Hopp til innhold

Mann utsett for vald under skeiv konferanse på Island

I går kveld vart ein deltakar på ein nordisk konferanse for skeive angripen og deretter sendt til sjukehus. Angrepet blei meldt til politiet som hatkriminalitet, seier den islandske arrangøren.

Dei norske delegatane saman med Kultur- og likestillingsminister Lubna Jeffrey.

PRIDE: Dei norske delegatane saman med Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).

Foto: Selena Sefany

Den skeive organisasjonen Samtökin`78 arrangerte denne veka ein nordisk konferanse for skeive rettar i Reykjavík saman med Nordisk ministerråd.

I går kveld blei det meldt om ei valdshending i sentrum av Reykjavík. To personar angreip ein annan person som vart sendt til sjukehus, opplyser islandsk politi.

Personen som vart angripen var deltakar på konferansen. Valdshendinga skjedde nære hotellet der deltakarane budde. Hendinga skjedde då personen var på veg tilbake til hotellet etter ein gallamiddag, seier Samtökin`78.

Den islandske arrangøren stadfestar at hendinga blei meldt til politiet som hatkriminalitet.

I pressemeldinga skriv dei at tilstanden til mannen er stabil.

– Det er uakseptabelt at skeive ikkje kan kjenne seg trygge på offentlege stadar på Island, skriv Samtökin`78.

Organisasjonen kan ikkje seie kva nasjonalitet offeret har, men at vedkomande kjem frå Norden.

Reykjavík pride 2022

Under ein konferanse for skeive i Norden blei ein deltakar angripen og sendt til sjukehus. Biletet er av Reykjavík pride 2022.

Foto: Silja Björklund Einarsdóttir / NRK

25. juni i bakhovudet

Rundt hundre deltakarar frå dei største lhbti-organisasjonane i Norden deltok på konferansen. Formålet var å diskutere utfordringar og tema felles for dei nordiske landa.

Fri – foreningen for kjønn- og seksualitetsmangfold seier at i løpet av konferansen vart andre deltakarar utsett for verbal hets i gatene. Det stadfestar Samtökin`78.

– Diverre har det vore fleire situasjonar siste åra som har vist behov for tryggleikstiltak når skeive samlast, og ein del av dei tiltaka har vore å ha synlege delegasjonsband med regnbogefargar.

Det seier FRI-leiar Inge Alexander Gjestvang om tryggleikstiltaka som vart gjort på konferansen.

Inge Alexander Gjestvang, leder for organisasjoner Fri

Inge Alexander Gjestvang er leiar for FRI- foreningen for seksualitet- og kjønnsmangfold.

Foto: Anna Rut Tørressen / NRK

– Måndag kveld opplevde nokon hets på gata med bakgrunn i at dei hadde på seg desse regnbogebanda.

Trass det, opplevde Gjestvang at arrangøren tok tryggleiken på alvor.

– Men for dei av oss som har reist frå Noreg, med 25. juni i bakhovudet, så er det vonde minner.

Gjestvang seier hendinga farga konferansen.

– Det viser kor viktig det er å halde fram med kampen for skeive rettar og moglegheita for å ha synlege regnbogeeffektar utan å bli utsett for hat, hets og vald, seier Gjestvang.

– Forferdeleg

Alle dei nordiske likestillingsministrane deltok på konferansen. Kultur og likestillingsminister Lubna Jaffery seier at ho reiste heim frå Island i går kveld.

– Folk skal kunne leve trygge og gode liv uansett kven dei er, og hat kriminalitet mot skeive er sjølvsagt heilt uakseptabelt.

Jaffery seier at ho ikkje visste noko om hendinga før NRK tok kontakt.

– Det var ein veldig fin konferansen og forferdeleg at ein av deltakarane blei angripen. Diverre er det framleis fordommar mot skeive, og difor er det viktig å halde fram med kampen for skeive sine rettar og livskvalitet.

Lubna Jaffrey på Riddu Riđđu

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery på den internasjonale urfolksfestivalen Riddu Riđđu tidlegare i år.

Foto: Inga Solberg Åhren

AKTUELT NÅ