Hopp til innhold

- Han må leve eit liv i evig flukt

Marcus Rolandsen i Martine-stiftinga seier at Farouk Abdulhak må leve eit liv i evig flukt om jemenittiske styresmakter ikkje går med på ei rettssak i Storbritannia.

Marcus Rolandsen, styreleder i Stiftelsen Martines minnefond for rettferdighet

HELD FRAM KAMPEN: Marcus Rolandsen i Martine-stiftinga tek ikkje omsyn til utsegna frå Jemen sin ambassadør.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Marcus Rolandsen, leiar av stiftinga Martines minnefond for rettferd, seier det er uaktuelt for stiftinga og familien å gå med på ei rettssak i Jemen.

Dette trass i at Jemen sin ambassadør til Noreg i dag sa at Farouk Abdulhak aldri kjem til å bli utlevert frå landet.

Stiftinga held fram kampen om å få starta ei rettssak i Storbritannia.

Stolar ikkje på jemenittisk rettsvesen

– Me ønskjer først og fremst å nytte rettssystemet i det landet den kriminelle handlinga fann stad. Det er i tråd med ønska til dei etterlatne.

– Me meiner at britisk rettsvesen syt for at dei mistenkte vil bli sikra rettferd. Me har ikkje grunn til å tru at dei jemenittiske styresmaktene vil setje i verk ei rettferdig rettssak, seier Marcus Rolandsen til NRK.no.

Ambassadøren i Jemen seier dei vil ta omsyn til familien til Martine sine ønskjer om at det ikkje blir utført dødsstraff. Rolandsen vil ikkje kommentere om dette har noko å seie for familien.

– Fryktar de at Farouk Abdulhak aldri kjem til å svare for sine handlingar?

– Me har all grunn til å tru at Farouk vil bli stilt til ansvar for sine gjerningar, og me håpar det vil bli gjort på ein fredeleg måte, seier Rolandsen som understrekar at ei rettssak i Storbritannia framleis er primærmålet for stiftinga og familien.

Eit liv som flyktning

– Det er viktig å understreke at drap ikkje kan bli forelda i Storbritannia, og difor kan det praktisk tala gjere han til flyktning for resten av livet.

– Ei manglande avtale om frivillig utlevering vil føre til at han blir dømd til eit liv i evig flukt, seier Marcus Rolandsen.

Farouk Abdulhak er rekna som ein av dei mest ettersøkte kriminelle av Scotland Yard. Han er også etterlyst via Interpol.

Martine Vik Magnussen (23) frå Nesøya i Asker vart drepen natt til 14. mars 2008 i London.

Britisk politi har sikta medstudenten Farouk Abdulhak, som rømde til heimlandet same dag, for valdtekt og drap.

Montasje: Martine Vik Magnusse og Farouk Abdulhak

Farouk Abdulhak drap Martine Vik Magnussen i London i 2008.

Foto: Scanpix

AKTUELT NÅ