Hopp til innhold

MDG om bompengestriden: – Dette er ikkje demokrati

– Dette er å snu kappa etter vinden. Det er veldig uansvarleg og eg blir opprørt fordi det er ikkje slik demokratiet vårt skal fungere, seier MDG-talsperson.

Miljøpartiet De Grønne

– Dette er ikkje demokrati, seier Une Bastholm om politikarane som snur i bompengestriden.

Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix

Une Bastholm, nasjonal talsperson i Miljøpartiet dei grøne (MDG), er opprørt over at fleire lokalpolitikarar snur i bompengestriden og meiner at ein ikkje skal ta omsyn til protestane.

– Dette er ikkje demokrati. No er det nokon som er ute og roper veldig høgt, medan undersøkingar viser at til dømes i Oslo og Trondheim ønskjer fleirtalet ein restriksjon av bilane inn til byen. Fleirtalet i Oslo støttar at vi har ein miljø- og tidsdifferensiert bomring, seier Bastholm.

Mange politikarar har fått kalde føter etter den folkelege motstanden mot bompengar. I går stemte politikarane i Arendal nei til bompengar i byen, og over heile landet er bompengeprosjekt lagt på is.

– Dette har gått føre seg i nokre veker og difor skal vi gjere om på vedtak som har hatt månadsvis med behandling gjennom eit politisk demokrati? Eg syns det er veldig rart, seier Bastholm.

Banner mot bompengar i Bergen

I Bergen har det vore fleire demonstrasjonar mot bompengar.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Lokalvalet har skulda

Ho meiner lokalpolitikarane burde gå ut og forklare kvifor ein har vedtatt bomstasjonen i utgangspunktet. Minne folk på at bompengar fører til mindre kø på vegane, finansierer kollektivtransport og gir betre vegtryggleik.

– Det er djupt uansvarleg. Vi står framfor eit lokalval og det er difor dette skjer, seier Bastholm.

Denne veka starta med at samferdselsministeren vil nekte byane å sette opp bompengeprisane.

Skulestreik for klima

Rundt 10.000 elevar streikar 31 stader i Norge fredag.

Foto: Tom Hansen / NTB scanpix

Bastholm peikar på at verda står midt i ein natur- og klimakrise, at ungdom er ute og streikar for eit betre klima. Samtidig vil ho ikkje ha bompengeinnkrevjing for kvar ein pris.

– Vi er imot dei bomstasjonane som finansierer store motorvegar, men vi er veldig for verkemiddel i byane som gjer at vi løyse dei problema vi har no med aukande befolkningsvekst og veldig tronge og forureina byar, seier Bastholm.

Bompengar rammar sosialt skeivt

Ho vedgår at bompengeinnkrevjing går ut over dei som ikkje har like mykje å rutte med. Dei vil ho hjelpe gjennom inntektsskattlegging og sosiale stønadar.

– Det er nokon få av dei som er ute og protesterer som har kome i ein situasjon som er vanskeleg. Det er nokon få i Norge som er så fattig og bur på ein slik måte at dei er avhengig av bil. Dei får det vanskeleg når ein har ein bomstasjon, seier Bastholm.

Men det er ikkje god nok grunn til å bremse bompengeinnkrevjinga, ifølgje Bastholm.

– Det er ikkje miljøpolitikken som skal løyse dei sosiale ulikheitene. Viss det er kriteriet, då set du miljø og klimapolitikken sjakkmatt, meiner Bastholm.

Lade elbil i lyktestolpe

Inntektene frå bomstasjonane søkk i takt med at stadig fleire skaffar seg elbil i byane.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

AKTUELT NÅ