Mange brannar og mykje bråk nyttårsnatta

Det vart ei travel nyttårsnatt for naudetatane i stor delar av landet.

Natt til 1. januar 2021

Alle bebuarane kom seg ut då det braut ut brann i ein einebustad på Vaulen i Stavanger natt til 1. januar 2021. Video: Heidi Karin Gilje Skog.

Politi og brannvesen melder om brannar på tak, balkongar og terrassar der fyrverkeri har landa og sett fyr på bygningar og lausøyre. Fleire stader var brannvesenet og travle med å sløkkje brannar i søppelkasser, konteinarar, garasjar og skur.

Mange stader der det ikkje er snødekke, blir det òg meldt om gras- og lyngbrannar, mellom anna på Herøy på Sunnmøre, i Lofoten, på Senja og Dyrøy i Troms og fleire stader langs kysten av Finnmark. Dette vert mange stader kopla til fyrverkeri som fell ned.

Seks redda seg ut i Stavanger

I Stavanger braut det etter midnatt ut brann eit hus med to bueiningar i Turveien på Vaulen. Alle dei seks bebuarane vart evakuerte. Dei vart vekte av røykvarslaren.

Huset var overtent, og politiet i Sør-Vest melde ved tretida at sløkking var igangsett. Ein time seinare gjekk sløkking føre seg framleis. Videobilda viser at brannfolka måtte brute seg gjennom taket for å få sløkt flammane. Huset er no ubeboeleg. Det er ikkje meldt om personskadar.

Også i Haugesund tok det til å brenne på taket av ein einebustad i Beryllvegen i natt. Det var ikkje folk heime i huset.

Familieslagsmål i Sandefjord, tre skadde

Politiet i Vestfold etterforskar ei alvorleg valdshending som har skjedd i eit familieselskap utanfor byen. To brør har slåst, og ein av dei er alvorleg skadd.

Den andre køyrde i rusa tilstand frå staden med sambuar og kolliderte. begge er køyrde til sjukehus. Også dei skadde broren er frakta til sjukehus.

To brannar i Bergen

Ein brann i ein einebustad på Nattland på Landås i Bergen starta med at det vart meld om flammar på taket og brann på loftet. Meldinga kom inn like etter klokka 22.00.

Ifølge politiet vart 17 personar evakuerte frå fleire bustadeiningar i huset. Ti vart evakuert frå leilegheita nærast loftet, medan sju vart evakuerte frå eininga under.

Brann i bustad ved Nattlandsfjellet i Bergen

Ved Nattlandsfjellet i Bergen brann det i ein einebustad.

Foto: NRK-tipser

På Sandli var det brann i eit rekkehus. På grunn av fare for spreiing av flammane, vart fire nabohus og til saman 18 personar evakuerte. Politiet hadde fått beskjed om at det ikkje var folk i huset der brannen starta, men røykdykkarar søkte gjennom det likevel og fann det tomt.

Det var mykje røyk, så det er uklart når naboane kan flytte inn i husa sine igjen.

Slukking av brann i Bergen, Saksarringen på Sandsli

Brann i Saksarringen på Sandsli i Ytrebygd i Bergen.

Foto: Therese Pisani / NRK

På Askøy vart det ved halv femtida meldt om at ein brann i ein garasje hadde spreidd seg til eit hus. Ifølgje politiet var det ei stund fare for at brannen kunne spreie seg vidare til fleire hus. Tre personar som bur i huset vart evakuerte, opplyser Vest politidistrikt.

10 evakuerte frå brann i Bodø

I Bodø spreidde ein brann i ein garasje seg til fleire bustader på Grønnåsen. Totalt vart ti personar evakuerte frå tre ulike adresser.

Brann i Bodø nyttårsaften, Grønnåsen

I Bodø brann det på Grønnåsen.

Foto: Børre Hardy

Både på Værøy, Stokmarknes og Røst vart det meldt om grasbrannar. Politiet meiner dei var starta av rakettar.

Skyting i Drammen, éin skadd

Ei kvinne er lettare skadd og køyrd til sjukehus etter at det var avfyrt skot i ein leilegheit i Tordenskioldsgate i sentrum ved 6-tida. det vart og skote mot ei annan kvinne, men ho er fysisk uskadd, opplyser politiet.

Væpna politi er ute og leiter etter gjerningsmannen.

«Feira» med rifleskot

Politiet i Telemark måtte rykke ut til Eidanger då dei fekk melding om at ein mann feira inngangen til det nye året med skyte med rifle frå terrassen på huset sitt. Ingen vart fysisk skadde, men naboane vart redde.

Mannen i 40-åra som skaut, nekta å forklare seg. Politiet tok beslag i ei rekke våpen frå huset, og saka får eit alvorleg etterspel.

Valdsepisode i Kristiansand

Ein person vart utsett for vald i Kristiansand sentrum i natt. Vedkommende vart køyrd til legevakt for behandling. Politiet opplyser at saka vert etterforska.

I Randesund aust for Kristiansand braut det ut brann i ein bustad i natt. Alle bebuarane kom seg ut og brannen er no sløkt.

Politiet i Agder klager over mykje uvettig bruk av fyrverkeri i natt.

Laster Twitter-innhold

Skalla ned politibetjent på fest

På Lillehammer måtte ein politibetjent på legevakta med hevelsar i ansiktet etter å ha vorte skalla eller sparka av ein festdeltakar i ei leilegheit i sentrum. Vedkommande tok òg kvelartak på betjenten. Den valdelege festdeltakaren er sett i arresten. Politiet var tilkalla av naboar på grunn av støy.

Blant folk som var samla til nyttårsfeiring utandørs på Lillehammer var det og amper stemning, melder politiet i Innlandet på Twitter. På Lilletorget vart ein person slått ned og fekk hjelp av sjukebil. Også på Sportsplassen var det knuffing og vald blant folk som såg på fyrverkeri.

15 bøtelagde på fest på Kongsberg

Rundt 15 festdeltakarar på Efteløt mellom Kongsberg og Hvittingfoss vart bøtelagd etter det politiet kallar «ville vesten»-tilstandar på ein fest. Politiet i Sør-Øst rykte ut like etter midnatt etter meldingar om fyrverkerioppskyting i alle retningar og ulovleg snøskuterkøyring.

Verten for festen fekk 10.000 kroner i bot, og kvar av gjestene fekk 5000 i bot. Snøskuteren vart beslaglagd av politiet då ingen på festen ville vedkjenne seg han.

Ba foreldre hente barn i Tromsø

Politiet i Tromsø bad i natt foreldre som hadde mindreårige ungdommar på Røstbakken om å hente dei heim. Det var mange ungdommar samla der, også mindreårige, og fleire var innblanda i slåsting og vald mot politiet.

Laster Twitter-innhold

Masseslagsmål på Hamar

Politiet i Innlandet måtte rykke ut til Presterud då dei fekk melding om at 5–10 personar slåst utanfor ei leilegheit. Då politiet kom, løp mellom 20 og 30 personar frå staden. Dei skal ha vore samla for på sjå på fyrverkeri og det kom til krangel. Ein person vart lagd i bakken og vart slått og sparka av fleire ukjende, men han vart ikkje hardt skadd. Berre eit kutt i leppa, melde politiet på Twitter etterpå.

Slåsting i Frognerparken i Oslo

Ein person skal ha vorte sparka i hovudet då fleire personar barka i hop i slåstkamp ved hovudporten til Frognerparken ved eittida i natt. Oslo-politiet var på staden med fleire patruljar og gjorde avhøyr.

Køyrde på tre med vilje i Bø

Politiet har teke førarkortet frå ein mannleg bilførar i 20-åra etter at han køyrde på tre personar med vilje i Bøgata, opplyser Sør-aust politidistrikt. Mannen er òg meld for å ha båra kniv på offentleg stad. Ingen vart alvorleg skadd.

Slått ned på pub i Sandefjord

Ein person vart slått ned på ein pub i Thor Dahls gate i Sandefjord sentrum og køyrt til legevakta. Ein mistenkt gjerningsmann i 30-åra er arrestert og sett i arrest, melder Sør-aust politidistrikt.

Mykje familievald

Fleire stader i landet er det meld om familiebråk og vald. i Sør-Fron i Gudbrandsdalen er en mann arrestert etter krangling og bruk av vald i eit privathus. Ein mann og ei kvinne er frakta med ambulanse til sjukehus på Lillehammer.

På Tretten vart ei kvinne køyrd til legevakt og ein mann arrestert etter vald.

Ambulansepersonell på Gressvik i Fredrikstad måtte ha politihjelp då dei var angripne av ein rusa mann i 60-åra. Mannen vart køyrd til arresten og vart politimeldt.

Politiet landet rundt melder og om mange tilfelle av fyllekøyring, men ikkje om alvorlege ulykker.

Full fest i Kirkenes

I Kirkenes vart eigaren av ei leilegheit meldt til politiet etter at politiet braut opp festen der 35–40 ungdommar var samla. Fleire var under 18 år.

Ved 5-tida i morges hadde politiet i Finnmark fått nok. Då hadde dei køyrd i skytteltrafikk for å stanse festar i mellom anna i Alta og Hammerfest. No ber dei finnmarkingane å legge hodet på puta og få seg sømn.

Laster Twitter-innhold

Nattmat-ulykke

På morgonkvisten kom fleire meldingar om branntilløp på kjøkken der slitne festdeltakarar ville lage seg nattmat. På Bislett i Oslo vart ei kvinne køyrd til sjukehus etter å ha pusta inn røyk i samband med brann på ein komfyr.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger