Hopp til innhold

Måtte ta «IQ-test» for butikkjobb

For å få deltidsjobb som selgar i sportsbutikken, måtte Petter Tandberg svare på matteoppgåver og logikktestar. No må jobbsøkarar vere forberedt på å bli testa i alle yrker, meiner ekspertane.

For å få deltidsjobb som selgar i sportsbutikken måtte Petter Tandstad svare på matteoppgåver og logikktestar. No må jobbsøkarar vere forberedt på å bli testa i alle yrker meiner ekspertane.

STRESSA: Varehussjefen blei lettare overraska då NRK ba han ta testen sjølv.

– Eg blei jo ganske stressa, det er utfordrande oppgåver. Samtidig trur eg du taper hvis du stressar for mykje, så det gjeld å roe heilt ned, seier Petter Tandberg.

For nokre månader sidan søkte han på ei deltidsstilling for å selge ski og sykkel hos G-MAX. For å få kome til jobbintervju måtte han først svare på ein 40 minuttar lang test, som har fleire likhetstrekk med ein IQ-test.

Testen er delt inn i fire delar. To av delane inneheld matematiske formlar og geometriske figurar som skal teste logisk tankeevne. Oppgåvene må løysast innan seks til åtte minutt.

Etter at artikkelen vart publisert har eigaren av testen, Cut-E, ønska å gjere ein del av testen tilgjengeleg for publikum. Her kan du ta testen som måler deduktiv logisk tankegang.

Testar evne og personlegheit

Norske arbeidsgjevarar har trykt slike testar til brystet, ifølge fleire ekspertar på arbeidsliv.

– Det flyt over av slike testar på markedet, men langt frå alle er seriøse. Det er og mange arbeidsgjevarar som ikkje er så varsomme med bruken som dei burde være, seier Helene Tronstad Moe, førsteamanuensis ved Markedshøyskolen.

Jobbintervju har vist seg å være eit dårleg mål på gode arbeidsevner seier Moe. Difor kan evnetestar gje eit betre utgangspunkt for å finne riktig kandidat. Men, testoppgåvene må være relevante for arbeidsoppgåvene jobbsøkaren skal gjere meiner Moe.

– Ein test som svarar på intelligens vil kunne seie noko om kor effektiv ein person blir i kassa på ein matbutikk. Men det er ikkje sikkert det er riktig å bruke slike testar for ein kassajobb, seier Moe.

Sjå sjefen ta testen

Det er ikkje testen som avgjer om søkaren får jobben, prøveresultatet er berre eit av fleire moment som blir vurdert. Ein enkelt deltidsstilling på G-MAX Storo har fått rundt 200 søkarar. Testen gjer det enklare å plukke ut dei seriøse kandidatane, som går vidare til jobbintervju.

– Det er i hovudsak testresultata vi brukar til det, seier Hagen.

Så dei må svare godt på oppgåvene for å kome til jobbintervju?

– Ja, seier Hagen.

– Men er det relevant med matematiske formlar for å selge ski og sykkel?

– Eg meiner ein må ha ei grunnleggande forståing for tal og matematikk for å jobbe i butikk.

Hagen har ikkje tatt testen sjølv, og blir lettare overraska når NRK ber han gjere det på sparket. Han rakk ikkje gjere alle oppgåvene ferdig innan tida, og får ikkje vete kor godt han gjorde det sjølv.

Mindre diskriminering

Gresvig eig G-MAX og G-sport og starta med desse testane i mai.

– Vi såg eit behov for å gjere søknadsprosessen meir profesjonell. Vi ville og at alle som søker hos oss skal bli vurdert på ein rettferdig måte. Desse testane diskriminerer ikkje på alder, kjønn eller noko anna, seier rekrutteringssjef Anne-Katrine Gudbransen i Gresvig.

– Er dette ein IQ-test?

– Nei, vi kan ikkje teste IQ. Dette testar ferdigheiter vi meiner er nødvendige. Det er heller ikkje sånn at ein må være medlem av Mensa for å få jobb hos oss, sjølv om Mensa-medlem og er velkomne.

Offentleggjer deler av testen for NRK

Selskapet som har utvikla testen, cut-e, vil no gjere ein av dei fire delane tilgjengeleg slik at dei som ynskjer det kan sjå korleis testen fungerar i praksis.

– Sidan arbeidspsykologiske testar blir meir utbredt syns vi det er fint om folk kan få sjå eit reelt døme på korleis testen er. Det er med på å avmystifisere kva dette handlar om, sier Lasse Hønsen i cut-e.

Den delen av testen dei no vil offentleggjere skal teste deduktiv logisk tenkeevne. NRK har tidlegare publisert fem av oppgåvene frå denne testen i ein svært forenkla versjon. Den verkelege testen, som cut-e no frigjer, har ei tidsgrense på seks minutt. Deltakarar får hjelpemiddel til å løyse oppgåvene og eit prøveresultat til slutt.

– Det er ei utbredt mistforståing at testen handlar om å plukke ut den kandidaten som har høgast evnenivå og gje denne kandidaten jobben. Evnenivå er noko ein aldri brukar åleine. Det blir brukt som ein del av den totale vurderinga, saman med slikt som CV, søknad, intervju og referanser, seier Hønsen.

Ta testen her.

AKTUELT NÅ