
Dei som er usikre på om ei sak er alvorleg nok, for gamal eller om det vil bli trudd, oppmoda ho til å ta kontakt.
– Vi vil høyre frå dykk. Etter kvart er vi blitt gode til å rydde opp, sa ho.