Politiadvokat Nora Beck ved Enhet Sentrum i Oslo politidistrikt opplyser til NRK at siktinga i helga gjeld både kroppskrenking og skadeverk.
Samstundes opplyser ho at dei må komme tilbake til oss med ytterlegare uttale.
Det er ikkje snakk om ei utviding av siktinga, opplyser politiet.
Politiet stadfester onsdag føremiddag at det er Høiby som er sikta i saka. Dei seier at det var ein relasjon mellom den sikta og fornærma.
Fornærma skal ha blitt varetatt av helse, men politiet veit ikkje om det er snakk om alvorlege skader.
NRK har vore i kontakt med Høibys forsvarar Øyvind Bratlien som seier han ikkje kjem til å komme med ei uttale no.
– I dag er eg opptatt av å ta vare på og vareta klienten min. Det er min prioritet no. Det er også viktig for oss å vise omsyn og respektere den andre parten skriv Bratlien i ein SMS.
Han seier at verken Høiby eller han sjølv er kjent med heile innhaldet i saka, og at Høiby heller ikkje har forklart seg til politiet.
– Ei alvorleg sak
Kronprins Haakon er i Paris i høve OL. Onsdag ettermiddag trefte han pressa.
– Det er ei alvorleg sak når politiet er involverte. Samstundes er det ikkje riktig å gå inn i detaljar.
– Dette pregar meg også, men eg er her for å heie på laget vårt i OL. Det er fantastiske prestasjonar som blir lagt ned her.
Han seier det er ikkje er sikkert om kronprinsessa kjem seg til Paris. Ho skulle etter planen vere på plass på tysdag.
– Som i alle andre familiar så er det viktig å vere der. Så avgjerda vi tok var at denne gongen var det ho som skulle vere heime.
Sikta for kroppskrenking
Det var i helga at Marius Borg Høiby (27) blei pågripen og sikta for kroppskrenking.
Det stadfesta Høibys forsvarar Øyvind Bratlien til NRK tysdag.
– Han er sikta for kroppskrenking som etter lova er den minst alvorlege forma for vald, sa advokat Øyvind Bratlien til NRK då.
Heller ikkje kongehuset ville seie noko som saka, og viste til Bratlien.
Kronprinsesse Mette-Marit skulle etter planen vore i Paris under OL tysdag. Den turen blei utsett, men kongehuset seier at kronprinsessa ønsker å vere på plass seinare.
PST blei også varsla om hendinga søndag.
Tips NRKs krimgruppe:
Har du informasjon om saken eller andre krimsaker? Du kan tipse anonymt via NRKs krypterte varslertjeneste.