Hopp til innhold

Støre: – Vi skal vere effektive og gå rett på sak

Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet har sett seg ned for å sjå om dei er samde nok til å kunne danne regjering. Sjølv om det er vanskelege saker som skal diskuterast gjorde Jonas Gahr Støre Senterpartileiaren raud i kinna.

Byrådet i Oslo legger frem sitt forslag til budsjett for 2022

SONDERINGAR: I naturskjønne omgjevnadar møtte partia kvarandre på Hurdalsjøen hotell til sonderingar.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Dei tre partileiarane er på plass i Hurdal for å starta sonderingane om å danna ei fleirtalsregjering.

– Vi har fått eit veldig klart mandat frå veljarane, og det er skifte av regjering, sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre før sonderingane starta.

Klokka 10 sette partia seg ned for å sondere. Etter det NRK forstår er målet å vere ferdig sonderte innan måndag, og at Støre håpar at sjølve forhandlingane kan starte rett over helga.

– Det er sakene som avgjer. Kvart parti må kjenne seg igjen, og vi må legge stor vekt på at kvart parti må sjå profilen sin i eit regjeringsprosjekt. Og så må vi eige det prosjektet saman, sa Støre.

Sonderinger om regjeringsforhandlinger

SPENT: – Eg stiller med eit ope sinn, sa SV-leiar Audun Lysbakken då han kom til Hurdal før sonderingane med Sp og Ap.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Bryt ut i latter

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum sa at dei skal bruke tida godt for å finne ut om det er grunnlag for forhandlingar.

Sjølv om det er mange saker der partia ikkje er samde, vart det god stemning og latter då Støre avslørte ein privat detalj om Vedum.

Det viser seg nemleg at Vedum har ei heilt spesiell tilknytning til staden.

To eller tre parti?

Både Arbeidarpartiet og SV ønskjer seg ei trepartiregjering. Senterpartiet har heile vegen halde på ønsket om ei Ap/Sp-regjering, utan SV.

Samtidig har Vedum vore påpasseleg med å aldri lukka døra heilt for SV.

– Eg er først og fremst nysgjerrig på å finne ut kva vi kan få til, og det er det vi er her for å finne ut, sa SV-leiar Audun Lysbakken før han gjekk inn til sonderingane.

Ap-leder Jonas Gahr Støre t.h. , Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum og SV-leder Audun Lysbakken

TRIO: Vil den neste regjeringa ha tre parti – eller ikkje? Det er det store spørsmålet når Ap, Sp og SV møter kvarandre til sonderingar i Hurdal.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Spissare krav

Dei tre partileiarane har så langt halde tett om kva saker dei skal snakke om, og kva som peiker seg ut som dei nøttene som vert hardast å knekke.

– Det er vikig å kjenne kulturen og prioriteringane til dei andre partia om ein skal klare å kome fram til ei god regjeringsplatform, seier tidlegare SV-leiar Kristin Halvorsen.

– Det er viktig å forstå kva bakland dei har å ta omsyn til, og kva dei ønskjer å oppnå i politikken.

For 16 år sidan sat ho som partileiar for SV ved forhandlingbordet på Soria Moria, saman med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Denne gongen er krava frå SV spissare, og ho trur at klima og miljø blir det vanskelegaste for partia å bli samde om.

Audun Lysbakken til samtaler hos Jonas Gahr Støre

MEIR ERFAREN: SV-leiar Audun Lysbakken har meir erfaring i å forhandle og prioritere enn sist SV var i forhandlingar, seier tidlegare SV-leiar Kristin Halvorsen.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

AKTUELT NÅ