Hopp til innhold

Meiner Märtha Louise blir brukt i marknadsføring av pengespel

I dag kunne du setje pengar på debutløpet til travkusk prinsesse Märtha Louise. Prinsessa er trekkplaster på Bjerke travbane og på Norsk Rikstoto sine spelesider. Foreininga Spillavhengighet Norge reagerer.

Magnus Pedersen er politisk rådgjevar i Spillavhengighet Norge. Då han denne veka kom inn i sin lokale tippekiosk og såg prinsessa på Rikstoto-reklamen, blei han overraska.

Magnus Pedersen i foreningen Spillavhengig Norge ved Rikstoto-reklame med prinsesse Märtha Louise

Magnus Pedersen i Spillavhengighet Norge reagerte då han såg Rikstoto sin reklame i sin lokale tippekiosk.

Foto: Kjell Mikalsen / NRK

– Eg reagerer med sjokk over at Rikstoto vel å bruke ein kongeleg person i marknadsføringa av pengespel.

– Med sin bakgrunn innan hestesporten, kan prinsessa, profilert som ho er, bidra til å rekruttere folk til noko som kan gi enkelte alvorlege problem, seier Pedersen.

Debuterer som travkusk

Løpet på Bjerke Travbane i ettermiddag er eit samarbeid mellom Norsk Rikstoto og prinsessa sitt nye selskap Hest 360. Marknadssjef i Rikstoto, Morten Tønnessen seier dei ikkje brukar prinsessa i reklame for pengespel.

– Prinsessa er brukt i reklame for det sportslege arrangementet på Bjerke travbane, ikkje for spel, seier Tønnessen.

– Føremålet er å skape blest om Hest 360 og løpet prinsessa skal køyre, seier han.

Rikstoto er blant sponsorane som sikrar det økonomiske grunnlaget for prinsesse Märtha Louise sitt nye kommersielle prosjekt: ein nettstad og YouTube-kanal om hest.

Kor mykje pengar Norsk Rikstoto bidreg med til Hest 360, vil ikkje marknadssjef Morten Tønnessen fortelje.

– Samarbeidet er eit forretningsmessig forhold som vi ikkje går ut med informasjon om, seier han.

Prinsesse Märtha Louise tok eksamen som kusk i sommar og fekk amatørlisens.

Prinsessa har teke midlertidig amatørlisens og køyrer mot nokre av landets beste kuskar i ettermiddag.

Foto: Eirik Stenhaug / Equus / NTB scanpix

Programleiar og deleigar

På heimesidene til Hest 360 er prinsesse Märtha Louise presentert som partnar og programleiar. Med YouTube-kanalen utvidar ho næringsverksemda si.

– Prinsessa er deleigar og driv dette som sin business på lik linje med Soulspring (også omtalt som «engleskulen». red.anm.) og bokutgjevingar, seier Carina Scheele Carlsen, manager for prinsesse Märtha Louise.

Sjølv seier prinsessa at ho er glad for å vere med på å fremje dette løpet som kan gje middel til fondet som Hest360 har under etablering, som har som føremål å fremje hestesporten i Noreg.

– Eg er glad for samarbeidet med Rikstoto som er sjølve grunnmuren i norsk hestesport, seier ho.

Prinsessa starta Hest 360 i vinter saman med to andre hesteentusiastar.

– Vi har drive kanalen på fritida i eit halvt år. Vi vil fortelje om hestesporten, ein sport vi ønskjer å auke rekrutteringa til, seier Geir Kamsvåg, partnar og marknadsansvarleg i Hest 360. Den tredje partnaren er Therese Stub Alhaug.

Les: Nytt og unikt tilbod til speleavhengige

Etisk dilemma

Magnus Pedersen i Spillavhengighet Norge roser prinsessa for å løfte hestesporten. Han forstår også samarbeidet med Rikstoto. Men han meiner grensa går ved reklame for spel.

– Pengespel blir heile tida kopla til gode føremål. Vi støtter gode føremål, men vi ser også at dette blir brukt til nye og meir aggressive framstøyt som fremjar pengespel. Det synest vi er ein etisk vanskeleg balansegang. Rikstoto skal vere forsiktige, så dei ikkje går over grensa, seier Pedersen.

– Eg vil oppmode prinsessa om å takke nei til pengespel og finne andre måtar å finansiere tiltaket sitt på, seier Pedersen.

Inntektene går til fond

Morten Tønnessen i Rikstoto avviser på det sterkaste at dei går over grensa i dette tilfellet.

I dag debuterte prinsesse Märtha Louise som travkusk på Bjerke travbane

– Når vi nemner spel i reklamen for løpet, er det for å generere inntekter til fondet Hest 360 skal etablere, eit fond som skal dele ut stipend til utøvarar innan hestesport i Norge. Overskotet av løpet prinsessa deltek i går til dette fondet.

– Kvifor vil Rikstoto sponse Hest 360?

– Stiftelsen Norsk Rikstoto har som føremål er å sikre, avl, oppdrett og hestehald i Norge. Vi vil bidra til Hest 360 sitt arbeid med å spreie kunnskap om hest, seier Tønnesen.

Prinsessekritikk

Prinsesse Märtha Louise sa frå seg tittelen «Hennes Kongelege Høyhet» i 2002 då ho vart sjølvstendig næringsdrivande. Hennar kommersielle arbeid med har likevel vore omstridd.

Prinsesse Märtha Louise og Elisabeth Nordeng under Alternativmesse i Grieghallen.

Prinsesse Märtha Louise driv det omdiskuterte sjølvutviklingsselskapet Soulspring saman med Elisabeth Nordeng. No utvidar ho næringsverksemda med endå eit selskap.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Blant anna var reaksjonane sterke både frå kyrkja og psykologhald då prinsessa i 2014 stod på scena med det sjølverklærte mediet Lisa Williamson som hevda ho kunne kommunisere med døde.

Ekspertar meinte hennar spirituelle verksemd ikkje var i samsvar med at ho også representerte kongehuset. Kjennarar av kongehuset var den gong usamde om kongsdottera burde bruke sin prinsessetittel i kommersiell samanheng.

AKTUELT NÅ