Hopp til innhold

Meiner dei aller fleste barn med kroniske sjukdommar kan og bør gå i barnehage og på skule

Norsk barnelegeforeining understrekar at barnehagetilsette ikkje bør halde éin meters avstand til friske barn.

Leiar i Norsk barnelegeforeining Elisabeth Selvaag.

MEINER MANGE KRONISK SJUKE BARN TRYGT KAN GÅ I BARNEHAGEN: Leiar i Norsk barnelegeforeining Elisabeth Selvaag.

Foto: Privat

– Det vil ikkje vere bra viss ein held avstand til små barn. Friske barn i barnehage må få den nærleiken og merksemda dei skal ha, seier leiar i Norsk barnelegeforeining Elisabeth Selvaag.

Barnelegeforeininga har vore på høyringslista for dei nye rettleiarane som skal gjelde for opninga av skule og barnehagar.

Selvaag understrekar at ein ikkje kan forvente av barn at dei skal følgje dei nye reglane til punkt og prikke.

– Det vil alltid komme situasjonar der nokon har gjort noko dei ikkje skal, eller har delt på leikar og den typen ting, seier ho.

Meiner risikogruppene er annleis for barn og vaksne

I samråd med Folkehelseinstituttet har Norsk barnelegeforening laga ei liste over kva barn med kroniske sjukdommar som truleg kan og bør gå i barnehage og på skule.

– Det er mange grupper som kan gå i barnehage og skule, såframt dei ikkje er forkjølte eller noko sånt, seier Selvaag.

Legen understrekar at risikogruppene er annleis for barn og vaksne.

Norsk barnelegeforeining meiner barn med desse underliggande sjukdommane kan gå på skule og i barnehage:

  • Diabetes
  • Vanleg velkontrollert astma.
  • Allergi
  • Epilepsi
  • Barn og unge med hjartefeil som er rimeleg velfungerande og ikkje har hjartesvikt
  • Barn og unge med Downs syndrom
  • Barn og unge med autoimmune sjukdommar – som går på immundempande behandling og har stabil sjukdom
  • Barn som er fødd for tidleg, men som ikkje har betydeleg lungesjukdom

– Det er dei gruppene vi har peika på, som mange nok lurer på, som trygt kan møte opp på barnehage og skule, seier Selvaag.

Meiner fleire framleis bør få tilrettelagt undervisning

Selvaag understrekar at det for fleire grupper barn og unge med større sjukdomsbilde og meir alvorleg sjukdom, framleis vil vere behov for tilrettelagt undervisning.

Norsk barnelegeforeining understrekar at foreldre til barn og unge med alvorlege diagnosar som ikkje er nemnde i listene bør avklare om barnet treng tilrettelagt undervisning med behandlande barnelege.

For barn og unge i desse gruppene bør det framleis bli vurdert om dei bør halde seg heime:

  • Organtransplanterte
  • Beinmergstransplanterte dei siste 12 månadane
  • Barn og unge som er i aktiv kreftbehandling
  • Barn og unge med alvorleg hjartesjukdom
  • Barn og unge med alvorleg lungesjukdom og/eller som har betydeleg redusert lungekapasitet
  • Barn og unge med diagnostisert alvorleg, medfødt sjukdom i immunforsvaret i ustabil fase som gjør dei særleg utsett for alvorlege luftveginfeksjonar
  • Barn og unge på immundempande medisin og aktiv kronisk sjukdom

Meiner rettleiaren får med det viktigaste

Guri Melby lova under ein pressekonferanse på onsdag at det no er trygt å sende borna sine tilbake til barnehagen.

– Rettleiaren som skal bidra til at vi kan opne barnehagar på ein forsvarleg måte og hindre smittespreiing, sa kunnskapsministeren blant anna.

Leiaren i Utdanningsforbundet Steffen Handal vitja Dagsnytt 18 same kveld. Leiaren for forbundet som organiserer 28.000 barnehagelærarar er langt på veg fornøgd med rettleiaren for barnehageopninga.

– Eg synest dei klarar å treffe planken ganske godt her, med at dei får med det viktigaste som er at ein satsar på små og stabile grupper og at forkjølte barn og vaksne ikkje kjem i barnehagen, seier han.

Steffen Handal i Utdanningsforbundet

MEINER RETTLEIINGA FÅR MED DET VIKTIGASTE: Leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal

Foto: GORM KALLESTAD / NTB SCANPIX

Handal understrekar samstundes at medlemmane i forbundet hans helst skulle hatt tydelegare krav om tal på tilsette på jobb og krav om areal i barnehagane.

– Vi skulle helst hatt ei enda klarare arealnorm og strengare reglar om kor mange tilsette som skal vere på jobb per barn, seier han.

Anne Lindboe, administrerande direktør i Private barnehagers landsforbund (PBL) er og fornøgd med rettleiaren styresmaktene i dag kom med.

– Vi synest rettleiaren gjev eit godt utgangspunkt og verktøya vi treng for å opne den tjuande, men det vil sjølvsagt vere nokon utfordringar som vi vil ta undervegs, seier Lindboe.

Sjå Guri Melby (V) diskutere rettleiinga for barnehageopninga med leiarane i Utdanningsforbundet og Private barnehagers landsforbund.

AKTUELT NÅ