Hopp til innhold

Vil ta frå politiet førarkort-nekt i hasjsaker

Fleire har mista førarkortet for å ha innrømma hasjbruk – utan å køyre i påverka tilstand. Politiet har fått kritikk for handteringa. No ber professor om at makta vert flytta.

hasj røyk

SKULDIG: Fleire unge har mista sertifikatet etter å ha innrømma hasjrøyking. Professor og forskar meiner politiet brukar lova for å skremme unge til ikkje å byrje med narkotika.

Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix

Dei siste åra har fleire mista førarkortet etter å ha innrømma til politiet å ha røykt hasj, til trass for at personane ikkje har vore påverka av rusmiddelet under køyring.

Hans Fredrik Marthinussen

FOR STRENG: Professor ved det juridiske fakultet (UiB) og styremedlem i Forening for tryggare ruspolitikk, Hans Fredrik Marthinussen, meiner politiet handterer lova for strengt.

Foto: Kamilla Marie Johnsen / NRK

Professor ved Universitetet i Bergen, Hans Fredrik Marthinussen, meiner politiet har ein anna motivasjon enn trafikktryggleik for å ta frå unge menneske førarkortet.

– Politiet gøymer seg bak trafikktryggleik for å få folk til å halde seg unna hasj, seier han.

Politiet på si side viser til vegtrafikklova.

– Kvart år er det over hundre personar som vert drepne i trafikken og fleire tusen vert skadd. Rus er ein av hovudårsakene og det er politiet si oppgåve å førebyggje dette, seier Kristin Kvigne, avdelingsdirektør for politifag ved Politidirektoratet.

Har fått kritikk for handteringa

Bergens Tidende har omtalt fleire saker der politiet har tatt førarkortet frå unge menneske som sporadisk har brukt hasj. Til avisa seier politiet at ein må rekne med å få beslaglagt førarkortet om ein vert teke to gongar med hasj.

– Politiet legg terskelen for edrulegheit alt for lågt, ein kvar bruk av hasj er ikkje rusmisbruk, seier Marthinussen.

Dette har også politiet fått kritikk for.

I ei sak frå 2014 gir Sivilombodsmannen kritikk til saksbehandlinga i politiet. Dei peikar på at det ikkje er nok med to eller fleire bøteleggingar for å stemple nokon som «ikkje edrueleg»

«For at vilkåret i vegtrafikkloven § 34 femte ledd skal være oppfylt må bruken av rusmidler være av et visst omfang og skje med en viss regelmessighet og hyppighet. Det skal altså mer til enn sporadisk bruk», skriv ombodet.

Også ein dom frå Høgsterett peikar på det same.

Med bakgrunn i kritikken politiet har fått meiner professoren makta burde flyttast.

– Politiet har vist at dei ikkje handterer dette på ein god måte. Ansvaret bør heller liggje ein anna stad, for eksempel hos Statens vegvesen, seier han.

Kvigne avviser forslaget straks.

–Vi arbeider i tråd med det Stortinget og den lovgjevande makta ynskjer.

Politiet har endra rutinane

PU sjef

FØREBYGGING: Avdelingsdirektør for politifag ved Politidirektoratet, Kristin Kvigne, meiner det er viktig at politiet kan førebyggje ruspåverka ulukker i trafikken.

Foto: Ilja C. Hendel / Politiet

Politiet seier dei har endra rutinane etter kritikken dei har fått.

– Vi legg no meir vekt på å grunngi forhold vi meiner påverkar edrulegheit og trafikktryggleik, seier Kvigne.

– Er det riktig å ta frå menneske lappen om ein aldri har køyrd i påverka tilstand?

– Vår praksis er streng for å førebyggje fare i trafikken. Høgsterett har også vurdert at fire brot på narkotikalovgivinga inneber at kravet til edrulegheit ikkje er oppfylt. Omsynet til trafikktryggleiken er tungtvegande.

– Å ta frå nokon førarkortet kan skape rusproblem

Professoren er overbevist om at mange av dei som mistar sertifikatet ikkje utgjer noko fare for trafikken i praksis.

– Det er stor forskjell på ein som vert tatt for hasjbruk og innrømmer å ha røykt ein til to gongar i månaden det siste året, enn ein som misbrukar narkotika over lengre tid, seier Marthinussen.

Han seier det kan få alvorlege konsekvensar for enkelte unge å miste lappen.

– Ein kan miste jobben om ein er avhengig av bil, noko som i verste fall kan skape eit rusproblem i staden for å førebyggje.

– Vert behandla strengare enn alkoholmisbruk

Jørgen Bramness

ALKOHOL: ​Jørgen Bramness, seniorforskar ved nasjonal komtetansetjeneste for samtidig rusmisbruk og psykisk lidelse, meiner lovverket forskjellsbehandlar.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

Jørgen Bramness, seniorforskar ved nasjonal komtetansetjeneste for samtidig rusmisbruk og psykisk lidelse, er einig med Marthinussen i at det er ei forskjellsbehandling mellom dei som brukar alkohol og hasj.

– Det er sjølvsagt farleg å køyre når ein er rusa, men det er ingenting som utgjer ei fare i det rusen er ute av kroppen.

Dersom hasjbrukarar vert fråteke sertifikatet for røyking også når ein ikkje køyrer, meiner han regelverket også burde slå ut på dei som drikk ofte.

– Alkohol er ein vel så viktig årsak til ulukker i trafikken, kanskje ein burde slå hardare ned på alkoholbruk også.

STatestikk: hasjbruk i befolkninga

Andel i alderen 16–64 år som oppga å ha brukt cannabis noen gang, siste 12 mnd. og siste 4 uker 1985–2016

Foto: Folkehelseinstituttet

AKTUELT NÅ