By stod mot land i Noreg for litt over eitt år sidan då spørsmålet var kven som skulle få koronavaksinen fyrst.
Smittetrykket var høgst i bydelane aust i Oslo, men rundt i landet var det mange som protesterte på å hamna lenger bak i vaksinekøen.
No seier leiaren for koronakommisjonen, Egil Matsen, til NRK at skeivfordelinga av vaksinar blir eitt av temaa når kommisjonsrapporten kjem.
Prosessen tok tid
Kommisjonen har merkt seg at prosessen med skeivfordeling tok mange månadar.
– Det vi ser på når det gjeld prosessen, er at det tok ganske lang tid før styresmaktene fekk fagleg oppmodingar om at geografisk prioritering var riktig. Frå februar 2021 og fram til stadfestinga som kom i mai. Den prosessen ser vi på, seier kommisjonsleiar Egil Matsen.
Han seier at koronakommisjonen har fått utarbeida ein analyse.
– Den analysen indikerer at du ville fått ein ikkje ubetydeleg effekt på sjukdom ved å ta den geografiske prioriteringa tidlegare, seier han.
NRK har bede om å få sjå analysen som Matsen omtalar og legg til grunn, men har ikkje fått tilgang til denne.
– Moralsk aspekt
Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet vil ikkje kommentera saka før dei har lese kommisjonsrapporten.
Heller ikkje Erna Solberg, som var statsminister våren 2021 har lese rapporten, men seier det var vanskelege etiske avvegingar.
– Det var også det moralske aspektet rundt det. Vi visste aldri når det ville blussa opp ein stad i landet. Vi kunne risikert at det blussa opp ein stad der ingen av dei, som hadde underliggjande sjukdommar og som kunne døy, faktisk hadde fått vaksine fordi vi hadde gitt friskare folk vaksinar andre stader, seier ho.
På spørsmålet om valåret 2021 påverka vurderingane regjeringa gjorde svarar den tidlegare statsministeren nei.
– Eg trur det hadde vore vanskeleg uansett kva vi hadde gjort. Vi fekk kritikk i Oslo-området når vi ikkje innførte skeivfordeling, og då vi innførte skeivfordeling fekk vi kritikk i resten av landet. Det var ingen vinn-situasjon på nokon av punkta, seier Solberg.
Stor splid om fordelinga
Det var i fjor vår at regjeringa følgde FHI si anbefaling om å senda fleire vaksinar med område med mykje smitte. Byrådsleiar i Oslo, Raymond Johansen, hadde gjentekne gonger bede om at regjeringa måtte prioritera Oslo.
Før det blei vaksinane fordelte likt over heile landet. I den første fasen var dei eldre og mest sårbare som blei prioriterte.
– Eg veit at mange blei glade no, og så veit eg mange blir skuffa. Det er gode argument både for og mot omfordeling av vaksinar. Eg skal ikkje leggja skjul på at dette har vore eit vanskeleg val, også for meg, sa dåverande helseminister Bent Høie då skeivfordelinga blei kunngjort.
Mange kommunar og ordførarar utanfor Oslo var skuffa.
– Dette var nesten som eit slag i trynet, sa blant anna Sandnes-ordførar Stanley Wirak (Ap).
På tysdag kjem den andre rapporten frå kommisjonsrapporten. Skeivfordeling av vaksinar er eitt av temaa.