Hopp til innhold

Mange spørsmål om vald mot born

NRK vil i dagane framover setja søkjelyset på vald mot born. Sjå kva spørsmål spesialrådgjevar i Redd Barna Lars Due-Tønnessen fekk om temaet i kveldens nettmøte.

Vold mot barn

Politiet i Noreg får oppimot fem meldingar om vald mot born kvar einaste dag, viser NRK sine undersøkingar.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Lars Due-Tønnessen

Lars Due-Tønnessen er jurist og spesialrådgjevar i Redd Barna.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

Talet på valdssaker mot born som blir melde til politiet i Noreg har eksplodert i løpet av dei siste åra.

I 2006 fekk politiet melding om 81 tilfelle av vald mot born. I fjor var talet oppe i 1791 saker.

I kveldens nettmøte var det mange som hadde spørsmål om vald og seksuelle overgrep mot born til Redd Barna-rådgjevar Lars Due-Tønnessen.

Du kan lesa alle spørsmål og svar nedst i artikkelen.

Lang erfaring med barnevaldssaker

Due-Tønnesen er utdanna jurist. I løpet av sine tolv år som advokat har han jobba mykje med saker om overgrep mot born.

Vald mot born blir i løpet av dei nærmaste dagane eit tema i NRK sine reportasjar både på nett, TV og på radio.

I norske lagmannsrettar finn NRK fleire døme på foreldre som har rista og slått små ungar med hovudskadar, nevrologiske skadar og døden til følge. Fleire av offera er berre månader gamle.

Innholdet som lå her kan ikke vises.

AKTUELT NÅ