Hopp til innhold

Meir skatt og mindre fattigdom

SV vil gjere kampen mot fattigdom i Noreg til partiet si nye hovudsak.

Video nsps_upload_2009_3_20_13_19_28_1245.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SV vil kjempe mot fattigdom i Noreg

Nestleiar Audun Lysbakken la fram forslaget til nytt arbeidspogram i føremiddag. På dag to av landsmøtet i Bergen tok han blant anna til orde for å fjerne det han kalla "amerikanske element" i velferdsstaten.

Lysbakken fekk stor jubel frå landsmøtedeltakarane for talen sin, særleg godt likte tilhøyrarane at SV ikkje har tenkt å leggje nort nokon av flaggsakene sine.

Radikalt og dristig

- Aldri før har eit regjeringsparti gått til val på eit så radikalt og dristig program som vårt, sa han til stor jubel frå delegatane.

Han vedgjekk i talen at det er betydeleg forskjell mellom SV, Senterpartiet og SV, men understreka at dette ikkje betyr at SV vil halde igjen på sine saker i valkampen.

Han trekte fram saker som klimapolitikken, oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen, tempoet i oljeutvinninga, lilkelønnsspørsmålet og forholdet til Israel.

- Vi har alt bevist at vi kan samarbeide, sa han blant anna.

Audun Lysbakken blir av mange rekna som kronprins i SV.

Audun Lysbakken tende landsmøtedelegatane med talen sin i dag.

Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / SCANPIX

Audun Lysbakken, av mange rekna som ein klar kronprins i partiet, la vekt på at SV har utgjort ein forskjell i regjeringa.

Han viste til at det er stor forskjell på politikken i den første regjeringa til Jens Stoltenberg og den andre, sjølv om det er same statsministeren.

Han sa også at handlingsrommet for ei eventuelle Soria Moria II-erklæring vil vere større etter valet til hausten enn det var i 2005.

Velferdsstaten

Ei prioritert sak for SV vil vere kampen for å ta vare på velferdsstaten. Lysbakken sa i talen sin at velferdsstaten er under sterkt press frå høgresida.

- Vi står ved eit vegskilje når det gjeld velferdsstaten. Dersom det offentlege ikkje klarar å gi eit godt tilbod, vil fleire velje private løysingar. Dette vil auke forskjellane fordi folk med god råd vil velje private løysingar, medan andre må nøye med seg med eit stadig dårlegare offentleg tilbod, sa han.

For å betre det offentlege tilbodet vil Lysbakken auke skattane.

- Auka skattar vil vere lønsamt for vanlege folk.Det er betre å betale for gode offentlege tenester over skattesetelen enn å betale dyrt for private tenester, sa han i talen.

733 motforslag

Det er ingen tvil om at landsmøtet kjem til å vedta forslaget til arbeidsprogram, men det har kome inn heile 733 avvikande forslag til behandling.

Det meste omstridde handlar om bruk av heroin til behandling av rusmisbrukarar, kvinneleg verneplikt, kven som skal ha ansvaret forlærarutdanninga og finansieringa av sjukehus.

Arbeidsprogrammet skal vedtakast søndag.

SV sitt landsmøte i Bergen

AKTUELT NÅ