Hopp til innhold

Mange nordmenn i utlandet vil heim – 7000 har ringt UDs hjelpetelefon

Situasjonen er vanskeleg og for mange nordmenn i utlandet. Dei har fått beskjed om å reise heim, men reiserestriksjonar og færre flyavgangar skaper store problem.

Turistar ventar på å få reise frå Gran Canaria.

Turistar i kø på flyplassen på Gran Canaria for å kome seg til heimlanda sine.

Foto: BORJA SUAREZ / Scanpix-Reuters

Utanriksdepartementet oppmodar alle nordmenn på reise om å registrere seg på nettstaden reiseregistrering.no. Pressevakt Vera Helstrøm i UD fortel at det har vore ein kraftig auke i talet på personar som har registrert seg etter at dei gjekk ut med nye reiseråd.

Onsdag kveld hadde 7000 norske statsborgarar i utlandet ringt inn til UDs operative senter, som også blir kalla publikumstelefonen.

Ber folk registrere seg

Aeroporto de Las Palmas Gran Canaria.

Det er hektisk på Las-Palmas-flyplassen på Gran Canaria i desse dagar. Det er mange turistar som vil heim.

Foto: BORJA SUAREZ / Scanpix-Reuters

Ho gir følgjande råd til alle nordmenn som no ynskjer å kome seg heim:

  • Alle bør registrere seg på reiseregistrering.no.
  • Alle må følgje nasjonale råd og påbod om smittevern i landet dei er i.
  • Ved særskilde behov må dei ta kontakt med UDs publikumstelefon eller med nærmaste skandinaviske ambassade.

Helstrøm ber nordmenn i utlandet om å bruke regjeringa si nettside om korona , der dei blant anna har lagt ut ein artikkel med aktuelle spørsmål og svar. Dei oppdaterer også reiseinformasjonen på landsidene for det enkelte land, og ho minner om at det kan skje endringar frå lokale styresmakter på kort varsel. Dette står på nettsidene til UD:

«Hvis du fortsatt oppholder deg i utlandet så oppfordrar vi deg til å registrere deg på UDs portal for reiseregistrering og ta kontakt med nærmeste norske utenriksstasjon, slik at norske myndigheter raskt kan ta kontakt med deg ved behov. Hvis du ønsker å reise hjem til Norge, ta også kontakt med ditt reiseforsikringsselskap».

Får ikkje mellomlande i USA

Det har skapt store problem for mange at USA har stengt grensene sine for europearar, inkludert nordmenn. Det betyr at det heller ikkje er mogleg å mellomlande på amerikanske flyplassar, noko som har skapt krøll for folk som har opphalde seg andre stader på det amerikanske kontinentet.

Blant mange som slit med å kome seg heim er 14 studentar og to lærarar frå Høgskulen NLA i Bergen. Dei må halde seg på hotellromma sine i Lima i Peru, og dei har bede norske styresmakter om hjelp til å kome seg heim til Noreg .

Studentar sit fast i Peru på grunn av koronaviruset

Ni av dei norske studentane som er koronafaste i Peru.

Foto: Privat

– Det er viktig å ta kontakt med flyselskapet ein har kjøpt billettar hos, er rådet frå UD.

Fleire av reiseforsikringsselskapa har gjort det klart at dei vil dekke nye billettar til folk som er tvungne til å reise heim til Noreg. Dette står å lese på nettsidene til Europeiske, som er størst i Noreg på reiseforsikring:

Enorm pågang på grunn av koronapandemien – vi hjelper så raskt vi klarer!

Et svært stort antall av våre kunder er berørt av korona-pandemien. Reiseforsikringen dekker avbestillinger og hjemreise i tråd med myndighetenes reiseråd. Men for at vi skal klare å hjelpe alle, ber vi om at bare dere som har planlagt avreise de nærmeste 10 dagene, melder inn krav. Alle skal få den hjelpen de har krav på, men på grunn av den enorme pågangen, må vi prioritere.

Det kan ta tid

I dag gjekk den norske regjeringa også ut med informasjon til norske studentar i utlandet om korleis dei skal stelle seg til den alvorlege smittesituasjonen. Det viktigaste rådet er å ha kontakt med universitet eller studiestaden her i landet.

For nordmenn som er på ferie på det spanske fastlandet og på Kanariøyane ser det ut til å ordne seg, sjølv om det kan ta tid også der.

Både Norwegian og SAS har hatt fleire flygingar herfrå dei siste dagane, og det er planlagt fleire i dagane som kjem.

– Hovudfokuset vårt er å få heim nordmenn, og det er viktig at dei som ynskjer billett går inn på nettet og bestiller og betaler turen på vanleg måte, seier pressesjef John Eckhoff til NRK.

Også Norwegian har sendt fly for å hente nordmenn i utlandet, og dei har blant anna hatt flygingar frå Spania, Marokko og Tyrkia.

Strengt i Spania

Spania har innført svært strenge reglar, der berre menneske på veg til og frå jobb eller til og frå butikken eller andre heilt nødvendige ærend, har lov til å opphalde seg utandørs.

Norske helseinstitusjonar i landet, slik som Solgården på Costa Blanca, har stengt, og pasientane har reist heim.

Spaniaavisen melder at 100 personar er bøtelagde for å ha opphalde seg utandørs utan mål og meining berre i Torrevieja, og at dei fleste av dei er utlendingar. Det blir rapportert om liknande tilfelle på Kanariøyane.

Ania Dalehavn er sjømannsprest i Torrevieja.

– Vi gjer alt vi kan for å hjelpe nordmenn i området, trass i at vi må halde stengt, seier sjømannsprest i Torrevieja, Anita Dalehavn.

Foto: Sjømannskirken

Utlendingar på ferie i Spania har fått beskjed om å forlate landet innan førstkomande tysdag, ifølgje Spaniaavisen.

Folk på ferie på Gran Canaria fortel at dei i staden for å nyte sol og varme temperaturar, må sitje inne på hotellrommet og vente på informasjon om heimreise.

Sjømannsprest Anita Dalehavn ved den norske sjømannskyrkja i Torrevieja på Costa Blanca har inntrykk at mange nordmenn alt har reist tilbake til Noreg, men at dei som bur her fast i stor grad er her framleis.

Kyrkja er stengt, men dei tilsette jobbar framleis inne i kyrkja eller på heimekontor.

Ho fortel at dei held kontakt med dei som brukar kyrkja på telefon eller via Internett, og at dei ikkje dreg på heimebesøk utan at det er fare for liv og helse. Gravferder går som normalt, seier ho, men med restriksjonar på kor mange som kan vere til stades. Så langt det er mogleg prøver dei også å hjelpe folk med praktiske gjeremål.

– Mange har reist

Diakon Steinar Hasselgård, Sjømannskyrkja i Torrevieja.

– Det er i realiteten portforbod her, seier diakon ved Sjømannskyrkja i Torrevieja, Steinar Hasselgård.

Foto: Sjømannskirken

– Spanske styresmakter har vore svært tydelege på at utlendingar bør reise heim, og mange har gjort det. Vi støttar så godt vi kan dei som er igjen, men mange av dei som jobbar frivillig for oss har reist. Heldigvis har det ikkje vore så stor pågang som vi kunne frykte, seier sjømannspresten.

Diakon Steinar Hasselgård fortel at han følgjer dei strenge restriksjonane som spanske styresmakter har innført, og det i realiteten er eit portforbod.

– Eg har gjort eit par heimebesøk etter innføringa av restriksjonane, men det har vore i tilfelle der eg vurderte det som om det var fare liv og helse om vedkomande ikkje fekk snakke med meg, seier han.

Han opplever at mange dei norske han har kontakt med er urolege over situasjonen på same måte som folk er heime i Noreg.

AKTUELT NÅ