– Til dei nordmennene som har synst at det har vore greitt å reisa på ferie til utlandet no, vil eg seia at det ikkje er greitt lenger. Det er unødvendig å reisa på ferie til utlandet, sjølv om du tar karantene etterpå. No synest eg at vi alle skal stilla solidarisk opp.
Det sa statsminister Erna Solberg i ein pressekonferanse 27. januar.
Med dette innførte regjeringa dei strengaste reisetiltaka sidan mars i fjor for å hindra spreiing av nye virusvariantar.
– I praksis blir grensa stengd for alle som ikkje bur i Noreg, sa Solberg.
Over 40.000 har reist til utlandet
Reiserådet for nordmenn er klart: unngå utanlandsreiser, men det er framleis folk som har reist til utlandet.
Totalt har over 40.0000 reist utanlands dei fem vekene etter grensa stengde, viser tal som NRK har henta inn frå Avinor. Sjå heile tabellen lengst ned i saka.
Regjeringa ber folk om å unngå utanlandsreiser som ikkje er nødvendige.
Foto: Roy Pettersen / NRKSamanlikna med dei same vekene i fjor, viser tala ein gjennomsnittleg nedgang på 96 prosent for alle utanlandsdestinasjonar frå norske flyplassar.
Samstundes er det nokre land som skil seg ut.
Qatar med nedgang på 84 prosent
Serbia har ein nedgang på 70 prosent, noko som er langt unna snittet på 96. Tyrkia har ein nedgang på 76 prosent, og Emiratane har ein nedgang på 83 prosent.
Også Qatar er eit godt stykke unna snittet på 96 prosent, med ein nedgang på 84 prosent.
Muhammad (29) var ein av dei som landa på Gardermoen med eit fly frå Qatar i dag. Via Qatar kom han med eit fly frå Somalia.
Muhammad besøkte si sjuke mor i Somalia. – Eg meinte det var nødvendig, seier han.
Foto: Roy Pettersen / NRK– Eg måtte besøka mor mi som var veldig sjuk. Så eg har vore der i tre veker. Vi må jo følgja reglane, men eg meinte det var nødvendig å reisa og besøka ho. Elles hadde eg ikkje reist, seier han.
No skal han ti dagar i karantene.
– Sånn er det berre. Det er jo for å beskytta andre, seier han.
Meiner nordmenn reiser for mykje
Å reisa for å besøka sjuke slektningar, er eit døme på ei nødvendig reise, ifølgje justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).
Samstundes meiner ho generelt sett at nordmenn reiser for mykje.
– Eg synest tala framleis er høge, gitt kor strengt det er. Vi ser også at fleirtalet av dei som reiser ut og inn er folk som er busett i Noreg, seier ho.
Justis- og beredskapsminister Monica Mæland fortel at reiseaktiviteten er stor, trass i strenge restriksjonar.
Foto: Roy Pettersen / NRKHo oppmodar til å ikkje reisa ut av landet for fritidsreiser, og ber folk å tenkja gjennom om planlagde reiser ut av landet er nødvendig akkurat no.
Vurderer endå strengare reglar
Alle som kjem med fly frå utlandet blir testa med hurtigtest – som har ein viss feilmargin.
– Ein hurtigtest vil du få svar på etter ein ca. 15 til 20 minutt, seier Peder Anker, medisinsk ansvarleg på Gardermoen.
Peder Anker er medisinsk ansvarleg på Gardermoen.
Foto: Roy Pettersen / NRKLitt under ein prosent testar positivt. Passasjerar frå Storbritannia, Sør-Afrika og nokre andre land må i tillegg ta ein grundigare prøve som blir sende til eit eksternt laboratorium.
Og alle skal altså i ti dagars karantene – anten på hotell eller i eigen heim.
Med påsken for døra vurderer no regjeringa å stramma inn desse reglane.
– For å sikra oss at karantenen blir halden, kan vi gjera det ved å sørgja at alle som har reist ut, og trossa vårt reiseråd, må på karantenehotell. Det er noko vi vurderer for å vera heilt trygg på at karantenen blir gjennomført, seier Mæland.