Hopp til innhold

Medisinsk tidsskrift: Krigen i Gaza kan krevje 186.000 menneskeliv

Krigen på Gazastripa kan ende med å krevje langt fleire menneskeliv enn dødstalla som blir rapporterte.

En mann bærer den døde kroppen til en liten gutt bortover en vei i Gaza. Ved siden av dem går en annen mann og holder den døde gutten i foten - han har ikke på seg sko. Gutten har på seg blå joggebukse og blå t-skjorte og har blod flere steder på kroppen. Ansiktet til gutten er bluret ut.

HØGE DØDSTAL: Ein mann ber kroppen til ein liten gut som er drepen i eit luftangrep mot Khan Younis, sør i Gaza, 5. juli 2024.

Foto: Mohammed Salem / Reuters /NTB

Det medisinske tidsskriftet The Lancet publiserte førre veke ein artikkel der tre forskarar ser på talet drepne og døde i krigen i Gaza.

Ifølge dei palestinske helsemyndigheitene er nærare 40.000 personar drepne på Gazastripa sidan 7. oktober.

Sjølv om krigen skulle ta slutt i dag, vil dødstala framover auke. Det er fordi det er mange fleire enn dei direkte drepne som mister livet i krigen på Gazastripa, skriv dei.

Forskarane i The Lancet seier det ikkje er usannsynleg at det reelle talet vil hamne på over 186.000. Det er nesten 10 prosent av befolkninga.

Talet har blitt delt mykje på sosiale medium sidan publiseringa. Forfattarane understrekar at dette er eit anslag.

– Det er ikkje dødsfall til no, som enkelte har rapportert. Det er eit mogleg tal på døde som har skjedd, og som kan skje i framtida, skriv forskaren Martin McKee til NRK.

Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Gaza
38.919
Siste uke:
335
Israel
1487
Sist oppdatert: 21.7.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 287 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

Tel med «indirekte døde»

Artikkelen tek utgangspunkt i tala frå helsestyresmaktene i Gaza, som både WHO og FN stiller seg bak.

Grunnen til at deira utrekning er annleis enn helsestyresmaktene, er at dei også reknar med «indirekte dødsfall».

Det er personar som dør av sjukdom, underernæring, eller mangel på kritisk infrastruktur som konsekvens av konflikten, også i tida framover.

– I konfliktar dei siste åra varierer indirekte dødsfall frå tre til 15 gonger talet på direkte dødsfall, skriv forskarane Rasha Khatib, Martin McKee og Salim Yusuf i rapporten.

Les også Skabb, lus og utslett – hudsjukdommar brer om seg på Gazastripa

ein gut får krem på kroppen av ein lege

NRK har vore i kontakt med forfattarane, som seier dei ikkje vil kommentere saka ytterlegare.

Dei har brukt eit estimat på fire indirekte dødsfall per direkte dødsfall. Dei meiner derfor det endelege dødstalet blir så høgt grunna dei store øydeleggingane.

– Øydelagt infrastruktur, kritisk mangel på mat og vatn, mangel på husly, befolkninga si avgrensa moglegheit til å flykte, og tapet av finansiering til UNRWA.

Israel Palestinians

Ein mann får behandling på eit sjukehus i Khan Younis 9. juli.

Foto: Jehad Alshrafi / AP

Nadav Shoshani, ein talsperson for det israelske forsvaret, seier det ikkje er hald i skuldingane frå forskarane.

– Deira konklusjon må bli avvist på det sterkaste, skriv han på X.

– IDF har overgått krava frå humanitær lov i å minimere skade på sivile i konfliktsona. Dette er konsekvent utelate frå dette brevet.

FN og den internasjonale domstolen (ICJ) har ved fleire høve sagt at den humanitære situasjonen på Gazastripa er katastrofal, og at Israel må ta grep.

Les meir om artikkelen her:

Eit minimum

Erik Fosse, ein av dei norske legane som har arbeida på Gazastripa sidan krigen braut ut, er ikkje overraska over anslaget.

Han har sjølv sett korleis helsestyresmaktene på Gazastripa samlar inn tala som blir rapportert vidare.

– Eg vil tru at 38.000 døde er eit minimum. Mange av helseinstansane har ikkje oversikt.

At det faktiske dødstalet og talet på dei som kjem til å døy av krigen er mykje høgare, tvilar han ikkje på.

Erik Fosse

Erik Fosse er lege i Norwac, og har vore med å rapportere inn dødstal til helsestyresmaktene i Gaza fleire gonger.

Foto: Vegard Unger Ellefsen

– Det er vanleg at dødstala er underrapporterte i krig. Men vi har aldri sett eit samfunn der helseapparatet er så øydelagt og så mange er på flukt:

– Det er viktig å rapportere dødstala, men det er klart at dette er ein liten del av problemet. Tala seier ingenting om kva situasjon folk står i.

– Vi vil ikkje få eit ekte tal

– Det er heile spekteret av helsebehov som ikkje blir møtt i Gaza no. Det vil føre til at enormt mange mister livet. Så dette overraska meg ikkje.

Det seier Lindis Hurum som er generalsekretær i Leger utan Grenser.

Ho åtvarar om å henge seg for mykje opp i tala på drepne på Gazastripa, fordi utan uavhengige journalistar og forskarar vil ein ikkje korrekte tal på lidingane.

– Kven er det som skal telje? Folk er opptekne av å overleve, og sørge. Det finst ingen graver, ingen fungerande sjukehus, eller likhus. Folk ligg under heimane sine.

Lindis Hurum

Lindis Hurum er generalsekretær i Leger Uten Grenser. Ho seier organisasjonen ikkje har fått sloppe inn ein lastebil med naudhjelp dei siste to månadane.

Foto: Francesco Zizola / Francesco Zizola/NOOR

I eit innlegg på Instagram ber ho om at folk skal slutte å telje dei døde på Gazastripa. Ho meiner dette forenklar det som skjer der inne.

– Eit tal blir ofte sett på som fakta. Det er heilt openbert at ingen veit akkurat kor mange som er drepne til no, som følge av krigen:

– Men det er ingen som kan tvile på at det er enormt mange tusen som har, og kjem til å miste livet.

Den dagen det blir våpenkvile, og ein får eit tal på kven som har overlevd, så får ein eit reelt tal på dei drepne i krigen, seier Hurum.

– Ein veit kor mange som var på Gazastripa før krigen byrja. Så det er først når krigen er slutt ein må ein gjere det morbide reknestykket.

Har ikkje sloppe inn naudhjelp på to månadar

Allereie i februar sa Michael Fakhri, FN-rapportøren på retten til mat, at det israelske forsvaret med vilje svelt det palestinske folket.

IDF har ikkje svart på skuldingane.

Ifølgje WPF, World Food Programme, opplever 2.15 millionar menneske i Gaza eit kritisk nivå av matmangel.

Dei rapporterer at 96 prosent av palestinarane der står i akutt matmangel.

En lite barn ser rett inn i kameraet, over skulderen til en kvinne. Den ene armen til barnet henger over skulderen til kvinnen. Barnet er tydelig underernært og svært tynn, med blondt hår gredd til siden og store, mørke øyne.

Eit underernært barn ser inn i kameraet på Nasser-sjukehuset i Khan Younis, sør på Gazastripa, 8. juli 2024.

Foto: Mohammed Salem / Reuters

Behovet for naudhjelp på Gazastripa har heile tida vore stort, også før krigen braut ut i oktober. Hurum i Leger Uten Grenser seier dei ikkje har fått sloppe inn lastebilar dei siste to månadane.

Nødvendig med umiddelbar våpenkvile

The Lancet er eit anerkjent medisinsk tidsskrift. I rapporten skriv forskarane Rasha Khatib, Martin McKee og Salim Yusuf at det er nødvendig med ei umiddelbar våpenkvile.

– Det same er utlevering av medisinar, vatn, reint vatn og anna ein treng for å dekke grunnleggjande menneskelege behov.

Les også Nytt håp om våpenhvile – Mossad-sjef skal forhandle med Hamas

Folk med eiendelene sine foran ruiner

Forskarane skriv også at dei meiner det er nødvendig å dokumentere det faktiske omfanget av dei menneskelege lidingane på Gazastripa.

– Dette er avgjerande for å sikre historisk ansvar. Det er også eit juridisk krav, skriv dei, og peikar på tiltak fremma av Den internasjonale domstolen i januar.

Domstolen kravde at Israel tok umiddelbare grep for å sørge for grunnleggande tenester og humanitær hjelp til befolkninga i Gaza.

Domstolen sa også at det var «ein risiko» for at Israel krenker rettar etter folkemordkonvensjonen.

Les også FN-domstol opnar folkemordsaka mot Israel

AKTUELT NÅ