Hopp til innhold

Ikkje metanolforgifting på Sørlandet likevel

Fleire vart søndag kveld innlagde på Sørlandet sjukehus med mistanke om metanolforgifting. Det viste seg å vere feil.

Sørlandet sykehus Kristiansand

METANOL: Mindre enn fem personar er innlagde på Sørlandet sjukehus etter å ha fått i seg metanol, men fagdirektøren er bekymra for at det er store mørketal.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

NRK fekk seint måndag kveld opplyst at det ikkje var snakk om metanolforgifting likevel. Det viser prøver som vart analyserte i Oslo. Årsaka til sjukehusinnleggingane er framleis ukjent.

– Metanolforgifting er potensielt dødeleg. Dei som får symptom, må kontakte lege så fort som mogleg, seier fagdirektør Susanne Hernes ved sjukehuset.

Dei innlagde kjem frå Lindesnesregionen, ifølge NTB.

Mindre enn fem personar innlagde

Det skal vere snakk om mindre enn fem personar, opplyser sjukehuset til NRK.

– Men vi er bekymra for at det er store mørketal, seier Hernes.

Ho opplyser om at personane var i ulik tilstandsgrad – frå alvorleg sjuke til lett sjuke.

– Metanolforgifting er ei forgifting som vi er veldig observante på, fastslår Hernes.

Startar etterforsking

Sjukehuset ynskjer å få ut informasjon om at det kan vere metanol i omløp i Lindesnesregionen og eventuelt i andre område i eller utanfor Sørlandet.

Politiet har starta etterforsking av saka, opplyser dei til NRK.

– På bakgrunn av opplysningar frå helsevesenet har politiet starta etterforsking i denne saka. Vi har lite opplysningar, men vi undersøker det som har kome, seier Bernt Mushom som er fungerande driftsleiar i Vestre Agder driftseining.

Bernt Mushom

Fungerande driftsleiar i Vestre Agder driftseining seier at politiet ber om tips frå publikum.

Foto: Elisabeth Sandve / NRK

Fungerande ordførar Svein Jarle Haugland (KrF) i Lindesnes seier dei ikkje har oversikt over kva miljø dette er knytt til.

– Vi oppfattar at det særleg er knytt til Mandal by, der det er ulovleg sprit i omløp.

Han oppfordrar alle om å ikkje drikke sprit eller alkohol dei ikkje kjenner innhaldet av, sidan ein ikkje har klart å avgrense det til eit miljø akkurat no.

– No må vi først få oversikt over omfanget, seier han.

– Tyder på at det er «smuglarsprit»

Kommuneoverlege Viggo Lütcherath i Lindesnes seier at etterforskinga vil avsløre om det er «smuglarsprit», men at det tyder på at det er det.

– Det er i alle fall ikkje sprit kjøpt i alminnelege kanalar, som Vinmonopolet og restaurantar. Vi har ingen indikasjonar på at det er distribuert i utelivet, seier han.

Han fryktar det er eit større område som er distribusjonsledd, men at politiet si etterforsking vil avdekke dette.

– Åtvaringa mot å kjøpe denne type sprit på ulovlege kanalar bør gjelde for heile Agder, seier han til NRK.

Viggo Lütcherat

Kommuneoverlege Viggo Lütcherat i Lindesnes seier at det truleg er snakk om «smuglarsprit».

Foto: Elisabeth Sandve / NRK

Tolletaten er overraska

Her på Sørlandet har vi ikkje vore borti metanol på fleire tiår.

Det seier seksjonssjef i Tolletaten i Sør-Noreg, Helge Breilid.

Tolletaten har ikkje kjennskap til kor metanolen kan ha kome ifrå.

Tolletaten har ikkje beslaglagt metanol her på Sørlandet, og heller ikkje fått opplysningar om at det skal ha kome inn i landet eller blir omsett.

Dei er veldig interesserte i opplysningar.

– Vi ynskjer å vere med å sørge for at metanol ikkje kjem inn i landet, seier han.

Vanskeleg å oppdage

Metanol er også kjent under namnet «tresprit» og blir brukt i industrisamanheng, i bilprodukt og som løysemiddel. Men det kan finnast i «smuglarsprit».

– Metanol i drikkevarer kan vere veldig vanskeleg å oppdage. Ein merkar ikkje sjølv om metanolen er blanda inn i drikkevarer eller ikkje, opplyser Hernes.

Årsaka til dette er at det ikkje gir noko spesiell smak eller lukt når det er blanda saman med anna væske. Det gjer at ein må vere veldig oppmerksam på symptom.

– Det gir deg ikkje rus, slik vanleg alkohol gjer, fortel overlege Knut Erik Hovda ved Oslo universitetssjukehus til NRK.

– Det er veldig giftig, fastslår han.

Kan fungere som ei motgift

Det er vanskeleg å skilje mellom etanol (vanleg sprit) og metanol, utan å bruke kjemiske analysemetodar. I mange tilfelle handlar det om blandingar av etanol og metanol. Dette gjer det endå vanskelegare å bestemme innhaldet av metanol, ifølge Helse Noreg.

Det kan ta tid før alvorlege symptom oppstår, opplyser dei vidare.

I den grad ein blandar metanol med ein anna type alkohol, som er det vanlegaste, vil vanleg alkohol verke delvis som ei motgift.

– Då vil ein tole det litt betre, men framleis vil det vere slik at når du drikk ei blanding, bryt kroppen først ned det vanlege alkoholet, og så sit du igjen med det som er gift. Då kjem dei giftige effektane i blant forsinka, forklarar overlegen.

Overlege akuttmedisinsk avdeling ved OUS, Knut Erik Hovda

Knut Erik Hovda, overlege ved Oslo universitetssjukehus fortel at vanleg alkohol delvis fungerer som ei motgift når det er blanda med metanol.

Foto: Emma-Marie B. Whittaker / NRK

Kan ta 30 timar før ein får alvorlege symptom

Metanol blir brote ned til maursyre i kroppen, og det er dette nedbrytingsproduktet som fører til dei alvorlege forgiftingssymptoma.

– Maursyre er veldig giftig. Det skadar alle celler, og spesielt utsett er celler i hovudet og i synsbanene, opplyser Hovda.

Først etter 10 til 30 timar vil det vere danna nok maursyre til å gje symptom. Det kan også komme seinare, dersom ein har innteke vanleg sprit på toppen av det heile.

«Den store imitatoren»

Ifølge Hovda er metanolforgifting eit stort problem globalt. Tusenvis blir forgifta, og det er store mørketal.

– Det blir kalla for «den store imitatoren». Det liknar på alt mogleg anna. Innan du har funne ut kva dette er for noko, er plutseleg 10–50 pasientar døde.

Under pandemien var det mange som blanda metanol inn i handsprit.

Mange drakk metanol, spesielt i Iran, fordi dei trudde det kunne kurere koronaviruset tidleg under pandemien.

AKTUELT NÅ