Hopp til innhold

Manglar 17 Breivik-svar frå utlandet

Under ein månad før rettssaka startar, har politiet framleis ikkje fått innsyn i Anders Behring Breivik sine Facebook-kontoar. Totalt manglar politiet svar på 17 førespurnader om etterforskingshjelp i utlandet.

Pål Fredrik Hjort Kraby, politiadvokat / Johan Fredriksen (i bakgrunnen)

– Me meiner Facebook-kontoane kan seia noko om kva for nokre personar Breivik hadde kontakt med i forkant av terroråtaka, det er interessant for oss, seier politiadvokat Pål Fredrik Hjort Kraby (til høgre).

Foto: Scanpix

Fire og ein halv månad etter at dei sende ein rettsleg førespurnad om innsyn til Facebook Inc. i USA, har politiet framleis ikkje fått tilgang til Anders Behring Breivik sine sletta Facebook-profilar.

– Me ventar på svar. Me har ikkje purra, men er i ein god dialog med Facebook og amerikanske styresmakter, seier politiadvokat Pål Fredrik Hjort-Kraby til NRK.

Verdifull info om medhjelparar

Personvernreglar har så langt hindra politiet tilgang til Breivik sine kontoar i det sosiale nettsamfunnet. Breivik sjølv nektar å skriva under på ei samtykkjeerklæring. Politiet retta difor ein rettsleg førespurnad til Facebook Inc. i USA den 9.november i fjor.

Den terrorsikta 33-åringen brukte mykje tid på internett i tida før terroråtaket. Politiet meiner Facebook-kontoane kan innehalda opplysningar som er verdifulle for etterforskinga.

– Me meiner Facebook-kontoane kan seia noko om kva for nokre personar Breivik hadde kontakt med i forkant av terroråtaka, det er interessant for oss. Hovudspørsmålet er om han hadde medhjelparar, då er kontakten Breivik har hatt med andre på sosiale media og e-post interessant, fortel Kraby.

Breivik Facebook

Politiet er særleg interessert i to kontoar som Breivik sjølv sletta i 2010.

Foto: NRK/SCANPIX

Opp til USA

Norsk politi har likevel ingen garanti for at dei vil kunne saumfara Facebook-kontoane til den terrorsikta før rettssaka er over. Domstolen i California, som skal handsama Facebook-førespurnaden, er framleis tyst.

– Me har bede eit anna land om hjelp, og er avhengige av dei for å få den informasjonen me spør etter, seier Kraby, som understrekar at alle spor peikar i retning av at Breivik var åleine om terroren.

– Det er samla inn mykje annan informasjon som på ingen måte indikerer at han har hatt medhjelparar, men me vil sjølvsagt ha inn mest mogleg informasjon og håpar på innsyn før domsavseiinga, legg politiadvokaten til.

Facebook har tidlegare sagt til NRK at det er uvisst om dei i det heile teke er i stand til å gjenoppretta informasjonen på dei sletta kontoane til Breivik.

Manglar svar på 17 av 41

Politiet har i alt sendt 41 rettslege førespurnader til 26 ulike land i samband med 22.juli-saka. Den siste gjekk til USA den 3.februar og var på heile 50 sider.

Under ein månad før hovudforhandlingane startar i Oslo tingrett, har politiet fått svar på 24 av desse, men ventar framleis på tilbakemelding på 17 kravsmål.

Fleire av dei uteståande førespurnadene er retta til USA. Politiet ønskjer til dømes å avhøyra den kviterussiske kvinna som Breivik hadde eit kjærasteforhold til i 2005, og som no er busett i USA.

Ein annan førespurnad har politiet sendt til Singapore, og gjeld avhøyr av ein 27 år gammal mann som forfalska fleire hundre attestar og vitnemål for Breivik.

Kontoar i skatteparadis

Norsk politi har også bede om innsyn i fleire av Breivik sine kontoar i USA, Latvia, Litauen, Kviterussland og fleire skatteparadis.

Økonomien til Breivik er eit viktig spor for politiet i arbeidet med å stadfesta at han var åleine om terrorplanlegginga, eller om han må ha fått hjelp frå andre via pengestøtte.

– Det er ikkje snakk om store summar på desse kontoane, men me vil kartleggja totalbudsjettet til Breivik for å sjå om det er samsvar mellom pengebruken hans og dei midlane han hadde til disposisjon, opplyser Kraby.

AKTUELT NÅ