Hopp til innhold

Even (35) har jobba gratis i fem månadar for å få Noreg til å brøle for klimaet

Mannen bak Klimabrølet vil gjere kommunevalet til eit klimaval. Men han får kritikk frå Frp for å la det vere opp til politikarar og fagfolk å finne løysingane på klimaproblema.

Even Nord Rydningen

Sidan april har Even Nord Rydningen brølt meir eller mindre åleine framfor Stortinget, og sendt det direkte på sosiale medium.

Foto: Kambiz Zakaria / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg har levd på «dumpster diving» i det siste. Det held hardt, men vi har akkurat det vi treng for å gjere dette, seier Even Nord Rydningen (35).

I april tok han ulønt permisjon frå jobben i som seniorrådgjevar i asylavdelinga i Utlendingsdirektoratet. Sidan har han brølt for klimaet framfor Stortinget nesten dagleg.

Even Nord Rydningen brøler

Even Nord Rydningen brøler for å få politikarane til å bli samde om å senke klimautsleppa i Noreg.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Kvar arbeidsdag klokka 12.00, seier han.

Rydningen har jobba frivillig i månadsvis for å få fleire til å gjere det same.

Etter kvart balla det såpass på seg at han fekk med seg 70 organisasjonar i Klimavalgalliansen på å jobbe for å 100.000 personar til brøle for klimaet i Oslo og tusenvis i andre byar. Markeringa er partipolitisk uavhengig.

– Vi ser at trussamfunn, fagforbund, store bedrifter, Idretts-Noreg og Kultur-Noreg mobiliserer og dreg med seg sine. Vi samlast om den desidert viktigaste saka i vår tid, seier Rydningen.

Samling for klimaet

Og dette er bodskapen:

– No er det nok. No må politikarane prioritere klimasaka, seier han, og held fram:

– Vi ønsker at våre folkevalde samlar seg no og finn løysingar på vegner av nasjonen og oss alle. Vi ønsker ein inkluderande og modig politikk som gjer at vi når målet i Parisavtalen om å avgrense global oppheting til eit minimum, fordi det er lønnsamt.

Rydningen er styreleiar i foreininga Klimabrølet som står bak markeringa. Tidlegare har han mellom anna vore med på aksjonar mot matkasting.

På Facebook-arrangementet er det over 9900 personar som har sagt at dei kjem, og 15.000 som er interesserte – eit stykke unna målet om 100.000 demonstrantar.

Like over klokka 15 var det rundt 7000 personar til stades, opplyser operasjonsleiar Vidar Pedersen i Oslo politidistrikt til NRK.

– 100.000 er eit hårete mål, men reflekterer alvoret i klimakrisa. Vi sette oss det målet og kryssar fingrane for at alle skjønar at deira oppmøte er viktig, seier Rydningen.

I ei pressemelding fredag ettermiddag opplyste arrangøren at rundt 30.000 menneske i 14 byar deltok i Klimabrølet. Ca. 20.000 av desse møtte opp på arrangementet i Oslo sentrum, ifølgje arrangøren sine eigne tal.

Even Nord Rydningen brøler foran Stortinget

Even Nord Rydningen får med seg ein gjeng frå Bærum på brøling framfor Stortinget dagen før det store Klimabrølet.

Foto: Kambiz Zakaria / NRK

– Kvifor brøler de, Rydningen?

– Brøling har gitt rettar til arbeidarar, kvinner og slavar. Å brøle, det å seie frå høgt og tydeleg er heilt avgjerande for at vi skal treffe dei nødvendige klimatiltaka, seier Rydningen.

Kjem ikkje med eigne løysingar

Det heile begynte med eit innlegg på Facebook i januar.

– Eg sat åleine heime i sofaen og kjente på alvoret, slik mange gjer. Eg tenkte at klimasituasjonen var alvorleg og kjip. Eg var redd og sint, og posta eit innlegg om å lage ein svær markering. Så har det balla raskt på seg.

Hovudkravet til Klimavalgalliansen er altså å få på plass løysingar for å hindre at kloden blir for varm. Og samstundes verne om naturen.

Even Nord Rydningen på Klimabrøl-kontoret

Even Nord Rydningen på Klimabrøl-kontoret.

Foto: Kambiz Zakaria / NRK

Men klimabrølarane let det vere opp til politikarane, stat, fagmiljø og FNs klimapanel IPCC å svare på korleis dette skal skje. Det er dei som er eigna til å svare på dette, står det å lese på klimabrolet.no.

«Våre folkevalde manglar derimot mot og marsjordre, til å sette i verk til dels upopulære, men heilt nødvendige klimatiltak - no. Dei er vidare redde for å investere i klimatiltak med usikker avkastning», skriv foreininga på nettsida.

– Ola, Kari og Abdullah Nordmann har venta lenge på ein lågterskel og inkluderande plattform som dei kan kjenne seg heime i, for å seie frå om at no er det nok. Vi finn oss ikkje i å drive sidelengs inn i framtida lenger. Det er mogleg å løyse dette og sikre umistelege verdiar, så lat oss gjere det, seier Rydningen.

Etterlyser konkrete tiltak frå brølarane

Ein som ikkje bidreg under Klimabrølet, er Ketil Solvik-Olsen, tidlegare samferdsleminister og no sentralstyremedlem i Framstegspartiet.

Ketil Solvik-Olsen

Ketil Solvik-Olsen (Frp) etterlyser konkrete innspel frå klimaaktivistane.

Foto: Hedvig Bjørgum / NRK

– Eg meiner det er viktig å diskutere gode tiltak framfor å skape ein nærmast panisk reaksjon. Når ein får panikk blir det ofte dårlege løysingar, seier Solvik-Olsen.

Han saknar at klimabrølarane kjem med eigne forslag på korleis klimautfordringa kan bli løyst.

– Det er bra å utfordre politikarar, men då burde dei utfordre oss på konkrete tiltak dei meiner manglar, seier Frp-politikaren.

Les også: Det er lett å få merksemd ved å brøle. Men vil du verkeleg endre verda – så finn løysingar.

Saknar engasjement frå høgresida

Rydningen meiner på si side at verken den politiske høgre- eller venstresida er gode nok på å finne klimaløysingar.

Han oppmodar til samarbeid på tvers av partia for å komme fram til gode tiltak. Særleg saknar han at Høgre og Frp er meir engasjerte for klimaet.

– Det handlar om å lage eit konkurransedyktig og berekraftig norsk arbeidsliv og næringsliv. Det handlar om å unngå katastrofale migrasjonskriser. Vi saknar tydelegare politikk frå den sida, det er openbert ei god konservativt sak, ei sak for Frp, seier han.

Klimabrølarrangør Even Nord Rydningen møtte Carl I Hagen foran Stortinget dagen før demonstrasjonen, mens han sendte direkte i sosiale medier

Klimabrølarrangør Even Nord Rydningen møtte Carl I. Hagen framfor Stortinget torsdag, mens han sende seansen direkte i sosiale medium.

Vil påverke kommunevalet

Tidspunktet for klimabrølet er ikkje tilfeldig, sånn ei veke før kommunevalet 8. og 9. september.

– No i valkampen vil vi synleggjere at for det breie laget av befolkninga er ein god klimapolitikk viktig.

Han er misnøgd med merksemda klimakampen har fått i valkampen.

– Det har berre vore eit sidespor. Vi må snakke om korleis vi skal handtere den historiske omstillinga vi står overfor. Vi må snakke om korleis vi skal få med og investere i 200.000 arbeidarar i olje og gass, og nytte deira unike kompetanse for å få til omstillinga. Vi må snakke om korleis bønder skal løyse denne krisa saman med oss i byar. Det er i grunn dette velferd, arbeidsplassar og tryggleik handlar om, seier han.

Klimabrølet

Rundt 7000 personar var til stades framfor Stortinget i 15-tida, i god tid før det store klimabrølet skulle sette inn.

Foto: Eivind Molde / NRK

Ap: – Treng sterkare klimapolitikk

Espen Barth Eide (Ap) er blant politikarane som er med på det store klimabrølet.

Espen Barth Eide (Ap) på Klimabrølet

Espen Barth Eide (Ap) på Klimabrølet

Foto: Eivind Molde / NRK

– Eg er samd i at vi treng ein mykje sterkare og raskare politikk for å lukkast i det grøne skiftet, komme oss vidare ut av fossilalderen og for å kombinere arbeid, verdiskaping, klima og rettferd. Det jobbar vi i Arbeidarpartiet for. Eg er veldig inspirert av dette, seier Barth Eide.

Regjeringa med klimasatsing

Venstre-leiar og kulturminister Trine Skei Grande støttar aksjonen, og peikar på at regjeringa rullar ut omlegging av transportsektoren, med satsing på kollektiv, tog, næringsliv og grøn skipsfart.

Grande og Elvestuen på Klimabrølet

F.v. Venstre-leiar og kulturminister Trine Skei Grande og nestleiar og klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen støttar Klimabrølet.

Foto: Eivind Molde / NRK

Klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen (V) viser til at regjeringa siste veka også har fått på plass flytande havvind.

Han peikar på tre tiltak for å halvere klimautsleppa innan 2030: Kutte alt fossilt drivstoff, ta vare på naturen og legge om økonomien så den globalt ligg innanfor toleevna til naturen.

AKTUELT NÅ