Hopp til innhold

MDG kallar seg uavhengige, men kan vippe ei rekkje kommunar i raudgrøn retning

Miljøpartiet Dei Grøne fossar fram på målingane, og det kan vippe mange kommunar i raudgrøn retning. Sjølv om partiet kallar seg blokkuavhengig, er det nemleg venstresida som tenar mest på at partiet gjer det bra.

Lan Marie Berg og Raymond Johansen

TETT PÅ Ap: MDG samarbeider ofte med Arbeidarpartiet og SV i kommunestyre rundt om i landet.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

– Vi har mykje til felles med Arbeidarpartiet innan lokalpolitiske saker her lokalt, og med Senterpartiet har vi ein god alliert når det gjeld kampen for å styrke jordvernet, seier andrekandidat for MDG i Bjørnafjorden kommune Tina Bøe Buer.

Bjørnafjorden er ein ny storkommune utanfor Bergen med nesten 25 000 innbyggjarar, og det er gamle Os og Fusa som har slått seg saman.

Os har vore skildra som Framstegspartiet sitt utstillingsvindauge sidan Terje Søviknes vart ordførar på slutten av nittitalet.

No får MDG 13,1 prosent oppslutnad på den siste meiningsmålinga, og det er ein av hovudgrunnane til at Søviknes kan bli avsett etter nesten 20 år som ordførar.

– For oss er det heilt uaktuelt å støtte Søviknes og Frp, seier Buer i MDG.

– Høgre vil jo knapt stille opp når det er tale om klima

Og det er ikkje berre i Bjørnafjorden at MDG gjer det bra. I NRK sitt ferske kommunebarometer får partiet 10 prosent oppslutnad. Sterkast er dei i Oslo, der dei får 20,3 prosent på ei ny måling.

Men også i mange andre kommunar rundt om i landet gjer partiet det bra.

Her følger ei liste over dei kommunane der meiningsmålingar i følgje pollofpolls.no syner at MDG kan gjere det best ved kommunevalet på måndag - og kor dei også kan hamne på vippen:

NRK har prata med leiande politikarar for MDG i alle desse kommunane, og alle fortel at det er Arbeidarpartiet, SV eller Senterpartiet det er mest aktuelt å samarbeide med.

Fleire vil gjerne samarbeide med Venstre og, men usemje med dei andre borgarlege partia gjer at ein ender opp med å gå til venstresida.

I fleire av kommunane understrekar MDG at dei er opne for å prate med alle partia, likevel kjem det tydeleg fram at avstanden til Høgre og FrP er større enn til Arbeidarpartiet.

– Høgre vil jo knapt stille opp når det er møte om klima og politikk. Med SV og Senterpartiet samarbeider vi godt om mange saker, seier førstekandidat for MDG i Midt-Telemark, Ingebjørg Nordbø.

– Høgre har ikkje noko truverd på klima og miljø i det heile, seier Barbara Vögele i Tromsø MDG.

– Vi ser mot Arbeidarpartiet, det er uaktuelt å samarbeide med Høgre, på grunn av utspela dei har kome med i valkampen, seier Mona Høgli i MDG i Bergen.

– Mykje gjennomslag

Tendensen er den same, MDG bykser fram, og kan alle desse stadene vere tunga som tippar vektskåla mot venstre.

Tønsberg er ein av veldig få stader i landet der MDG har samarbeida med høgresida, men her ligg ein no an til å skifte til venstresida.

Også i hovudstaden, der det ligg det an til at eit byråd frå venstresida blir attvald for første gong sidan 1971, gir MDG veldig god draghjelp til venstresida.

– Vi får mykje gjennomslag for god grøn politikk som også gjer byen vår betre å bu i. Målingane tyder også på at folk framleis vil ha eit ekte miljøparti i førarsetet, som jobbar for eit billegare og betre kollektivtilbod, seier byrådsleiarkandidat for MDG i Oslo Lan Marie Berg.

Og også i Tromsø og Trondheim ligg MDG an til å sikre attval for eit raudgrønt styre.

MDG flyttar veljarar frå borgarleg side

Johan Giertsen hjå meiningsmålingsnettstaden pollofpolls.no seier at det interessante med dette er at når MDG no går veldig framover, så er det ikkje berre på venstresida dei hentar veljarane sine.

– MDG er eit parti som også flyttar veljarar frå høgresida. På fleire målingar ser vi at MDG tek kolossalt med veljarar frå partiet Venstre, seier Giertsen.

Han er høgremann, og slettes ikkje upartisk, men han er og ein av dei som følgjer svært nøye med på tala som ligg bak norske meiningsmålingar.

Det er ikkje berre ute i kommunane at MDG ser ut til å like seg best til venstre.

Ifølgje nettsida holderdeord.no røystar MDG i Stortinget mest likt med Raudt, SV og Arbeidarpartiet. Dei røystar mest ulikt med Frp, Høgre og Venstre.

Høgre: – dette er uærleg

Stortingsrepresentant for Høgre Stefan Heggelund tykkjer MDG lurer veljarane ved å halde fast på at dei er eit bokkuavhengig parti.

– MDG er ikkje eit blokkuavhengig parti, det er parti som ligg langt ute til venstre i økonomiske spørsmål. I Stortinget røystar dei mest i lag med partiet Raudt, så klimamedvitne veljarar som ikkje vil ha sosialisme bør røyste på noko anna. At dei ikkje er ærlege om kor dei står politisk er uredeleg, og det er eit problem, seier Heggelund.

Stefan Heggelund (Høyre)

UÆRLEG: Stefan Heggelund i Høgre tykkjer det er uærleg av MDG å kalle seg blokkuavhengig.

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

Likevel insisterer nasjonal talsperson Arild Hermstad på at partiet ikkje er på venstresida, men er eit blokkuavhengig alternativ, og trekkjer mellom anna fram at partiet samarbeidar med Høgre i Bodø og Drammen.

– MDG er eit blokkuavhengig parti, og kan samarbeide begge vegar. Vi er det einaste partiet som set klima og miljø først, og det er forhandlingar om desse emna som avgjer kven vi samarbeider med, seier Hermstad.

Kvifor samarbeider de då så ofte med venstresida?

– Det er fordi Høgre og Frp ikkje prioriterer klima og miljø. Høgre har ikkje forstått at klimautfordringa er den største politiske utfordringa i dette hundreåret, og der har faktisk Arbeidarpartiet kome litt lenger.

AKTUELT NÅ