Hopp til innhold

Meiner Sp og SV vil øydeleggje for utvekslingsstudentar

Det vil vere vanskelegare å studere i utlandet, dersom Senterpartiet og SV sår tvil om EØS-avtalen, hevdar Venstre. Skremselspropaganda svarer dei to partia.

Tre studenter i Nygårdsparken i Bergen under fadderuken

UTVEKSLING: Mange norske studentar reiser på utveksling i Europa. Partiet Venstre og studentorganisasjonen ANSA fryktar EØS-forhandlingar kan gå ut over utvekslingsmoglegheitene. Illustrasjonsfoto frå fadderveka i Bergen.

Foto: Johanna Magdalena Husebye / NRK

– Å melde seg ut av EØS og deira program for forsking og høgare utdanning vil i praksis seie å stoppe tilgangen på kunnskap frå Europa, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande.

Raudt, SV og Senterpartiet ynskjer å skrote dagens EØS-avtale til fordel for ein handelsavtale med EU. Sp vil gjennomføre ei offentleg utgreiing for å finne andre avtalar med EU.

Dette fryktar Grande vil svekkje studentar si moglegheit for utveksling i Europa.

– Dei programma vi har i EØS-avtalen, som Erasmus-stipendet, er det viktigaste vi har for at norske studentar skal kunne studere i Europa og omvendt.

Eit populært utvekslingsprogram

Ole Kristian Bratset

STUDENTAR I UTLANDET: Ole Kristian Bratset er leiar for foreininga for norske studentar i utlandet, ANSA.

Foto: Ragnhild Utne / ANSA

Over 35.000 studentar har reist ut i Europa med Erasmus-stipend sidan Noreg kom med i det europeiske utdanningssamarbeidet for 25 år sidan.

– Det er fantastisk at ein kan reise og ta delar av graden sin andre stader i Europa. Det gir erfaringar og eit tilskot til utdanninga, seier Ole Kristian Bratset, leiar for ANSA.

Også han fryktar at EØS-utmelding kan gjere det vanskelegare for studentane.

– Skremselspropaganda!

Men Senterpartiet forsikrar studentane om at utvekslingsmoglegheitene ikkje vert begrensa.

Trygve Slagsvold Vedum i brun skinnjakke og lyseblå skjorte

UTGREIING: Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil erstatte EØS-avtalen med det dei kallar ein betre avtale med EU.

Foto: Erlend Jones Solfjeld / NRK

– Dette er skremselspropaganda frå Trine Skei Grande. Vi vil ha ein betre avtale enn EØS, men studentutveksling vil sjølvsagt fortsette, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Han får støtte frå SV sin nestleiar Snorre Valen.

– Noreg har samarbeida med EU om forsking og utdanning lenge før EØS-avtalen vart inngått. Venstre burde heller feie for eiga dør, dei har støtta ei regjering som i denne perioden har forsøkt å innføre betaling for alle utanlandsstudentar i Noreg, seier han.

Reforhandling skapar uvisse

Vedum seier at Skei Grande burde vite betre.

– Ho burde vite at det i dag er fleire land som ikkje er i EU eller EØS som har avtalar om å vere med i Erasmus-programmet.

ANSA-leiaren meiner derimot at det finst bevis for at reforhandling kan avgrense studentane sine moglegheiter.

– Ein treng ikkje sjå lengre enn til Sveits, der reforhandling førte til at studentane i Erasmus måtte lide. Også no når Storbritannia ynskjer å melde seg ut ser det ut til at det er ungdom og studentar som tapar, seier han.

Han meiner det skaper uvisse om ikkje utvekslingsprogramma er ein tydeleg grunnpremiss i forhandlingane om ein ny avtale.

Dette meiner veljarane for dei største partia om ny EØS-avtale.

Vil likevel betale for utveksling

Erasmus-programmet er fri for studentavgifter, fordi formålet er at alle studentar skal kunne dra på utveksling, uansett storleik på lommeboka. Utvekslingsprogram utanfor EØS er ofte dyre å delta i, hevdar Venstre.

SV nestleiaren lover likevel å betale.

Snorra Valen

LOVAR Å BETALE: SV sin nestleiar Snorre Valen seier dei garanterer å betale norske studentar for utdanning i utlandet, også utanom ein EØS-avtale.

Foto: Espen Bakken

– Prinsippet om fri og gratis utdanning er eit prinsipp vi set høgt i Noreg, vi vil behalde det prinsippet og vil kunne bidra og gi støtte til samarbeidsprosjekt med EU, seier Valen.

Det er i alle fall ein ting som er sikkert, at debatten vil halde fram;

– Dei norske partia burde vore meir oppteken av kva moglegheiter som finst utanfor EØS-avtalen, seier Vedum.

– Vi må ikkje gløyme dei gode tinga EØS-avtalen gir oss, avsluttar Grande.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger