Hopp til innhold

Mattekarakter avgjer danseframtida

Vil du inn på musikklina, spelar det inga rolle om du er flink til å spela piano, berre du er god i matte.

Márkomeannu 2008
Foto: Sigve Nedredal / NRK

Fylka har ulike reglar for opptak til same program på vidaregåande skule.

Medan elevar i dei fleste fylka kan koma inn på ”Musikk, dans, drama” etter ei prøvespeling, gjeld andre reglar i Østfold, Vest-Agder og Finnmark.

I dag avgjer fylka sjølve om dei halde opptaksprøver for elevar som søkjer seg inn på lina.

Opptaksprøvene sikrar at søkjarar som har ein dårleg karakter i eit fag, likevel kan kome inn om han eller ho er flink til å spela.

Men slik fungerer det ikkje over heile landet.

Berre karakterar i Østfold

Sidsel Sørli og familien bur i Østfold, og der er det altså berre er karakterane som avgjer om elevane kjem inn på ”Musikk, dans, drama” på vidaregåande skule.

- Vi bur i same land og så skal ungdom få ein sjanse i Akershus, medan ungdom i Østfold ikkje får den sjansen, seier ho.

I dag kan fylka sjølve avgjera som dei vil halde prøvespeling for elevane som søkjer seg inn på programmet. Slik sikrar dei at søkjarar som har ein dårleg karakter i eitt fag likevel kan koma inn om ho eller han er flink til å spela.

Magnus var heldig

Ein som fekk ein slik sjanse, er Magnus Kayser ved Firda vidaregåande i Sogn og Fjordane. Han meiner det er synd at reglane ikkje er like for alle.

- Det er jo dumt dersom det berre baserer seg på karakterar og at dei som har veldig stor interesse for musikk og er veldig flinke, ikkje kjem dei inn fordi dei ikkje har gode karakterear, seier Kayser.

Mattekarakteren øydelegg

No fryktar Sidsel Sørlie at ein dårleg mattekarakter skal øydeleggja pianokarriera til dottera hennar, berre fordi dei bur i feil fylke.

- Eg håpar Østfold fylkskommune forandrar reglane, elles må vi rett og slett flytta for at dottera mi skal få den samme sjansen som dei får i andre fylke, seier ho.

Får støtte frå elevorgansasjon

Ho får støtte frå leiar i Elevorganisasjonen, Håvard Vederhus. Han meiner at opptaksreglane skal vera dei same over heile landet.

- Like opptakskrav gir dei samme premissa for å kome inn på studia, uavhengig av kva fylke du er elev i, seier han.

Inger-Christin Torp er leiar i opplæringskomiteen i Østfold. Ho forsvarer avgjerda til fylkeskommunen, men opnar for at komiteen kan sjå på reglane.

AKTUELT NÅ