Veronica Andreassen var sambuar med Ole Nicolai Kvisler då Benjamin Hermansen (15) blei drepen på Holmlia 26. januar 2001.
Ho sonar fengselsstraff for å ha vore innblanda i drapet på Hermansen.
Press
- Først vil eg seie at eg trekkjer alle mine tidlegare forklaringar fordi dei var avlagde under press, sa Andreassen då ho skulle starte vitneforklaringa si i dag.
Ho gjorde det også klart at ho nekta å forklare seg vidare i saka.
Ho hevda at ho ikkje var gjort merksam på at ho kunne ha nekta å forklare seg til politiet då ho blei pågripen saman med Kvisler i januar 2001.
Forsvararen til Joe Erling Jahr, Tor Erling Staff, gav uttrykk for at retten ikkje skulle ta omsyn til ønsket om ikkje å forklare seg.
Ole Nicolai Kvislers forsvarer, Tor Martin Kindem, hadde motsett oppfatning, og meinte at ho ikkje hadde forklaringsplikt.
Inga plikt
Andreassen var tiltalt då Holmlia-saka var oppe i Oslo tingrett i januar, og hadde derfor inga plikt til å forklare seg på ein måte som kunne skade hennar eige forsvar.
Forholdet hennar til Kvisler skal ha teke slutt då dei sat i varetekt og venta på at saka skulle kome opp i tingretten.
Når ho no er innkalla som vitne i straffesaka mot Kvisler og Joe Erling Jahr (21), har ho derfor plikt til å forklare seg sannferdig overfor lagmannsretten.
Lagmann Jan Martin Flod bad Andreassen om å grunngje kvifor ho nekta å forklare seg før retten trekte seg tilbake for å vurdere kravet.
Gjekk med på utspørjing
Lagmannsretten kom etter kort tid fram til at ho ikkje kan nekte å forklare seg.
Retten kom til at det korte sambuarskapet hennar med Kvisler ikkje var av slik karakter at ho skulle sleppe.
Lagmannen opplyste at Andreassen kunne påkjære rettsavgjerda til Kjæremålsutvalet i Høgsterett, men ho gjekk med på å la seg utspørje.
Aktor Berit Sagfossen starta straks med å stille vitnet spørsmål.
Men etter berre ein halv time tok retten pause etter at Andreassen hadde kome med fleire utbrot.
Då rettsforhandlingene starta igjen, heldt aktor fram med å spørje om ho hadde loge til politiet under avhøyr.
Sagfossen peikte på den store skilnaden i vitneforklaringa og det ho tidlegare har forklart til politiet.
- Grei avtale
Andreassen sa at ho tykte avtalen om at Joe Erling Jahr skulle ta på seg skulda for drapet på Benjamin Hermansen var grei og rettferdig.
- Eg tykte avtalen var ganske grei, rettferdig, med tanke på kva som hadde skjedd den natta.
Dersom vi blei tekne, skulle vi (Andreassen og Ole Nicolai Kvisler) vente i to veker med å fortelje kva som hadde hendt. Slik at Jahr skulle kome seg ut av landet, forklarte Andreassen.
Ho blei kraftig pressa av forsvararane til Joe Erling Jahr då ho blei utspurd av dei i ettermiddag.
- Kven drap Benjamin Hermansen etter dei observasjonar du gjorde? spurte Trygve Staff då han starta si utspørjing.
- Joe Erling Jahr, svarte Veronica