Hopp til innhold

MDG meiner Per Sandberg må gå etter Iran-tur

Etter alt som har kome fram rundt turen Per Sandberg hadde til Iran, meiner Miljøpartiet Dei Grøne at han bør gå av som fiskeriminister. Dei meiner han har sett seg sjølv over rikets sikkerheit.

Une Aina Bastholm er nasjonal talsperson for Miljøpartiet De Grønne

Etter alt som har kome fram i saka rundt Per Sandberg sin tur til Iran, meiner nasjonal talsperson Une Bastholm i MDG at det er på tide at han går av som fiskeriminister.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

Per Sandberg har fått massiv kritikk frå fleire hald etter at han i juli var på ferie i Iran. Han seier turen var ein spontant ferietur, og at han var i landet som privatperson. Men både partifellar, Amnesty og tidlegare etterretningssjefar har vore kritiske til reisa.

Statsminister Erna Solberg har sagt at Per Sandberg braut reglane då han ikkje melde frå om reisa. Både Arbeidarpartiet og KrF har fredag vore sterkt kritiske til handlingane til Sandberg og måten regjeringa har takla dette på. Og no meiner også Miljøpartiet Dei Grøne at Sandberg sjølv bør ta grep.

– No har det kome fram nok i denne saka til at det er naturleg at Per Sandberg sjølv går av. Han har sett seg sjølv over rikets sikkerheit, og det er utilgjeveleg av ein statsråd, seier nasjonal talsperson Une Bastholm til NRK.

Reagerer på gjentakande kontakt med Iran

Per Sandberg var i Iran som fiskeriminister i 2016. Han reiste for å marknadsføre norsk sjømat etter at Noreg heva ei rekke sanksjonar mot Iran. I februar feira Sandberg den iranske nasjonaldagen ved ambassaden til Iran. Og i mars var han tilbake for å feire persisk nyttår same stad.

Bastholm reagerer på den tette kontakten det har vore mellom Iran og Sandberg.

– Han innrømmer fleire feil, hatt kontakt med iranske styresmakter i fleire omgangar. Noko som er uvanleg for ein statsråd, utan å orientere statsministeren.

Ville ikkje svare

Sandberg har sagt seg lei for at han tok med seg jobbmobil til Iran, og ikkje melde frå slik han skulle. Samtidig sa han torsdag at han valde å ikkje varsle Statsministerens kontor av personlege årsaker.

Per Sandberg Mandal

Fiskeriminister Per Sandberg vedgjekk torsdag at han hadde grunnar for ikkje å melde frå til Statsministerens kontor om Iran-ferien. Men overfor pressa ville han ikkje gå inn på kva desse grunnane var.

Foto: NRk

Bastholm synest det er underleg at Sandberg ikkje vil fortelje kvifor han ikkje melde frå om reisa.

– Torsdag endra Sandberg forklaring, og klarte ikkje å svare på spørsmål frå pressa. Dersom det er slik at vurderingane hans ikkje toler å bli sett lys på, bør han heller gå av.

Men MDG vil foreløpig ikkje fremje mistillit mot Sandberg:

– Det ryddige og naturlege no er at Per Sandberg sjølv ber om å få gå av. Så vil eg følgje med på det om skjer, og ta ei løpande vurdering om det er naudsynt når Stortinget opnar i oktober, seier Bastholm.

Under Skalldyrfestivalen i Mandal torsdag, fekk Sandberg spørsmål frå pressa om han vurderte å trekke seg.

– Det er opp til statsministeren å vurdere kven som til ei kvar tid skal vere statsråd. Så registrerer eg at både statsministeren og partileiaren min har full tillit til meg som fiskeriminister, sa Sandberg.

Nærings- og fiskeridepartementet seier fredag at Sandberg ikkje har kommentarar ut over dette.

AKTUELT NÅ