NRK Meny
Normal

Medlemsflukt frå kyrkja

Dobbelt så mange melde seg ut av kyrkja i fjor som foregåande år. Striden om homovigsel får skylda.

Får ikke gifte seg i kirken.

På Kyrkjemøtet i 2014 blei nok eit forslag om å la homofile få gifte seg i kyrkja stemt ned. For Anne og Heidi betyr det at dei må gifte seg i Tinghuset, og så få ei velsigning i kyrkja etterpå.

Foto: Privat

– Det var vel kanskje ikkje kjærleik ved første blikk, men nesten, seier Heidi Andersen.

Anne og Heidi skal straks gifte seg i tinghuset, men dei skulle aller helst ha vore i kyrkja.

– Eg kan ikkje vente på kyrkja når eg har lyst til å gifte meg, seier Anne Ødegaard.

– Eg håpte på at det førre kyrkjemøtet skulle få eit anna utfall, men så blei det negativt denne gongen også. Så no berre køyrar vi på, og så håpar vi på at dei som kjem litt seinare kan få sjansen til å gå berre i kyrkja.

Heidi Andersen og Anne Ødegaard

- Vi vil gi vårt ord ovanfor Gud, seier Heidi Andersen og Anne Ødegaard.

Foto: Lena Høyberg

Dobbelt så mange

Vedtaket har òg fått betydning for kyrkja sjølv. I 2014 var det meir enn 11.000 som melde seg ut av Den norske kyrkje, ifølge tal frå SSB. Det er det dobbelte av talet på utmeldingar i 2013, som var 5464.

Ole Inge Bekkelund i Kyrkjerådet er ikkje i tvil om kva som er årsaka:

– I tida etter kyrkjemøtet, då dei behandla ei sak om par av same kjønn skal kunne gifte seg i kyrkja, så såg vi at det var ein mykje høgare utmeldingsstatistikk enn same periode i tidlegare år. Så det er vårt syn at forholdsvis mange fleire melde seg ut i fjor som følge av den saka, seier han.

Ole Inge Bekkelund, Kirkerådet

- Dei ekstra utmeldingane i 2014 påverkar ikkje mengda eller samansetninga av medlem i Kyrkja, seier Ole Inge Bekkelund i Kyrkjerådet.

Foto: Julia Loge

Får få konsekvensar

Sidan 2001 talet på medlemmer i Den norske kyrkje gått ned frå 86 prosent til 74 prosent av befolkninga, men framleis har kyrkja 3,8 millionar medlemmar.

Utmeldingane er dermed bagatellmessige for kyrkja, ifølge Bekkelund.

–Eg trur ikkje at dei utmeldingane vil påverke intensiteten eller engasjementet i denne saka, seier han.

Bekkelund meiner at ein heller bør halde fram som medlem i kyrkja, slik at ein kan stemme ved kyrkjevalet:

–Det er som medlem i kyrkja at ein blir høyrd og kan påverke i dei interne debattane.

Framleis flukt

Det høge talet på utmeldingar held fram i 2015. Så langt i år har 4665 meldt seg ut.

Erik Hox

Erik Hox meiner at dei religiøse må kjempe kampen om lik vigsel for homofile og heterofile.

Foto: Julia Loge

– Ei kyrkje som preikar om nestekjærleik, og så anstrenger seg for å ikkje elske si neste, det provoserte meg og gjorde at eg melde meg ut, rett og slett, seier Erik Hox.

Han er blant dei som har tatt farvel med kyrkja etter Kyrkjemøtet. Han hadde tenkt ei stund å melde seg ut, og det var Kyrkjemøtet som gav han den siste dytten til å gå på kyrkjekontoret.

– Eg møtte to damer som tydelegvis hadde hatt mange innom kontoret sitt, og det verka for meg som om det var noko som hadde skjedd hyppig, skjemaet var lett tilgjengeleg, seier Hox, som hadde venta å i det minste venta å få spørsmål om kvifor han ville melde seg ut.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger