NRK Meny
Normal

Desse matvarene aukar mest i pris

Maten er blitt billegare igjen etter eit kraftig prishopp i sommar. Me må likevel betala meir for maten no enn for eitt år sidan.

Coop-butikk.

Prisen på mat i norske butikkar er sett ned i takt med at sommarkosen er over og kvardagsfornuften slår inn. Maten har likevel fått ein stivare prislapp i løpet av det siste året.

Foto: Erlend Aas, Aas, Erlend / Scanpix

Ikkje sidan 1982 hadde matprisane i Noreg stige like mykje frå ein månad til ein annan som frå juni til juli denne sommaren.

I august blei maten billegare igjen, syner ein dagsfersk statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Prisar opp maten om sommaren

Månadlege svingingar i matvareprisane 1999-2014

Grafen viser korleis matvareprisane har endra seg frå månad til månad frå og med august 1999 til og med juli 2014. Prisauke om sommaren er eit klart mønster.

Foto: Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forsking / NILF

Matprisane i butikkane blei reduserte med 1,3 prosent frå juli til august. Størst nedgang var det for friske grønsaker og pasta.

At maten i butikkane får hyggelegare prisar på tampen av sommaren er ikkje uvanleg.

Når sommaren er over og det er slutt på feriepengane, blir folk meir opptekne av ein fornuftig pengebruk og daglegvarekjedene køyrer i gang nye tilbodskampanjar.

– Historikken viser at det er vanleg med ei nedjustering av matvareprisane i august. Det er eit mønster me har sett i fleire år no – eit hopp i juli og ei korrigering ned att etter sommaren, seier forskar ved Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) Ivar Pettersen til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

I matbutikken

- Pris-medvitne kundar og konkurransepolitikk er dei aller beste verkemidla om ein vil gjera noko med prisane på sikt, seier forskar ved Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) Ivar Pettersen.

Foto: Colourbox.com

Prishoppet på 3,2 prosent i sommar kom så overraskande på landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) at ho kalla daglegvarebransjen inn på teppet.

Ifølgje Pettersen er det lite sannsynleg at Listhaug sine møte med daglegvarebransjen har medverka til det nylege prisfallet på norsk mat.

– I dag er det ein stor vilje blant forbrukarane til å betala for kvalitet. Pris-medvitne kundar og konkurransepolitikk er dei aller beste verkemidla om ein vil gjera noko med prisane på sikt og er uroa for at det blir for mykje marknadsmakt, seier Pettersen.

Dyrare og dyrare

Sjølv om maten blei billegare i august samanlikna med månaden før, har maten vår likevel blitt dyrare i løpet av dei siste tolv månadene, viser SSB sine tal (sjå tabell under).

Det er prisane på kaffi, te, fisk, frukt og grønsaker som stig mest. Kjøtt og Brød er produkta som stig minst, ifølgje SSB.

Også i åra som kjem ventar NILF at forbrukarane må betala meir for matfatet sitt.

– Kostnadsveksten i industrien kjem til å fortsetja. Me har høgare lønsvekst enn i nabolanda våre, dermed vil industrien framleis slita med å effektivisera så mykje at dei rasjonaliserer vekk denne kostnadsauken. Handelsnæringa kjem til å velta ein større del av kostnadene over på forbrukaren, forklarar forskaren Pettersen.

Ei gjennomsnittleg norsk hushaldning brukar i underkant av 12 prosent av inntekta si på mat, ifølgje SSB.

Prisendring for diverse matvarer 2013-2014

Matvare 

Endring i prosent

Kaffi, te, kakao

 4,5

Fisk

 4,3

Frukt

4,3

Grønsaker

4,3

Olje og feitt

3,6

Mjølk, ost, egg

3,1

Mineralvatn, juice

3,1

Andre matvarer

2,1

Brød og kornprodukt

1,9

Sukker, syltetøy, sjokolade m.m.

1,9

Kjøtt

1,8

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger