Hopp til innhold

Matapours forsvarar: PST hadde nok informasjon til å hindre åtaket

Terrorsikta Zaniar Matapour sin forsvarar er lite interessert i evalueringsrapporten av åtaket under pride i fjor og kallar han «ei intern politievaluering».

Siktede Zaniar Matapour.

Politiet sine overvakingsbilete av Zaniar Matapour i tida før åtaket.

Foto: POLITIET

Torsdag blir rapporten etter Oslo-terroren lagt fram av evalueringsutvalet.

NRK har alt avslørt at i rapporten kjem det fram at åtaket moglegvis kunne vore hindra, dersom PST hadde handtert informasjonen frå E-tenesta annleis.

– Det er med avgrensa interesse eg ser fram til det eg oppfattar som ei intern politievaluering. Eg trur utvalet sine medlemmar står alt for nærme politiet til å gjere ei skikkeleg vurdering av det. Dessutan veit vi det vi treng: PST hadde all tilgjengeleg informasjon til å avverje det, likevel gjorde dei ingenting.

Det seier Marius Dietrichson, som representerer terrorsikta Zaniar Matapour.

 Forsvarer Marius Dietrichson

Forsvarar Marius Dietrichson kallar rapporten for ei «intern politievaluering».

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Klienten sit i politiet si varetekt, men har framleis ikkje blitt avhøyrt av politiet etter masseskytinga som kosta to menneskeliv. Over tjue blei skada.

Tidlegare blei det kjent at ein agent frå E-tenesta chatta med ein norsk islamist om eit mogleg åtak på Noreg. Informasjonen skal ha blitt delt med PST, som likevel ikkje varsla Oslo-politiet.

– Dessutan er det slik at utvalet har fått beskjed av departementet om å ikkje gå inn i kva Forsvarets etterretningsteneste har stelt i stand. Om ein ikkje kan sjå på kva styresmaktene totalt sett har gjort, så gir evalueringa heller inga meining.

Utvalet som legg fram rapporten torsdag, skal berre sjå på informasjonsdeling og samhandling mellom politiet, PST og helsevesenet i forkant av hendinga. E-tenesta er ikkje ein del av evalueringa, noko fleire stortingspolitikarar har reagert på.

Justisdepartementet har tidlegare sagt at dei har fått ei skriftleg utgreiing frå E-tenesta om saka, og at ho er tilgjengeleg for utvalet.

NRK har vore i kontakt med PST som ikkje vil kommentere saka før rapporten er lagt fram.

Krev handling

Dan Bjørke, leiar for Oslo pride, seier det skeive miljøet har store forventingar til evalueringa. Informasjonen PST sat på i forkant meiner han er kjernen i rapporten.

– Kva visste politiet og sikkerheitsmyndigheitene i forkant, og kva gjorde dei med informasjonen frå og samhandlinga mellom E-tenesta, PST og politiet. Det er heilt utruleg at PST ikkje har informert Oslo-politiet om det.

Leder i Oslo Pride, Dan Bjørke, i Regnbuegata i Oslo

HEKTISK: Dan Bjørke er i innspurten med å førebu årets pride-festival i Oslo. Han trur innhaldet i evalueringsrapporten kjem til å prege mange i det skeive miljøet.

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

Korleis vil rapporten prege det skeive miljøet?

– Eg trur mange vil igjen kjenne på uro og sinne. Det er heilt klart mange som kjem til å kjenne på urettferd.

Bjørke seier også at dei har forventingar om at rapporten skal føre til fleire tiltak.

– Styresmaktene har sagt at dei ikkje kan gjer fleire tiltak fordi dei ventar på rapporten. Då rapporten kjem trur eg det er ei sterk forventing til at styresmaktene byrjar å handle.

Christian Lundin, bistandsadvokat for 130 fornærma etter oslo-terroren, seier at klientane ser fram til rapporten og at dei er opptekne av om det blei gjort nok undersøkingar i forkant av hendinga.

– Dei lurer på om ein kunne unngått hendinga med den kommunikasjonen som har vore mellom dei ulike instansane.

Advokat Christian Lundin

Christian Lundin, bistandsadvokat for 130 fornærma etter oslo-terroren, seier at klientane ser fram til rapporten.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Andre spørsmål dei vil ha svar på i evalueringa er om sjølve aksjonen til politiet rett etter skytinga.

– Nokre er opptekne av det. Kvifor kom ein ikkje raskare til staden, kvifor var ein ikkje der, og dei som eventuelt var der, kvifor grep dei ikkje inn? Det er spørsmål mange har, som dei håper å få svar på, seier Lundin.

AKTUELT NÅ