Hopp til innhold

Umogleg å lese av testresultat om du er blind

Bruken av sjølvtestar vil auke no som karantene er erstatta med dagleg testing, men for blinde er sjølvtestane tilnærma ubrukelege.

UAKTUELT: Ole Jonas Storli er blind og demonstrerer kvifor det er tilnærma umogleg for han å utføre ein sjølvtest utan hjelp frå andre.

Frå og med 26. januar slepp du karantene om du i staden testar deg i fem døgn etter nærkontakt med medlem av husstanden eller tilsvarande.

I tillegg reknar myndigheitene med at smitten vil auke kraftig framover.

Helseminister Ingvild Kjerkol har varsla om nye lettingar neste veke.

Derfor vil bruken av sjølvtestar auke markant framover.

Helsedirektoratet har kjøpt inn nærare 50 millionar sjølvtestar som skal ut dei neste seks til sju vekene.

Men for Ole Jonas Storli, som er blind, er sjølvtestane tilnærma ubrukelege. Testane er ikkje universelt utforma.

Ein blind mann prøver å utføre ein sjølvtest for covid-19. På biletet prøver han å dyppe testpinnen i testvæska.

SJØLVTEST: For Ole Jonas Storli er det umogleg å utføre ein sjølvtest på eigehand.

Foto: Morten Andersen / NRK

Storli har verken moglegheit til å sjå kor mange dropar han dryp på testpinnen, eller lese av resultatet av sjølve testen. Brukarrettleiinga er heller ikkje skriven med punktskrift.

– Det er ikkje slik det skal vera. Det burde vera slik at eg kunne ha utført det sjølv.

Meiner kommunane må stille opp

I Noreg er omtrent 9300 personar blinde, medan rett over 3 prosent lev med moderate eller alvorlege synshemmingar, ifølge tal frå 2019.

Generalsekretær i Blindeforbundet Per Inge Bjerknes, skulle ønska at det eksisterte testar som var moglege for blinde å bruka.

– Så lenge det ikkje er slik, må kommunane stilla opp med hjelp slik at folk får testa seg og sørge for at den hjelpa er lett tilgjengeleg.

Per Inge Bjerknes, Blindeforbundet

BLINDEFORBUNDET: Generalsekretær Per Inge Bjerknes i Blindeforbundet.

Foto: Blindeforbundet

I tillegg meiner Bjerknes at kommunane må bli flinkare til å informera om hjelpetilboda sine.

– For grupper som ikkje klarer å ta sjølvtesten sjølv, må det vere eit alternativ for det i kommunen, seier avdelingsdirektør i FHI Line Vold.

Ho er ikkje kjent med at det eksisterer sjølvtestar som er universelt utforma.

Ikkje på markanden

Det er Sykehusinnkjøp HF som har fått i oppdrag frå Helsedirektoratet å skaffe sjølvtestane som no blir distribuert rundt i landet.

Helsedirektoratet har sett krav til at testane skal vere CE-merka og brukarvennlege.

På spørsmål om dei har sett krav til at testane skal vere universelt utforma, svarer assisterande direktør Espen Rostrup Nakstad at dei ikkje har fått tilbod om testar som personar med synshemmingar kan bruka på eigehand.

– Blinde treng assistanse for å gjennomføra ein test, enten av husstandsmedlem eller andre, seier Nakstad.

Avhengig av hjelp frå vener

Tidlegare under pandemien har Storli fått fortløpande hjelp frå eit ambulerande team i kommunen til å gjennomføra ein sjølvtest.

I seinare tid har han måtta få hjelp av vener, fordi køen i kommunen har vore lang.

Den eine gongen fekk han beskjed om å vente i fire-fem dagar. Gongen etter ringde han kommunen i to dagar, utan å kome gjennom telefonkøen.

Storli forstår at det er mykje press på helsetenesta om dagen, og meiner dei gjer så godt dei kan.

Ein ny rapport frå Helsedirektoratet viser at ein av to kommunar slit med tilgang på helsepersonell.

– Eg synast berre det er feil at eg skal sitta å venta fordi eg ikkje ser.

Ventetid på to dagar

Trondheim kommune vedkjenn av det i periodar med stor pågang kan vere lang ventetid for dei som treng assistanse for å få gjennomført ein koronatest.

Fungerande dagleg leiar ved Leütenhaven teststasjon i Trondheim Tone Beate Svee fortel at dei har henta inn igjen ventetida no.

I periodar med normalt trykk vil folk få hjelp same dag eller dagen etter. No er ventetida omtrent to dagar for heimetestar.

Avdelingsdirektør Vold i FHI ser utfordringa i kommunane.

– Det er eit mykje større trykk på kommunane no enn tidlegare, så eg ser at dette kan vere ei utfordring for dei som treng hjelp.

Venene til Storli har ikkje uttrykka at det er eit problem å hjelpa han.

Sjølv meiner han at det er feil at han skal måtta bruka venene sine når andre kan bestemma sjølv.

– Og viss eg er smitta, så har eg kanskje smitta dei også.

Han påpeiker at han er heldig som har vener rundt seg.

– Det er mange som ikkje har eit nettverk, som blir sittande heime og venta.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger