Hopp til innhold

- Breivik er forstyrra, ikkje gal

Amerikanske kriminologar meiner det er lite sannsyneleg at Anders Behring Breivik er sinnsjuk.

Anders B Breivik

Kriminologar i USA meiner Anders Behring Breivik har eit sterkt ønske om å gjere seg sjølv berømt.

Foto: Reuters

Anders Behring Breivik er varetektsfengsla i 8 veker, og har teke på seg ansvaret etter angrepa i Oslo og på Utøya 22. juli.

På ein pressekonferanse gjekk forsvararen hans Geir Lippestad ut og ymta om at Breivik kan vere sinnsjuk. Dette avvisar to amerikanske kriminologar, overfor CNN.

– Kan vere sinnsjuk

Pressekorpset stilte tysdag mange spørsmål om sinnstilstanden til Behring Breivik.

– Har Behring Breivik gjort noko i fengselet som indikerer at han er gal?

– Heile saka indikerer at han er gal. Han seier at han er i krig. At den vestlege verda ikkje forstår synspunkta hans, men at me vil forstå om 60 år, svarte advokat Geir Lippestad.

Forsvararen understreka at det er for tidleg å seie om Breivik er straffrettsleg tilregneleg før sakkunnige har undersøkt han.

Sosiopat, men ikkje gal

Bilde av Anders Behring Breivik fra manifestet.

Uniformene til Breivik tyder på ein trong til å bli berømt, og dette kan vere del av motivet, meiner kriminologar.

Foto: HO / Reuters

Brian Levin er kriminolog ved California State University, og nektar for påstandane til Lippestad.

– Han er ikkje gal. Han er ein sosiopat, men han er ikkje gal, seier Levin til CNN.

Levin meiner massemordarar svært sjeldan er psykotiske, og får støtte av James Alan Fox, som er kriminolog ved Northeastern University i Boston.

– Handlingane er sinnsjuke, men det er ikkje nødvendigvis tilstanden til personen som gjer dei. Dei veit kva dei gjer. Dei høyrer ikkje stemmer i eit tomt rom.

– Dei er galne, men galne (oversatt: mad) i tydinga bitter og ergerleg - ikkje slik me nytter "gal" til å skildra mental tilstand.

Massemordarar ofte narsissistar

Jack Levin meiner ein ikkje berre kan forstå Breivik utifrå ideologi. I så fall blir han eit heilt unikt tilfelle. Men ved å samanlikne han med andre massemordarar passar han mykje meir inn. Eit trekk som går igjen er til dømes kor sjølvoppteken Breivik er.

– Alle bileta, videoen og innhaldet i manifestet - det verker som om alt handlar om han sjølv. Og når ein ser det i samanheng med at han har feila i livet, er dette noko som er vanleg blant massemordarar. Dei prøvar gjennom ugjerningane å ha høve til å føle seg store og viktige.

Levin meiner Breivik har ein sterk trong til å gjere seg berømt, og at dette kan ha vore det verkelege motivet for massedrapa. Det å skape terror blant ei befolkning er berre eit verkemiddel for å oppnå dette.

Barndomsven samd

Peter Svaar

- Det som holder meg våken om nettene nå er at han ikke er et monster, skreiv Peter Svaar.

Foto: Ole Kaland / NRK

NRK-journalist Peter Svaar gjekk i skuleklasse med Breivik, og skreiv måndag eit innlegg på NRK.no om korleis han opplevde massemordaren.

Han er samd med kriminologane i skildringa av Breivik som ein mann som ikkje viser teikn til galskap.

«Anders Behring Breivik er, så vidt jeg kan vurdere det, dessverre ikke sinnssyk. Det hadde gjort alt så mye enklere om han var det. (...) Men ingenting jeg vet om ham fra de årene jeg kjente ham, eller det jeg siden har lest i hans såkalte manifest, peker mot at han er gal eller forstyrret.» skreiv Peter Svaar.

AKTUELT NÅ