Hopp til innhold

Uteseksjonen meiner fråvær av politi har gjort dei opne rusmiljøa farlegare

Politiet innrømmer at dei har vore mykje mindre til stades i dei opne rusmiljøa i Oslo dei siste åra.

Jonas Chabchoub og Stian Torsvik

UTESEKSJONEN: Jonas Chabchoub og Stian Torsvik er tilsett i Uteseksjonen i Oslo kommune og jobbar tett på dei opne rusmiljøa i Oslo.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Eit tjuetal brukte heroinsprøyter ligg spreidd i ein graut av visna lauv og boss under statuar av Kvitebjørn Kong Valamon og Peer Gynt på rekkverket til Ankerbrua i Oslo sentrum.

– Sjå kvar du set foten, sprøytene er truleg ikkje smittsame lenger, men du vil framleis ikkje trakke på dei, seier Jonas Chabchoub med bøygd nakke og forsiktige steg.

Jonas Chabchoub frå Uteseksjonen under Ankerbroen i Oslo

HEROIN-HOTSPOT: Jonas Chabchoub frå Uteseksjonen viser fram ein av dei mest populære stadane å ta heroin i sentrum, under Ankerbrua i Oslo.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Fleire unge i dei opne rusmiljøa i Oslo

  • I fjor registrerte Uteseksjonen 912 nye personar dei vurderte som i behov for hjelp og oppfølging i Oslo sentrum.
  • 662 personar under 25 år vart registrert i dei opne rusmiljøa i Oslo sentrum.
  • Tala på nye unge personar i rusmiljøa har ikkje vore så store sidan Uteseksjonen byrja med systematiske teljingar i 2004.

Skuldar på fråværet av politi

– Vi ser ingen andre forklaringar enn at det i den same perioden ikkje har vore noko særleg systematisk synleg nærvær av politi, seier Børge Erdal.

Erdal er leiar i Uteseksjonen, Oslo kommune sin oppsøkande teneste i Oslo sentrum. Han fortel at rusmiljøet vert farlegare for folka i det når politiet ikkje er til stades.

– Det er ein tøff indre justis. Vi som jobbar i kommunen ser dette kvar dag. Det er mykje vald, truslar og våpen. Folk i miljøet væpnar seg fordi dei er redde og du får ein vond spiral, seier han.

Børge Erdal, leiar i Uteseksjonen i Oslo kommune.

SKULDAR PÅ FRÅVÆRET AV POLITI: Børge Erdal, leiar i Uteseksjonen i Oslo kommune.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Feltarbeidarane i Uteseksjonen deler leiaren sine bekymringar for utviklinga i dei opne rusmiljøa i byen.

– Hadde politiet vore her systematisk hadde det truleg vore færre unge som oppheld seg i dei opne rusmiljøa, i alle fall synleg, og i alle fall færre i dei tyngste og mest utsette miljøet i Oslo sentrum, seier Stian Torsvik.

Dei to kollegaene er ute på patrulje. På ryggen har dei kvart sitt vesle apotek med pustemasker, motgift mot heroin, plaster og pyrisept.

Dei går sakte opp frå elva, dei ser litt ut som politi i sivil med tjukke jakker og joggesko på beina.

Når dei senkar tempoet ser dei det vi andre ikkje vil sjå.

– Rundt brua her det fleire populære stadar å skyte heroin. I buskene ved elva, bak kyrkja her og under brua, seier Stian Torsvik og peiker på ly i bymiljøet.

Sosialarbeidarane framfor Ankerbrua i Oslo sentrum.

PATRULJE: Jonas Chabchoub (til v.) og Stian Torsvik på jobb langs Akerselva.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Lovlause tilstandar

Medan vi går sakte forbi legevakta i Oslo sentrum fortel sosialarbeidarane om korleis rusmiljøa har forandra seg på få år.

Politiet er sjeldnare til stades. Folk må i større grad beskytte seg sjølve mot vald, ran og seksuelle overgrep. Fleire vel å bere kniv og andre våpen for å beskytte seg, fortel Uteseksjonen.

– Årsakene er samansette, men eg trur hovudårsaka er fråværet av politi i miljøet, seier Stian Torsvik.

Vi nærmar oss Prindsen mottakssenter, sprøyterommet der folk kan sette heroinen sin i fred. Helsearbeidarar står klare for å berge dei som tek overdosar.

Trikken skrik og tøffar forbi.

Rundt tjue menn og kvinner står og trippar i den laust organiserte køen på fortauet utanfor. Ivrige på å kome inn i varmen og skyte heroin.

Pengar og dop vekslar hender i køen. Torsvik og Chabchoub minner litt om lærarar i skulegarden når dei spøkar og småpratar pedagogisk med brukarane utanfor sprøyterommet.

– Det handlar om å byggje tillit og kartlegge kva hjelp kvar enkelt i miljøet har behov for, forklarar Chabchoub.

– Er du redd?

– Ja, sidan eg har gjeld. Eg har allereie blitt tatt med kniv to gongar. Eg har den berre for å skremme og kunne aldri ha brukt kniven på nokon.

Ein heroinavhengig mannen i tjueåra fortel at han vart kasta på glattcelle for å bere kniv på offentleg stad for nokre månadar sidan. Elles får han stort sett gå i fred frå politiet.

Mannen som har blitt tatt med kniv to gonger, fortel at han føler seg tryggare når politiet er i nærleiken, så lenge dei ikkje tek frå han dopet.

– Det er mykje vald, ran og luring og sånt, seier han om rusmiljøa i Oslo sentrum.

Heroinsprøyte under Ankerbroen

HEROINSPRØYTE: I lauvet under Ankerbrua ligg det fleire brukte sprøyter.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK


Politiet bekreftar at dei er mindre til stades

– Vi er nok mykje mindre til stades enn det vi var for få år sidan, då Grønland politistasjon hadde si eiga eining for desse rusmiljøa.

Det seier Tore Soldal, leiar for Enhet sentrum i Oslo politidistrikt.

Det betyr ikkje at politiet brukar lite ressursar på dei opne rusmiljøa, fortel han.

– Det er truleg berre utelivsbråk vi brukar meir ressursar på.

Tidlegare jaga politiet brukarane rundt i Oslo sentrum og konfiskerte brukardosar.

Den framgangsmåten har dei i stor grad gått vekk frå.

– No konsentrerer vi oss i stor grad om å førebyggje kriminaliteten som følgjer med i dei opne rusmiljøa, som ran, vald og tjuveri, seier Soldal.

Leder Enhet sentrum, Tore Soldal

VIL IKKJE JAGE BRUKARAR: Tore Soldal, leiar for Enhet sentrum, fortel til NRK at dei framleis brukar mykje ressursar på dei opne rusmiljøa, men ikkje på å jage brukarane eller på konfiskere mindre mengder. narkotika

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Bekymra for meir våpen og lovlause tilstandar

Soldal fortel at politiet er bekymra for den aukande lovlause tilstandane i dei opne rusmiljøa.

– Vi har veldig mange våpenvisiteringar i Oslo sentrum, nesten dagleg, men vi ser at det vert meir knivar og våpen i miljøet, seier Soldal.

Korleis vil de jobbe i framtida for å stoppe den auka nyrekrutteringa til miljøet?

– Politiet kan ikkje førebyggje rusproblematikken aleine. Vi må samarbeide mykje tettare med barnevern og helse.

Når den nye rusreforma kjem ønskjer politileiaren ei tydelegare rollefordeling rundt dei opne rusmiljøa.

– Vi må få klarare reglar for kva som er politiet, kommunen, og helse sine oppgåver, seier Soldal.

AKTUELT NÅ