Hopp til innhold

Svært mange sjølvmord i psykisk helsevern kunne vore unngått

Pårørande, etterlatne og fagfolk er einige: Ein stor del av sjølvmorda i psykisk helsevern kunne vore unngått ved betre oppfølging.

Kari Rekdal og Gry Lunde

Kari Rekdal og Gry Lunde i organisasjonen LEVE kjenner seg att i anslaget om at ein av tre sjølvmord i psykisk helsevern kunne ha blitt forhindra.

Foto: Jonas Sætre / NRK

I 2011 vart det registrert 124 sjølvmord blant pasientar i det psykiske helsevernet. Det er nær dobbelt så mange som for fire år sidan, og tilsvarar eit sjølvmord meir enn kvar tredje dag. Truleg er tala endå høgare, då det er ei underrapportering blant anna i form av trafikkdødsfall og overdosedødsfall.

No varslar både fagfolk og etterletne om at sviktande rutinar i det psykiske helsevernet fører til at langt fleire enn nødvendig døyr.

– Inttrykket me har i høve til henvendelsane me får er at det kunne blitt gjort mykje meir for å gi god hjelp til dei som treng det, seier Gru Lunde, som er dagleg leiar ved LEVE, foreninga for etterlatne ved sjølvmord.

  • SJÅ VIDEO: – Ein av tre sjølvmord kunne vore unngått, seier helsetilsynet:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Flest sjølvmord skjer etter utskriving

Dei dei fleste som tek kontakt med LEVE med har mista nokon i det dei har blitt skrivne ut frå institusjonar. Det finst ikkje nokre offisielle tal, men fagfolk NRK.no har prata med stadfestar at den store hovudvekta av sjølvmorda skjer i overgangen frå institusjon til eit liv ute i kommunane.

– I overgangen frå døgnbehandling til distriktspsykiatrien og i permisjonar har me store utfordringar. Ein kan ikkje berre seie at ein må ansvarleggjere pasientane og stole på at dei ikkje skal ta livet av seg. Ein må hugse på at folk er sjuke og at dei treng hjelp og skal ha hjelp, seier Kari Rekdal.

Kari Rekdal

Kari Rekdal meiner det bør bli betre lågterskeltilbod for psykisk sjuke med sjølvmordstankar.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Ho er sentralstyremedlem i LEVE og har sjølv vore råka av sjølvmord i nær familie. Basert på hennar erfaringar trur ho ikkje det er for optimistisk å seie at ein tredjedel av sjølvmorda kunne bli unngått.

– Ikkje for optimistisk

– Eg synest ikkje ein tredjedel høyres urimeleg ut i det heile teke. Det er eit kjempeparadoks at dei som har søkt hjelp og fått hjelp likevel tek livet sitt.

– Kva kan gjerast?

– Me må få langt betre lågterskeltilbod. Kvifor skal dette vere ein avart av helsevesenet som det er vanskeleg å kome fram til? Alle treng å få ruska litt opp i sjela si innimellom. Nokre treng det ekstra mykje. Det er skrekkeleg at folk må stå fleire år i kø for å få den hjelpa.

Ho stadfestar at det er mange som deler erfaringa til Camilla Stennes si sambuar, om at det er mykje som kan bli betre i overgangen frå innlegging på institusjon til å kome ut i kommunane.

Sporadisk kontakt med ein psykolog vil ikkje kape den tilliten som trengs til å melde fra om at ein går med sjølvmordstankar, meiner Rekdal. Difor meiner ho at dei bør bli inkludert i langt større grad enn i dag.

– Mange vil vere tildekkjande når dei kjem til behandling, nettopp fordi dei har tenkt at dei skal ta livet sitt. Det er ikkje det første dei seier til psykiatarane. Då vil pårørande vere veldig viktig. Me høyrer diverre mange historiar frå pårørande som kjenner seg veldig avvist.

Høyr intervju med Kari Rekdal i LEVE her:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Møter mykje misnøgde

Gry Lunde fortel at dei er vel kjend med at det herskar ein stor misnøgde med det psykiske helsevernet blant dei som er berørt av sjølvmord. Organisasjonen får inn mange telefonar frå pårørande og andre somer berørt av sjølvmord.

– Stort sett vil eg seie at dei som tek kontakt med oss har veldig dårleg erfaring med det psykiske helsevernet. Me får ein god del henvendelsar der folk klagar og ønskjer bistand, seier ho til NRK.no.

Ho understrekar at dette biletet kan vere skeivt, fordi dei med positive erfaringer ikkje har same insentiv til å ta kontakt med organisasjonen.

– Det går på korleis dei vert tekne i mot, og korleis den dei har mista vert tekne i mot. I samband med innlegging, og det som ikkje har resultert i innlegging, og om kor lenge dei har fått lov til å vere der.

– Alle desse menneska som er såpass psykisk sjuke må forhalde seg til ekstremt mange forskjellige menneske. Det gjer det veldig vanskeleg med så mange instansar, seier Lunde.

– Må bli betre på kommunikasjon

Assisterende direktør i Helsetilsynet, Geir Sverre Braut, seier til NRK.no at han trur ein tredjedel av sjølvmorda kunne bli unngått ved betre rutinar. Blant anna ved at fagfolket blir betre på å kommunisere med pasientane.

– Det å køyre eit flatt laup med flade prosedyrar er ikkje det me er på jakt etter. Når me møter folk med depresjonar så er det verdt å prate om kor lite verdt livet er å leve for dei. Det handlar om å fange opp singala.

Braut er samd i at den rette strategien ikkje er å spørje rett ut om dei er suicidale, men å vere tydeleg på ein måte som gjer at ein klarar å tolke kor langt nede pasienten er.

– Ein må vere veldig tydelege i høve til folk med depresjonar. Den som blir behandla må behandla relativt direkte.

Han trur også lågterskeltilbod av ikkje-fagfolk kan vere eit supplement til den tradisjonelle behandlinga. Desse kan bidra med eigen erfaring som ikkje helsepersonell har.

– Ganske mange personar som kjenner på depresjonar og store tunge rom i sitt eige liv vil ha godt av å få vete at dei ikkje er dei einaste som har slike kjensler.

– Men det er viktig å kjenne sine eigne grenser. Dette er dramatiske situasjonar ein går inn i, så då skal ein vere veldig forssiktig og ikkje køyre laus der ein ikkje har noko å bidra med, avsluttar Braut.

AKTUELT NÅ