Leiar i Oslo statsadvokatembete, Jørn Sigurd Maurud, meiner årsaka til lang saksbehandling, som igjen bidreg til at
er grunna omorganiseringa i politiet.– Det er sjølvsagt sterkt beklageleg, seier Maurud til NRK.
Han meiner det vil bli betre så snart omorganiseringa er over.
– Eg er slettes ikkje ueinig i at det tek for lang tid i etterforskinga av mange saker, men mange saker kan også ofte vise seg å vere meir kompliserte enn ein tilsynelatande trur.
Vil ta til før det vert betring
Marius Dietrichson, leiar i forsvarsgruppa til Advokatforeininga, seier det er ei haldningsendring som må til for å korte ned i den lange saksbehandlingstida.
- Les også:
Jørn Sigurd Maurud, leiar i Oslo statsadvokatembete, seier det er grunna omorganisering i politiet saksbehandlinga går sakte.
Foto: Herman Dreyer / RiksadvokatenDette er Maurud ueinig i. Ifølgje statsadvokaten har den høge andelen strafferabattar ikkje noko med haldningar å gjere, men at det er meir kompleks enn som så.
– Det er ikkje vår oppfatning. Det Dietrichson ikkje tek tilstrekkeleg høgde for, er at den omfattande omorganiseringsprosessen medfører uttak av store ressursar.
Dietrichson på si side meiner det er viktig å sjå lengre enn til ressursbruken i politiet.
– Det kan vere lurt å vere opne for at det er andre ting enn pengar og ressursar som er problemet. Skilnaden ligg nok i haldningar og kva ein nyttar ressursane til, seier han.
Leiar i forsvarsgruppa i Advokatforeininga, seier det berre er ei haldningsendring som skal til for å minke talet strafferabattar.
Foto: Caroline Drefvelin / NRKMaurud viser til Sverige og Danmark, som allereie har gjennomført omorganisering i sine politidistrikt. Sidan Noreg ikkje er ferdig med omorganiseringa enno, er situasjonen som den er.
– Det er vår oppfatning at det midlertidige ressurstapet ved ei så omfattande omorganiseringsreform nok har blitt underkommunisert undervegs. Politiet bygger restansar, og det vil nok i tida framover bli eit etterslep av saker som blir gamle før situasjonen igjen blir betre.
Vandvik: Samansette årsaker
Visepolitimeister i Oslo politidistrikt, Bjørn Vandvik, seier til NRK at det er fleire årsaker til at så mange saker får for lang behandlingstid.
Ifølgje han kan det delast inn i tre hovudårsaker:
- Samfunnsutviklinga – digitalisering aukar kompleksiteten til sakene
- Krava til bevisføring og saksbehandlingstid aukar
- Auka utfordringar for politiet sin kapasitet
– Vi er opptekne av å kontinuerleg jobbe med effektiv straffesaksavvikling.
- Les også:
– Vi er opptekne av å kontinuerleg jobbe med effektiv straffesaksavvikling, seier visepolitimeister i Oslo politidistrikt, Bjørn Vandvik.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpixVandvik legg òg vekt på at det no er høgare forventingar til kva som er akseptabelt når det kjem til konsekvensar av saker som kjem for seint opp for domstolane.
Likevel syner NRK si undersøking at 39 av dei 192 dommane med strafferabatt, hadde ei så lang liggetid at det er berekna som eit brot på menneskerettane.
– Det er svært beklageleg. Det er ikkje noko meir å seie om det, seier statsadvokat Jørn Sigurd Maurud.
Større fokus på straffesaker der barn er involvert
I kombinasjon med omorganiseringa rettar statsadvokat Maurud fokuset mot straffesaker om barn. Den siste tida har det vore ei stor auke i saker der det må leggast til rette for avhøyr av barn.
– Desse sakene skal prioriterast og det er ei ønska prioritering, men det går dessverre utover andre saker, seier han.
Dette går utover andre straffesaker. Les historia til «Ingrid» her:
Slik situasjonen i fleire av politidistrikta er no, ventar ikkje Maurud ei betring i positiv retning med det første. Likevel har han stor tru på at det vil bli betre etter omorganiseringa.