Lysbakken om Støre-investering: – Skulle sjølvsagt ikkje ha skjedd

SV-leiar Audun Lysbakken er kritisk til Støres handtering av eigne investeringar.

Stortingspresident Olemic Thommessen holder en redegjørelse om Stortingets byggeprosjekt i Stortinget.

Det bør ikkje vere mogleg for oppkjøpsfond å tene pengar på grunnleggjande, offentleg finansiert velferd og omsorg, seier Audun Lysbakken.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Dette skulle sjølvsagt ikkje skjedd, og det er riktig av Støre å rydde opp. Men denne problemstillinga skulle vi ikkje hatt i det heile tatt. Det bør ikkje vere mogleg for oppkjøpsfond å tene pengar på grunnleggjande, offentleg finansiert velferd og omsorg.

Slik kommenterer SV-leiar Audun Lysbakken avsløringa til NRK om at Jonas Gahr Støre har fond som investerer i privat eldreomsorg.

– At desse fonda investerer stort i kommersiell velferd illustrerer veldig tydeleg at dei meiner det er store pengar å tene på det, og visar kvifor det er nødvendig å sikre at alle offentlege pengar som er sette av til velferd, går til velferd. Det kan vi berre få til ved å innføre profittforbod og stoppe kommersialisering av tenester som eldreomsorg og barnehagar, seier Lysbakken.

Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp)

Nestleiar i Frp, Terje Søviknes, meiner Støre opererer med doble standardar.

Foto: Heiko Junge / NPK

Nestleiar i Frp, Terje Søviknes, er også kritisk:

– Ein skulle tru at ein leiar i Arbeidarpartiet hadde eit apparat rundt seg som kunne bidra til å unngå slike flausar, men det ser ikkje slik ut.

Søviknes meiner at det er oppsiktsvekkande at Støre blir råka av ei ny slik avsløring, to år etter at Støre fekk kritikk for andre forhold i privatøkonomien sin.

– Jonas Gahr Støre har reist land og strand rundt for å skjelle ut det han kallar velferdsprofitørar, også har han altså sjølv investert i desse selskapa, seier Søviknes.

Det er lovleg det han har gjort?

– Ja, men her handlar det om det prinsipielle. Han forfektar eit syn politisk, og så investerer han sjølv i desse fonda.

NRK avslørte i dag at Jonas Gahr Støre har pengar i fond som investerer i private velferdskonsern. Støre har seld seg ut av fondet DNB Private Equity Retail B etter at NRK starta å jobbe med saka.

– Viktig å reagere

Fagforbundet har lenge vore særs kritiske til private velferdsaktørar, og leiar i Fagforbundet, Mette Nord, seier det er bra at Støre har trekt seg ut av fondet så snart han fekk vite at det investerer i private velferdskonsern.

– Det som er viktig er at folk er klar over at slikt som dette kan skje. Det er viktig å reagere når ein investerer i fond som ikkje deler det same verdigrunnlaget. Det har Støre no gjort, seier Nord.

Ho oppfordrar norske kommunar om å gjere det same, og avslutte kontraktar dei har inngått med kommersielle velferdskonsern.

– Skattepengane våre skal gå til å forbetre velferda, og ikkje til å skape overskot på fond, seier Nord.

Mette Nord

– Riktig og viktig at Støre trekk seg ut av fondet, meiner Fagforbundets Mette Nord.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Moxnes: – Handlar ikkje om personleg moral

Ein annan som er kritisk til velferdskonsern er Raudt sin leiar, Bjørnar Moxnes.

– Arbeidarrørsla sine leiarar kan ikkje tene pengar på sosial dumping og velferdsprofitt, skriv Moxnes i ein SMS til NRK.

Moxnes

– Dette handlar om at det har blitt for lønnsamt å investere i velferd, meiner Raudts leiar, Bjørnar Moxnes.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Han skriv vidare at denne saka ikkje handlar om personleg moral, men at det har blitt så lønnsamt å investere i velferd, at pengar vert investert der, framfor i private næringsliv.

– Det er bra at Støre sel seg ut, men det viktigaste me kan gjere politisk er å få velferdsprofitørane ut av velferda vår, skriv Moxnes.

– Gjer dette noko med din tillit til Støre?

– Dette er i alle fall eit godt argument for Raudts standpunkt for profittfri velferd – for då kunne ikkje sånt som dette skjedd, svarer Moxnes på SMS.

Tajik med støtte til Støre

Arbeidarpartiets nestleiar, Hadia Tajik, var seinast i går i debatt med Frps nestleiar Sylvi Listhaug. Der gjekk Tajik hardt ut mot dei som meiner kommersielle aktørar skal få drive med eldreomsorg og velferd.

– Det har faktisk blitt så lukrativt å investere i skattefinansiert velferd, at det gjev dobbel så høg avkastning å gå inn i den sektoren for private og kommersielle aktørar enn all annan næringsverksemd, sa Tajik i går.

I kveld svarar ho slik når NRK spør om ein kommentar om Støre si investering.

– Jonas har ei arv etter bestefaren sin. Den vert disponert etter same etiske regelverk som Pensjonsfondet, av finansrådgjevarar i Den Norske Bank. Eg er glad for at Jonas har vald å vie tid og energi for å gjere arbeidsfolks kvardag betre som leiar for Arbeidarpartiet, og ikkje på å legge investeringsstrategiar, skriv Tajik.

Ho understrekar at Støre har sørga for at han ikkje lenger investerer i det aktuelle fondet.

– Me er meir enn klare for å slåst mot at kommersielle konsern kjem inn i norsk velferd, slik me har grunn til å vere uroa for med Høgres politikk, skriv Tajik i SMS-en.

SISTE NYTT

Siste meldinger