Hopp til innhold

Skeive foreiningar ikkje nøgde med svar frå justisministeren

Skeive organisasjonar kravde fleire svar frå justisministeren etter Oslo-terroren knytt til pride i fjor. No har dei fått svar, men det er framleis vanskeleg å ha tillit til statsråden, seier Fri-leiaren.

Ekteparet Granum fra Nord-Aurdal sammen med flere medlemmer av regjeringen.

Justisminister Emilie Enger-Mehl under regnbogetog og solidaritetsmarkering i september 2022.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Seint i mai blei skeive organisasjonar og pride-arrangørar invitert til frukostmøte med justisministeren Emilie Enger-Mehl.

Dei reagerte på at møtet var utan agenda og at det var uklart kven som var invitert. Då leverte dei atten spørsmål til statsråden, og kravde svar.

Det var VG som først omtala saka.

– Justisministeren hadde nok håpa på eit meir hyggeleg møte, der vi kunne ta eit bilete saman etterpå, men det valte vi å ikkje vere med på, seier Inge Gjestvang, leiar i foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald (Fri).

Inge Alexander Gjestvang

Inge Gjestvang, leiar i Fri, har ikkje fått meir tillit til justisministeren etter møtet.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Dei reagerte også på tidspunktet for frukostmøtet.

– Timinga var underleg. Rett etter frukostmøtet skulle Mehl svare SV i Stortinget om angrepet 25. juni, og rapporten frå 25. juni-utvalet er rett rundt hjørnet. Her er det eit momentum som ho ynskte å bruke, men det er for lite og for seint.

På nettsida Mensviventerpåmehl.com talde dei timane før dei fekk svar frå justisminister Mehl.

Over tretti organisasjonar og pride-arrangørar stilte seg bak.

Då klokka viste to dagar og fjorten timar på fredag stoppa ho.

Skjermdump av nettstaden mensviventerpåmehl.com.

Dette viste klokka då justisminister Emilie Enger-Mehl svara på spørsmåla ho fekk under frukostmøtet.

Mehl kjenner seg ikkje igjen i kritikken

Eit av spørsmåla dei stilte var kvifor justisministeren har vore «fullstendig fråverande» etter skytinga 25. juni i fjor.

– Vi syns justisministeren har vore lite synleg etter angrepet på skeive. Statsråden skulle vore meir på ballen og tatt meir initiativ til å møte den skeive rørsla, seier Inge Gjestvang, leiar i Fri.

I svaret frå Mehl seier ho at i løpet av det siste året har det vore fleire møtepunkt mellom det skeive miljøet og Justis- og beredskapsdepartementet.

HARD KRITIKK: Det har kommet svært mange negative tilbakemeldinger på lovendringsforslaget fra justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Justisministeren svara på spørsmåla frå pride-arrangørane to dagar og fjorten timar etter ho fekk dei.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Eg kjenner meg ikkje igjen i kritikken om at eg har vore fullstendig fråverande (journ.anm), men eg er lei for at nokre kjenner det slik, skriv justisminister Mehl.

Noko dei skeive organisasjonane også reagerer på er at justisministeren ikkje kallar hendinga 25. juni for eit terroråtak, men ei masseskyting.

– Vi ser på omfanget av hendinga og den informasjonen politiet og PST sat på. I etterkant har pride- arrangement blitt avlyst, og då er frykta spreidd. Det er grunn til å kalle det terror, seier Gjestvang.

Mehl svarar at dei ikkje kan kalle det eit terroråtak før etterforskinga er ferdig.

– Eg vil peike på at eg har kalla det eit mogleg terroråtak. Som justis- og beredskapsminister må eg vere varsam med å konkludere i spørsmål som ein uavhengig domstol skal konkludere i.

Les heile svaret frå justisministeren her.

Lite konkret

Inge Gjestvang i Fri, seier at dei ikkje er heilt nøgde med svara fordi dei ikkje var konkrete, og at dei skulle ønske at justisministeren var meir tydeleg.

– Vår første respons var at det er framleis behov for meir dialog, der justisministeren kan bli kjent med breidda i miljøet vårt, seier Gjestvang.

Saman med dei andre organisasjonane skal dei arbeide fram eit svar med konkrete forslag til statsråden.

Har de no fått meir tillit til statsråden?

– Det er dessverre vanskeleg å ha tilliten til justisministeren som vi treng, sjølv etter svaret, seier Gjestvang.

Eivind Rindal, leiar for Trondheim pride meiner svara frå justisminister Mehl er skuffande.

– Det var ein stor skuffelse å lese. Vi gav ho ein sjanse til å svare, men det syns eg ikkje ho har gjort. Dette var svada og mykje byråkratspråk, og ho stod fram arrogant og belærande, seier hen.

Eivind Rindal i Trondheim Pride

Eivind Rindal, leiar i Trondheim pride, seier svara frå justisministeren er skuffande.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Rindal seier at hen ikkje har fått auka tillit til justisministeren.

– Ho var lei seg for korleis vi kjente det, men dette handlar ikkje om kjensler, det handlar om faktiske tiltak og å lytte til dei som kjenner hatet og frykta på kroppen, seier Rindal.

Kan ikkje svare på alt

Justisministeren vil ikkje kommentere den nye kritikken frå dei skeive organisasjonane om at svara hennar ikkje er gode nok, og skriv i ein e-post til NRK at ho ikkje kan svare på alle spørsmål enno.

– Saka blir framleis etterforska av politiet. EOS-utvalet, kontrollorgan til Stortinget for etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstenestene, har også opnet sak. Nokre av svara er det kanskje berre han eller dei som står bak åtaket som sit på. Sjølv om vi gjerne skulle hatt fleire svar, må vi diverre vente litt til før vi får eit betre bilete av kva som skjedde før og under det forferdelege åtaket natt til 25.juni 2022, som utan tvil kan ha vore eit terrorangrep.

AKTUELT NÅ