NRK Meny
Normal

Naturvernforbundet om rundreisekvota: – Klimagalskap sett i system

Norsk kjøtt og mjølk reiser tusenvis av kilometer for å sleppe toll. Klimautsleppa følgjer med heile vegen.

Klimafiendtlig matproduksjon

Nrk har undersøkt klimautsleppa. Sjå på dei ulike produkta lenger ned i artikkelen.

Foto: Tom Halsør NRK

For å sleppe toll på produksjon av mat i utlandet, brukar store internasjonale matprodusentar den spesiallaga og tollfrie kvota «utanlands bearbeiding».

Bruken av kvota er heilt lovleg og velsigna av Statens Landbruksforvaltning.

BAKGRUNN: Slik reiser maten tur retur Norge for å slippe toll

For å bruke kvota må matprodusentane sende norsk kjøt og mjølk til land som Tyskland, Danmark og Irland – og tilbake til Norge. Fleire hundre kilometer på veg og transportetappar med båt, er tilbakelagde før maten når butikkhylla.

– Systematisk klimagalskap

Naturvernforbundets leiar, Lars Haltbrekken, kallar ordninga klimagalskap sett i system.

– Det er jo heilt meiningslaust å sende norsk mjølk til Tyskland for å produsere ost der, som så går tilbake til Norge. Det seier seg sjølv at den osten du då har på brødet eller knekkebrødet har reist fleire tusen kilometer heilt unødvendig. Men til skade for klimaet, seier han.

NRK har vore i kontakt med både Transportøkonomisk institutt og miljøorganisasjonen Zero som begge viste oss vidare til Posten Norge A/S og deira klimakalkulator.

Ved å rekne ut CO2-utslepp per transportetappe (t/r Norge) for ulike produkt, er det mogleg å seie noko om kor mykje den tollfrie kvota belastar jordkloden.

Men utrekningane er ikkje heilt nøyaktige og tek mellom anna ikkje omsyn til at transportar kan skje med ulike typar trailerar eller utslepp knytt til nedkjøling av råvarene.

ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER ILLUSTRASJONEN

Laster innhold, vennligst vent..

Tenkte aldri på klimautslepp

Nils T. Bjørke i Bondelaget er einig i at ordninga ikkje er særleg klimavenleg.

- Den bidreg i alle fall ikkje i rett retning. Det er difor eg seier at det er så viktig å ha produksjon og foredling lokalt. Og at mest mulig kortreist mat, direkte til forbrukaren, er den beste måten å gjere det på.

Statens Landbruksforvaltning seier rett ut at klima ikkje var eit omsyn som vart vurdert då ordninga vart innført.

– Co2-rekneskapen har ikkje vore ein del av vurderinga knytta til utforminga av denne ordninga, seier administrerande direktør Jørn Rolfsen i Statens Landbruksforvaltning.

Slit med grønt image

Verksemdene som brukar den tollfrie kvota har også eit klima-image å passe på. Kraft Foods (Mondelez) er med i europeiske "Grønt Punkt" som først og fremst forpliktar verksemda til å jobbe aktivt for gjenbruk og retur av emballasje.

– Vi gjer vårt ytterste for å ha ein grønn profil i det vi gjer. Men vi ser jo at i forhold til «utenlands bearbeiding», harmonerer ikkje dette ideelt, seier kommunikasjonssjef Celin Huseby for Mondelez Norden.

På den danske fabrikken der Tulip lagar dansk salami på norsk kjøt, uttrykkjer kommunikasjonssjefen seg heilt tydeleg om klimautsleppa som følgjer av kvoteordninga:

– Det er jo ikkje spesielt fornuftig når ein tenkjer på klima. Det er klart ein forureinar meir når ein må køyre varer lenger enn det som er nødvendig. Spesielt i desse tider der det er stort fokus på å minske Co2-utsleppa, så er det sjølvsagt ikkje fornuftig, vedgår kommunikasjonssjef Rune Jungberg Pedersen hos Tulip.

Han legg til at dei prøver å fylle opp bilane for å redusere utsleppa av Co2 per pakke salami.



Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger