Hopp til innhold

Bondevik meiner Solberg må trå varsamt i møte med Trump

Kjell Magne Bondevik har eitt tydeleg råd til Erna Solberg før møtet med Donald Trump: vent lenge med å ta opp klima, miljø og Parisavtalen.

G20 møte i Hamburg

IKKJE SOM ANDRE STATSLEIARAR: Stemninga ser ut til å ha vore god under G20-toppmøtet i Hamburg i sommar. No skal statsminister Erna Solberg møte USAs president Donald Trump til samtalar åleine for første gong. Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik meiner det er noko anna å møte Trump enn tidlegare amerikanske presidentar og andre statsleiarar.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Om under to veker sit statsminister Erna Solberg framfor peisen i Det ovale kontoret saman med president Donald Trump i USA. Statsleiarane annonserte i går at det blir offisielle samtalar den 10. januar.

Før møtet er ei rekkje sentrale opposisjonspolitikarar tydelege på at klima og miljø må stå øvst på agendaen.

– Men det er i alle fall ikkje det temaet Solberg bør ta opp først, då kan samtalen få ein verkeleg dårleg start, trur tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik.

Grunngjevinga til Bondevik er enkel: Noreg og Solberg treng kvart bidige minutt med Trump. Feil inngang kan korte ned samtalane – kanskje slik Australias statsminister Malcolm Turnbull opplevde i februar.

Bondevik & Bush

UEINIGE: Stemninga var god, men Kjell Magne Bondevik og George W. Bush var rykande ueinige om invasjonen av Irak. I samtalane 16. mai 2003 blei Bondevik uroleg då Bush prata om andre land i Midtausten. – Eg følte det låg mellom linjene at det var snakk om fleire militære operasjonar eller invasjonar. Heldigvis skjedde det ikkje, noko eg åtvara mot i samtalane, fortel Bondevik til NRK.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Uroa før møte med Bush i 2003

Sjølv møtte Bondevik både Bill Clinton og George W. Bush på Det ovale kontoret i Washington D.C. Han omtalar det som noko «annleis og spesielt».

Clinton og Bondevik

GODT FORHOLD: Kjell Magne Bondevik fortel at samtalane med Bill Clinton alltid var gode – og ofte gjekk utover den tilmålte tida.

Foto: Knut Fjeldstad / NTB scanpix

– Det var alltid ei ekstra spenning knytt til det. Når du har øyret til den amerikanske presidenten er det spesielt viktig å vite eksakt kva ein vil ta opp, meiner Bondevik.

Han fortel om vidt forskjellige presidentmøte i 1999 og 2003. Møtet med Clinton var heilt uproblematisk, men Bondevik fortel om eitt betent tema i møte med Bush i 2003.

– Det var 16. mai 2003, kort tid etter invasjonen av Irak. Noreg var tydeleg mot invasjonen, men eg blei invitert til Det kvite huset trass i det. Det var eit svært vanskeleg tema, men vi greidde heldigvis å føre samtalen på ein måte som gjorde at det ikkje blei surt.

Spent på Trumps reaksjonsmønster

Erna Solberg har allereie møtt Barack Obama i Det kvite huset. Bondevik trur det å møte Trump etter Obama blir som natt og dag.

Trump verkar å ha eit heilt anna lynne og reaksjonsmønster, både opp mot politikarar i USA og i andre land. Ein ser det jo på Twitter. Så eg er spent på korleis Trump vil reagere på kontroversielle tema.

Bondevik fortel at ein sit så tett i Det ovale rommet at ein enkelt merkar dårleg stemning.

– Men nokre ting takast opp, kanskje særleg klima og miljø. Men det er viktig å få ein god tone frå starten, gjerne gjennom enkel småprat.

Spent verdssituasjon

Utover Parisavtalen som USA ikkje vil bli med på, trur Bondevik at det generelle bilaterale forholdet mellom USA og Noreg, samt Nato blir sentrale tema.

– I ein verdssituasjon som no er det viktig å minne om at vi har felles interesser i nordområda mot Russland. Som flankeland i Nato er vi i ein spesielt utsett posisjon, og det må den amerikanske presidenten vere bevisst, meiner Bondevik.

Solberg møter Obama

SAKN: Samtalane mellom Erna Solberg og Barack Obama blei gjennomført i 2016. Då Obama gjekk av etter åtte år ved makta, sa Solberg at ho ville sakne han som president.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

AKTUELT NÅ