Hopp til innhold

Mattilsynet: – Vanskeleg å avdekke dårleg stell av kjæledyr

Fleire dyrehald enn tidlegare måtte avsluttast i fjor på grunn av alvorlege brot på dyrevelferdslova, viser ein rapport. I nesten halvparten av tilfella dreidde det seg om kjæledyr.

Hund i bur.

I fjor hadde Mattilsynet 36 saker der eigarane måtte avslutte dyrehald med kjæledyr. Hundehaldet på biletet blei avslutta av Mattilsynet i Rogaland i 2017. Mattilsynet er avhengige av bekymringsmeldingar for å avdekke dårleg stell av kjæledyr.

Foto: Mattilsynet

Mattilsynet hadde i alt 83 saker i fjor der dyrehald måtte avviklast fordi eigarane ikkje klarte å ta godt nok vare på dyra sine. Det viser ein rapport om dyrevelferd frå tilsynet. I 36 av desse sakene dreidde det seg om kjæledyr. Det er vanskeleg å oppdage desse sakene. seier seksjonsleiar Torunn Knævelsrud i Mattilsynet.

– Utfordringa med kjæledyr er at dei blir haldne i private heimar. Difor er vi avhengige av bekymringsmeldingar frå folk for å få avdekt dei tilfella der kjæledyr får for dårleg stell.

Ikkje dårlegare dyrehald

Torunn Knævelsrud

Seksjonssjef Torunn Knævelsrud i Mattilsynet trur auken i tvangsavviklingar kan skuldast at dei har teke i bruk kraftigare verkemiddel overfor dyreeigarar.

Foto: Mattilsynet

Men sjølv om det er ein klar auke i talet på dyrehald som no blir avvikla med tvang, har ikkje Mattilsynet haldepunkt for å seie at dyrehaldet har blitt dårlegare.

– Vi trur auken kan skuldast at vi har vore meir bevisste i bruken av strenge verkemiddel overfor dei som har drive dårleg over tid, som no må avvikle.

Så de har byrja å gjere jobben dykkar?

– Ofte kan desse dyrehaldarane vake på ei grense der dei er akkurat innanfor det akseptable. I periodar kan det gå litt betre, før det kanskje går dårlegare igjen. Men tala viser at vi tok i bruk strangare verkemiddel overfor mange i fjor.

Personlege problem

Det er samansette grunnar til at dei som eig dyra må avvikle. I ein del av tilfella har dei ikkje vilje eller evne til å forstå kva dyra treng av mat og stell for å ha det bra.

Ku i naturgjødsel

Dette dyrehaldet med storfe i Buskerud, var eitt av dei som blei tvangsavvikla av Mattilsynet i fjor.

Foto: Mattilsynet

Men i dei meir alvorlege sakene, som ofte blir omtalt som dyretragediar, er det noko som har svikta hos bonden sjølv, seier Knævelsrud.

– Det er noko personleg som ligg bak. Det kan vere økonomiske problem, skilsmisse eller sjukdom som gjer at bonden går inn i ein depresjon. Og så klarer dei ikkje å gå i fjøset for å stelle dyra sine eller be om hjelp.

Alvorleg auke

Per Skorge Norges Bondelag

Generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag seier dei ser alvorleg på funna i Mattilsynet sin rapport om dyrevelferd.

Foto: Norges Bondelag

Generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag seier dei ser alvorleg på tala Mattilsynet presenterer i rapporten om dyrevelferd. Og seier dei tek funna på alvor.

– Jamlege kontrollar hos alle som har dyr, anten det er kjæledyr eller produksjonsdyr, er viktig. Der det blir peika på utbetringar, må det følgast opp.

Han er samtidig oppteken av å understreke at bønder og dyrehaldarar flest har ein høg standard når det kjem til dyrevelferd.

– Vi har relativt små og oversiktlege besetningar. I tillegg har vi eit strengt regelverk, og folk og husdyrorganisasjonar som bryr seg om at dyr skal ha det bra.

Purke med unger

I rapporten skriv Mattilsynet at norske bønder og andre dyreeigarar stort sett har ein høg standard på velferda for dyra sine. Denne purka har ein tørr og god binge for seg og ungane.

Foto: Mattilsynet

AKTUELT NÅ