Hopp til innhold

Lungekreftsjuke får livsforlengande medisin gratis

I dag finnes det rundt 700 lungekreftsjuke i Noreg som er aktuelle for immunterapi. No får dei tilbodet om behandlinga som kan forlenge livet. Staten tar rekninga.

Immunterapi for lungekreftsyke

GODKJENT: Legemiddelet Pembrolizumab, med merkenamnet Keytruda er eitt av dei mest brukte legemidla som er tatt i bruk i immunterapi. No er det godkjent.

Foto: NRK

– Vi har ikkje tilbydd immunterapimedisin for lungekreftpasientar tidlegare. Så sånn sett er det ein gledens dag i dag.

Lars Vorland, direktør i Helse Nord

SA JA: Leiar Lars Vorland og resten av Avgjerdsforum for nye metodar sa i dag ja til immunterapimedisin for lungekreftpasientar.

Foto: Barbro Andersen

Det seier Lars Vorland, som er leiar for Avgjerdsforum for nye metodar, som består av direktørane for dei fire helseregionane.

I dag har dei sagt ja til å innføre immunterapimiddelet Keytruda til lungekreftpasientar.

– Dei som kan bruke dette medikamentet har no eit meir effektivt middel enn det dei har hatt tidlegare, seier Vorland.

Staten tar rekninga etter rabatt

Rekninga for den kostbare og livsforlengande medisinen skal det offentlege helsevesenet ta.

Det har tidlegare vore debatt rundt om det er kostnadseffektivt å tilby lungekreftpasientar den dyre, men livsforlengande immunterapimedisinen.

– Men no har vi fått ein rabatt som er så god at det er innanfor, seier Vordal.

Fleire har betalt sjølv

Immunterapi blir sett på som eit gjennombrot innan kreftforskninga. Så langt gir resultata forhåpningar om at det kan føre til at mange pasientar får forlenga liv.

Immunterapi er godkjent og tatt i bruk for føflekkreft. No skjer det same med behandling av pasientar med «ikkje-småcella» lungekreft.

Prisen på ein kur er 50.000 kroner. Dersom ein pasient får behandling i eitt år, kostar det ein million kroner.

Som NRK fortalte tidligare betaler fleire kreftpasientar sjølv for livsforlengande behandling. Til no i år har 60 kreftpasientar, 40 fleire enn i fjor, betalt frå eiga lomme for immunterapi på private sjukehus.

Kreftforeningen jublar

Det er rundt 700 lungekreftpasientar som er aktuelle for immunterapi. I Kreftforeningen er generalsekretæren svært nøgd med avgjerda:

Anne Lise Ryel

GLAD: Anne Lise Ryel i Kreftforeningen er svært glad på vegne av lungekreftpasientane.

Foto: Jorun Hatling / NRK

– Vi har håpt på dette lenge, det vil bety utruleg mykje for denne pasientgruppa, men og for deira familiar, seier Anne Lise Ryel.

Ho seier medisinen kan forlenge livet til ein pasient med i gjennomsnitt seks månader, og for nokon kan det vere snakk om opptil fleire år.

– Og pasientane kan leve ganske så normalt, for denne medisinen har ikkje så mange biverkningar.

– Andre pasientar vil bli nedprioritert

At medisinen er kostbar, vil ifølgje Lars Vorland føre til nedprioritering av andre pasientgrupper.

– Det gjer det jo alltid når vi seier ja til ei behandling som kostar, og som vi elles ikkje har tilbydd. Her er det snakk om eit par hundre millionar kroner neste år. Dei pengane må vi skaffe, seier Vorland.

– Kven kan det gå utover?

– Det veit vi ikkje enno. Det vil kunne variere frå region til region. Prioriteringa må vi sjå på umiddelbart.

AKTUELT NÅ