Hopp til innhold

– Køyr forsiktig!

Meldinga frå politikontora i Sør-Noreg er unison: Køyr forsiktig! Glatte vegar har overraska fleire denne helga, og lista på bulka bilar og sydde sting er lengre enn vanleg. Og slutten på helga skal ikkje bli noko betre.

Såpeglatte veger

I Hedmark er vegane så glatte at ein buss og ein semi-trailer sklei av vegen. Køyr forsiktig er bodskapen til politiet, for også resten av helga er det venta særs vanskelege køyretilhøve.

Bilulukke i Vegusdal

Ein mann er frakta til Oslo universitetssykehus etter at bilen han køyrde hamna i ei elv på fylkesveg 42 i Birkenes kommune i Aust-Agder.

Foto: Ole Morten Vegusdal / Tipser
Bil i grøfta

Politiet har bedd Statens vegvesen om å strø og salte vegane i Innlandet. Her ligg ein bil i grøfta mellom Hamar og Elverum.

Foto: Juliane Kravik / NRK
Bård Hoksrud, Frp

Bård Hoksrud var ein av dei som hamna i trafikkaoset på Innlandet laurdag.

Foto: Kurt Sivertsen / NRK
Inger-Lise Aasen Askautrud

Statsmeteorolog Inger-Lise Aasen Askautrud har mange skyer på kartet for morgondagen. Regn, sludd og vanskeleg køyretilhøve er stikkorda hennar.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Det er særskild i Agder-fylka, Telemark og over heile Austlandet at vegane har vore glatte og vêret vore lite gjestmildt.

– Særs glatt

I Birkenes i Aust-Agder er ein 72 år gamal mann livstrugande skadd etter at bilen hamna i ei elv. Også i Risør hamna ein bil i grøfta. Kvinna og barnet som sat i bilen vart sendte til legevakta for medisinsk sjekk etter ulukka.

Vegane i området er svært glatte, seier Ingrid Mæhre i Agder politidistrikt til NRK laurdag.

– Me har fått melding om at det er særs glatt fleire stadar på Sørlandet i dag, særskild i Indre Agder. Fleire bilar har køyrt av vegen og kollidert. Folk bør difor køyre forsiktig.

Glatt på heile Austlandet

Også i nabofylket Telemark hamna ein bil på taket laurdag. Tre personar kom uskadde frå ulukka. Politiet melder om spegelblanke vegar, og at det i det heile tatt er vanskeleg å stå på beina.

Endå litt lengre aust køyrde ein bil utanfor vegen i Tønsberg. Kvinna som sat i bilen vart sendt til legevakt med ryggsmerter. I nabobyen Sandefjord kom to bilar borti kvarandre, og to personar måtte til lege for sjekk.

Mellom Hamar og Elverum i Hedmark hamna ein buss og ein semitrailer utanfor vegen. Politiet i Hedmark fortel om kaotiske tilstandar på vegane i Innlandet laurdag formiddag, men personskadar har førebels ikkje funne stad.

– Folk må vere forsiktige og ta seg god tid. På den måten kan dei unngå fare på dei glatte vegane, seier operasjonsleiar ved Hedmark politidistrikt, Henning Olsen.

Også i Sogn og Trondheim har det vore mindre trafikkulukker i dag.

Statssekretær i trafikkaos

Ein av dei som vart ståande fast i trafikken i dag er statssekretær i samferdselsdepartementet, Bård Hoksrud, som var på veg frå Oslo til Våler i Hedmark.

– Det var ein del lastebilar og personbilar som låg strødde langs vegen. Det viser behovet for betre opplæring og betre kompetanse på å køyre på norske vegar, seier Hoksrud som tidlegare har langa ut mot utanlandske sjåførar som ikkje har kunnskap om norske køyretilhøve vinterstid.

Vanskelege tilhøve også i morgon

Dei fleste stadane er det underkjølt regn som har skapt dei glatte vegane laurdag. Statsmeteorolog Inger-Lise Aasen Askautrud fortel at det også søndag vil bli vanskeleg køyretilhøve, men då av heilt andre grunnar.

– Det er meldt eit kraftig lågtrykk inn over Sør-Noreg søndag, med mykje vatn og vind. Nedbøren vil starte som sludd og snø mange stader på Indre Austlandet. Etter kvart vil temperaturen stige og sluddet smelte, fortel Askautrud.

Mellom 30 og 70 millimeter med nedbør er venta i løpet av søndagen, og når det smelta snøvatnet blandar seg med regnet vil det bli mykje vatn i vegbanen og vanskelege køyretilhøve, åtvarar meteorologen.

Det er sendt ut varsel om vanskeleg køyretilhøve, og fleire fjellovergangar kan bli stengte i løpet av helga, avsluttar Askautrud.

AKTUELT NÅ