Tidlegare lege og stortingsrepresentant Olav Gunnar Ballo var i ein periode i 2010 direktør ved Rettsmedisinsk institutt (RMI).
Det er instituttet som la fram DNA-bevisa i Baneheia-saka.
Ballo er kritisk til korleis DNA-spora vart behandla.
– Rettsmedisinsk institutt har heilt tydleg ikkje klart å gjere den jobben ein forventar, seier han.
Ballo meiner det vart gjort to alvorlege feil av RMI:
- DNA-materialet som viste to gjerningspersonar
- Gjenopptakingskommisjonen skal ha blitt feilinformert om DNA-prøver
Den første feilen
Det eine feilen handlar om framstillinga av DNA-materialet. Ballo meiner at funna vart presentert på ein måte som peikte mot to gjeringspersonar.
Til Politiforum seier han at presentasjonen av funna villeia meir enn det rettleia.
– Materialet gav ikkje grunnlag for ein slik konklusjon. I tillegg kunne funnet stemme med så mange personar, at det hadde ingen beviskraft mot Viggo Kristiansen, seier Ballo.
Ballo meiner at det er eit teikn på at instituttet ikkje hadde gode nok rutinar og kontrollar.
– Eg vil også seie at ein ikkje hadde eit eksternt miljø til å kontrollere, slik at ting kunne bli overprøvd.
Den andre feilen
Den andre store feilen er at gjenopptakingskommisjonen skal ha blitt feilinformert i 2009. Det var første gangen Viggo Kristiansen prøvde å få saka sin teken opp av kommisjonen.
Då vart Rettsmedisinsk instituttet spurt om dei hadde meir materiale frå Baneheia. Tidlegare overingeniør ved seksjon for biologiske spor ved RMI Bente Mevåg svarte munnleg at prøvene var destruerte.
Det stemde ikkje. Då Ballo var direktør i 2010, fann instituttet 199 reagensrøyr i ein frysar.
– Det har vorte analysert, og var avgjerande for den frifinninga som no har kome.
Kriminalteknikarar frå Kripos arbeider på åstaden etter dobbeltdrapa i Baneheia 19. mai 2000.
Foto: Lise Åserud / NTBKorleis kunne dette skje?
– Eg trur det kunne skje fordi ein ikkje sjekka tilstrekkeleg. Ein baserte seg på noko ein anten trudde eller tok for gitt. Men utan at ein reint fysisk fekk det kontrollert.
Dette hadde mykje å seie for saka, meiner Ballo.
– Viss ein på eit tidlegare tidspunkt kunne ha gjennomført reanalyser, og gjerne andre stader enn ved RMI, ville ein kanskje for mange år sidan ha trekt den konklusjonen at det ikkje finst arvemateriale frå den staden som var samsvarande med Kristiansen.
NRK har vore i kontakt med tidlegare overingeniør Bente Mevåg, som ikkje ønskjer å kommentere.
Klinisk farmakolog og assisterande avdelingsleiar for det som i dag heiter «Avdeling for rettsmedisinske fag» ved OUS, Liliana Bachs seier til NRK at ho ikkje har grunnlag for å kommentere 20 år gamle munnlege utsegn.
– Når det gjeld det som vart sagt i retten har gjenopptakingskommisjonen gått grundig gjennom dette, og vi viser til rapporten deira frå 18 februar 2021, seier ho til NRK.
DNA
– Kan ikkje samanliknast med i dag
Bachs seier at krava for 20 år sidan ikkje kan samanliknast med i dag.
– Då var samfunnet på ein annan stad enn den er no, seier Bachs.
Innanfor rettsmedisin har mykje forandra seg. Både når det kjem til rolla som sakkunnig, krav til kvalitetssikring av materialar og prøver, og kontroll av personopplysning.
– Vi har til dømes blitt akkreditert. Som betyr at vi får intern og ekstern kontroll av korleis vi handterer prøver. Vi må følgje mange prosedyrar. Slik at når det er kontroll så veit dei korleis vi gjer alle undersøkingane.
Liliana Bachs seier at kvalitetskontrollen har blir mykje betre.
Illustrasjon: Lise Åserud / NTBDet gjeld også til kasting av prøver.
– I dag har vi konkrete regler om vi skal kaste eller behalde prøver. I mange år var ikkje reglane like klare.
Det har også kome klarere avtaler mellom dei som driv med analyse av prøvene og rettsapparatet. Det har gjort at det er mykje enklare å gjere ting riktig, forklarar Bachs.
– Kvalitetskontrollen har auka veldig mykje.
Prøvene var viktige
Fredag sa riksadvokat Jørn Sigurd Maurud at det ikkje er bevis mot Viggo Kristiansen, og bad om at han blir frikjend.
Advokaten til Viggo Kristiansen, Arvid Sjødin seier til NRK at desse 199 prøvene er viktige, og at dei understrekar at Kristiansen ikkje har vore på åstaden.
– Viss vi kan gå tilbake igjen, og tenke at det var resultatet i 2000, så hadde aldri Viggo vore pågripen etter min meining.
I juni 2021 vart Viggo Kristiansen henta frå fengsel etter å ha sona 21 år i fengsel.
Foto: Heiko Junge / NTBHan har hatt kontakt med Kristiansen etter frifinninga. Sjødin seier Kristiansen er letta og nøgd.
– No kan han konsentrer seg om ein framtid. Det er viktig for han som har sete 21 år uriktig i fengsel, avsluttar han.