NRK Meny
Normal

Meiner Noreg må bli som Japan

Monokulturelle Japan er idealet som Noreg bør følgja, meiner terror-sikta Anders Behring Breivik.

Fotgjengarar krysser ei gate i Tokyo, Japan

Noreg må gå i Japan sine fotspor, vekk frå det fleirkulturelle mangfaldet, meiner massedrapsmannen Anders Behring Breivik. Biletet er frå ei gate i Tokyo.

Foto: Toru Hanai / Reuters

Anders Behring Breivik

Anders Behring Breivik tok livet av 76 menneske den 22.juli 2011.

Den terror-sikta høgreekstremisten Anders Behring Breivik (32) har i retten forklart at hans motiv for dei grufulle handlingane han utførte fredag 22.juli var kampen mot «ein dekonstruksjon av norsk kultur og masseimport av muslimar»

Behring Breivik, som fleire politiske analytikarar meiner sympatiserer med ny-fascismen, er særleg begeistra for dei monokulturelle samfunna i Japan og Sør-Korea.

Homogent samfunn

I fleire kommentarar, publiserte på nettstaden Document.no, trekk han fram dei to som praktdøme på land som har styrt unna utviklinga av fleirkulturelle samfunn, men som likevel er suksessfulle og moderne. Den terror-sikta skriv blant anna:

«Du har kanskje ikke hørt og Japan og Sør Korea? Disse er suksessfulle og moderne regimer selv om de forkastet multikulturalisme på 70-tallet. Er Japanere og Sør-Koreanere nisser?».

I Japan utgjer innvandrarar eller etterkommarar av innvandrarar berre 1,7 prosent av folkesetnaden. Styresmaktene held svært streng kontroll med innvandringa. I 2009 var det berre 30 asylsøkjarar som fekk opphaldsløyve i landet, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Kinesarar og koreanarar er dei største minoritetsgruppene. Mange av desse er etterkommarar av menneske som vart tvangsflytta til landet medan Japan var koloniherre over Koreahalvøya.

Til samanlikning utgjer innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre 12,2 prosent av folkesetnaden i Noreg, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

«Ein kultur og ein rase»

Regjeringskvartalet etter bomben

Åtte menneske mista livet då Anders Behring Breivik detonerte ei bombe i Oslo sentrum. Ytterlegare 68 menneske vart drepne i skytemassakren på Utøya.

Foto: Berit Roald/SCANPIX
Utenfor regjeringskvartalet etter bomben 22.juli

Slik såg det ut utanfor Regjeringskvartalet i Oslo, like etter at bomba eksploderte fredag ettermiddag.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Ifølgje den engelske avisa The Telegraph rosar Behring Breivik japanarane for å ha hindra muslimane sitt inntog, sjølv om landet ikkje har nedfelt forbod mot spesifikke etniske eller religiøse grupper.

Breivik skriv også at han ville likt å møta tidlegare statsminister i Japan (2008-2009), Taro Aso.

Taro Aso er ein konservativ høgre-politikar som fleire gonger har hylla heimlandet for å ha «ein nasjon, ein sivilisasjon, eitt språk, ein kultur og ein rase». Dei kontroversielle utsegna vart ytra medan Taro Aso var statsråd i 2005.

Følsamt tema i Japan

Blant japanarar er innvandring eit sensitivt tema, ifølgje The Telegraph.

Mange menneske fryktar at auka innvandring vil medføra meir kriminalitet og svekka nasjonalt samhøyr.

Ekspertar åtvarar derimot om ei eldrebølgje og meiner det er avgjerande å opna grensene dersom for å oppretthalda vekst og velstand i landet.

Fleire japanske politikarar har etterspurd tiltak for å kunne losna på det strenge regelverket i innvandringspolitikken, men har så langt ikkje lyfta debatten, i frykt for å mista veljarar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger