Hopp til innhold

Mann (31) gjentok truslar i retten og slo mot bilete av skadd fengselsbetjent

SANDVIKA (NRK): Mannen som er tiltalt i den mest omfattande valds- og trusselssaka mot fengselstilsette i Noreg, kom med nye truslar i Asker og Bærum tingrett då rettssaken starta i dag.

Mann tiltalt for fleire tilfeller av vald mot fengselstilsette

STRENGT VAKTHALD: Den 31 år gamle mannen som er tiltalt i den mest omfattande straffesaka som omhandlar vald, truslar og sjikane mot fengselstilsette blir passa på av fleire politibetjentar. Han ankom retten påført handjern og magebelte. Her saman med sin forsvarar Kirsten Birgitte Sigmond.

Foto: Simon Solheim / NRK

Den tiltalte 31-åringen kom til retten i følge med fire politibetjentar, iført handjern som var festa til eit belte han hadde rundt magen. Mannen er tiltalt for rundt 150 tilfelle av vald, truslar og sjikane mot tilsette i norske fengsel, ikkje 120 som NRK meldte i går. Han blir sett på som så farleg og valdeleg at han sit isolert på avdeling G på Ila fengsel og forvaringsanstalt. Han sonar for tida ein forvaringsdom.

– Denne saka er annleis enn andre straffesaker. På mange matar. Tiltalte kan ikkje dømmast til fengsel eller tvungent psykisk helsevern for desse forholda fordi han soner ein forvaringsdom, sa statsadvokat Cecilie Schløsser Møller i sitt innleiingsføredrag.

Ho sa også at påtalemakta meiner at tiltalte er strafferettsleg tilregneleg, og at han såleis er skuldig i dei handlingane han er tiltalt for. Utfallet av rettssaka blir eventuelt brukt når forvaringsspørsmålet skal vurderast på nytt i 2016.

(Artikkelen held fram under biletet)

Statsadvokat Cecilie Schløsser Møller og politiadvokat Peter Risan

AKTORATET: Statsadvokat Cecilie Schløsser Møller og politiadvokat Peter Ristan fører saka for påtalemakta. Møller seier at tiltalte ikkje kan straffast fordi han soner ein forvaringsdom.

Foto: Simon Solheim / NRK

Søndag 24. november 2013 gjennom vinduet i Ila fengsel i Bærum viste han frem og onanerte sin erigerte penis til fengselsbetjent NN.

Tiltalen

Erklært strafferetsleg tilregneleg

Mannen har fleire gonger blitt vurdert av psykologar og psykiatrar, og har fått diagnosen dyssosial personlegdomsforstyrring. Han er likevel erklært tilregneleg. Gjennom den to veker lange rettssaka i Asker og Bærum tingrett vil psykolog Knut Engan og psykiater Bjørn Grundby vurdere hans psykiske helsetilstand. Dei skal forklare seg på siste rettssdag.

Advokat Kirsten Birgitte Sigmond

FORSVARAR: Advokat Kirsten Birgitte Sigmond forsvarar den tiltalte 31-åringen.

Foto: Simon Solheim / NRK

Ein av dei sakkunnige tok i dag ordet i retten og spurte tiltalte: – Dersom du slår eit menneske og dei får vondt og blør, kva tenkjer du då?

– Det er digg. Damer må blø. Dei burde bli slått ned. Det er digg å slå til damer.

Statsadvokaten: – Meiner du sjølv at du er sjuk?

– Sjuk nok til å voldta. Om eg slår kvinner er eg frisk, og om eg ikkje slår dei er eg sjuk, forklarte tiltalte.

31-åringen skal ifølgje tiltalen ha slått ned fengselsbetjentar utan forvarsel og heilt uprovosert, samt spytta og kasta urin i andletet på dei. Han skal også ha kome med drapstruslar og sjikanert dei tilsette på Ila, Ullersmo og Ringerike fengsel, der han har sona. Tiltalen omhandlar forhold som skal ha skjedd mellom 16. juni 2011 og 13. mai i år.

Statsadvokaten brukte nesten to timar på å lese opp den omfattande tiltalen. Litt over klokka elleve starta den tiltalte si forklaring.

LES OGSÅ: Mann tiltalt for 120 tilfeller av vold, trusler og sjikane mot fengselsansatte

Byrja å slå mot bilete av skadd fengselsbetjent

Mannen kom i dag med nye truslar i retten. Han sa mellom anna at han ville kaste syre i andletet på ein av fengselsbetjentane han er tiltalt for å ha slått ned. Ifølgje tiltalen skal han ha slått betjenten i andletet med knytta hand utan forvarsel slik at ho blei sjukmeldt i seks dagar og deretter delvis sjukmeldt i ytterlegare ein månad.

– Eg vil ta ei ølflaske å knuse den i trynet hennar, forklarte han vidare.

31-åringen byrja også å slå mot fleire bilete som låg framme på forsvarar Kirsten Birgitte Sigmond sin pult. Bileta skal ha vist den skadde fengselsbetjenten som var teke etter valdsepisoden på Ila fengsel og forvaringsanstalt. Tiltalte slo fleire harde slag mot bileta på bordplata.

(Artikkelen held fram under biletet)

Psykolog Knut Engan og psykiater Bjørn Grundby

SAKKUNNIGE: Psykolog Knut Engan og psykiater Bjørn Grundby skal vurdere den psykiske helsa til den tiltalte under den to veker lange rettssaka i Asker og Bærum tingrett.

Foto: Simon Solheim / NRK

Fredag 29. juli 2011 ca. kl. 14.25 i Ila fengsel i Bærum slo han uten foranledning og med stor kraft fengselsførstebetjent NN i høyre tinning med knyttet neve, slik at han fikk hjernerystelse og ble delvis sykemeldt i 10 dager.

Tiltalen

Ville ikkje gå til vitneboksen

Den tiltalte vedgjekk ikkje straffskuld for nokon av tiltalepunkta, med unntak av eitt, sjølv om han skal å vedgått straffskuld for fleire av dei i politiavhøyr. I politiavhøyr skal han også ha forklart at han angrar, og at han har lyst til å be om orsaking for nokre av handlingane han skal ha gjort.

Då den tiltalte skulle starte si forklaring ville han ikkje gå til vitneboksen, men heller sitte på plassen ved sidan av forsvararen sin.

Avdeling G - Ila fengsel og forvaringsanstalt

ISOLERT: 31-åringen blir sett på som så farleg at han sit isolert på avdeling G på Ila fengsel og forvaringsanstalt. 23 timar i døgnet må han site på cella si.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Det er greitt. Du kan sitte der, sa då fagdommaren.

31-åringen bruat ved fleire høve ut i latter under forklaringa si, og han heva stemma fleire gonger - også mot forsvararen sin. Ved minst eitt høve måtte politiet snakke til mannen, og be han om roe seg. Dommaren måtte også fleire gonger be tiltale om å prøve å forklare seg tydlegare.

I løpet av forklaringa si spurte han statsadvokaten om dei skulle slåss, og kalte ho mellom anna for «fittetryne». Tiltalte svarte følgjande på eitt av spørsmåla han fekk frå aktoratet:

– Eg gløymde å bruke tortur. Eg vil lære korleis eg gjer det. Eg vil lære av dei som kan det betre enn meg, forklarte tiltalte til retten.

– Er det nokon av fengselsbetjentane du likar, spurte statsadvokaten.

– Nei, eg likar ingen. Eg likar berre dei mannlege betjentane, ikkje dei kvinnelege. Eg skal slå til dei alle saman. Knuse nasene deira.

– Nokon av dei du har slått har blitt skadd. Kva tenkjer du om det?

– Hæ?

– Kva tenkjer om at du har skada nokon av fengselsbetjentane?

– Kven?

Statsadvokaten forklarar vidare, men får ikkje svar.

Aktor: – Rettsdagen var som forventa

Statsadvokat Cecilie Schløsser Møller seier til NRK at dagen gjekk som venta.

– Han har ikkje forklart seg så mykje om innhaldet i tiltalen, men om mykje anna, seier Møller.

– Kva tenkjer du om at han kom med nye truslar i retten i dag, og at han slo mot biletet av ein av fengselsbetjentane han skal ha slått ned?

– Ut ifrå omfanget og innhaldet i tiltalen, var det ikkje uventa. Vi kjem førebels ikkje til å gå vidare med noko av det som omhandlar oppførselen hans i dag, seier statsadvokaten.

– Klienten min har ikkje forklart seg så mykje om tiltalen. Det er vanskeleg å vite korleis han forheld seg til den. Men han har forklart mykje som kan danne grunnlag for vurderinga av spørsmålet om han er tilregneleg eller ikkje, seier forsvarar Kirsten Birgitte Sigmond til NRK.

Tirsdag starter en omfattende straffesak mot en 31 år gammel forvaringsfange. Han er tiltalt for omfattende voldsbruk, trusler og sjikane mot over femti fengselsbetjenter under soningen. Han er vurdert som så voldelig og syk at han sitter i isolasjon.

SJÅ VIDEO: Innslag frå Dagsrevyen 9. juni 2014.

Strengt vakthold i Asker og Bærum tingrett

POLITIVAKT: Fire politibetjentar passa på tiltalte i Asker og Bærum tingrett.

Foto: Simon Solheim / NRK

AKTUELT NÅ