NRK Meny
Normal

– Fleirtalsregjering svekker Stortinget

– Ei fleirtalsregjering har svekt den politiske debatten, meiner Senterpartipolitikar Per Olaf Lundteigen. Sjølv har hans parti vore del av ei fleirtalsregjering, no håper han at han slepper ein liknande politisk situasjon dei neste fire åra.

Per Olaf Lundteigen meiner ei mindretalsregjering er betre for demokratiet

Høyr kva Per Olaf Lundteigen meiner om fleirtasl- og mindretalsregjering.

Lundteigen meiner debattane i Stortinget vert mindre, og løysingane vert dårlegare av ei fleirtalsregjering. Sjølv har han ei lang erfaring som stortingsrepresentant, og han har opplevd å sitje i Stortinget under begge typar regjering.

– I perioden 1993 til 1997 hadde me ein veldig sterk, vital debatt kor viktige spørsmål vart forbetra i Stortinget. I denne perioden har debatten vore altfor svak, seier Lundteigen, og seier at mange saker kan få betre løysingar om Stortinget får delta i debatten som leiar fram til avgjerslene.

– Brutalt å bli overkøyrt

Lundteigen har ikkje tal på kor mange gonger han sjølv har blitt overkøyrt og diktert til å stemme mot si eiga overtyding, fordi Senterpartiet har vore ein del av ei regjering.

– Det er ganske brutalt. Ein vart jo bedt om å ikkje seie meininga si, og nokre gonger går det utover integriteten og truverda. Folk set veldig pris på dei som tør å seie det slik det er på Stortinget. Dei som tør å kalle ei spade for ei spade, seier Lundteigen.

– Meir stabilt med fleirtalsregjering

Stortingspresident Dag Terje Andersen er øvste leiar av det norske parlamentet, og er ikkje heilt samd med Lundteigen.

– Heile ideen bak demokratiet er at det er den som får fleirtal som bør styre. I enkelte situasjonar så gir ei fleirtalsregjering ei styringskraft som er god og stabil for landet, seier Andersen.

(Saka held fram under biletet)

Stortingspresident Dag Terje Andersen (Ap)

Stortingspresident Dag Terje Andersen (Ap) meiner ei fleirtalsregjering er meir stabil.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Han meiner ei fleirtalsregjering er enklare for folk flest å halde seg til.

– Det er då enklare å føreseie kva politikk som vil kome. Ein veit nokolunde korleis statsbudsjettet vert når det vert lagd fram. Kommunane veit kva dei har å halde seg til, ramser Andersen opp som fordelar med ei fleirtalsregjering.

Han viser vidare til stat-kyrkje-forliket og rovdyrtforliket som nokre dømer på saker der eit samla storting har vore einige om politikken som regjeringa har ført.

– Alle journalistar sin draum

Politisk kommentator i NRK, Trine Eilertsen, seier at ei mindretalsregjering er alle politiske journalistar sin draum, og at journalistane sine ønskjer også speglar ønska til folk elles.

– Då er det ei større tilgang på kjelder og ein kjem tidlegare inn i prosessen når saker skal diskuterast. Ei sak som vert vedteke i Stortinget har vore gjennom ein lang prosess, og jo meir denne prosessen finn stad i Stortinget, jo større moglegheit har stortingsrepresentantar og veljarar til å påverke resultatet.

Trine Eilertsen

Trine Eilertsen meiner Per Olaf Lundteigen har eit godt poeng.

Foto: Eirik Sivertsen / NRK

Ho peiker til at det som oftast er veldig vanskeleg for ei fleirtalsregjering å bli samde om ulike vedtak. Difor får heller ikkje Stortinget ta del i avgjerslene, seier Eilertsen.

– Når dei først har klart å bli einige, så går dei ikkje til Stortinget med ei reel moglegheit til å bli påverka. Eg meiner Lundteigen har eit soleklart poeng, seier Eilertsen.

Mindretalsregjering kan ende i «Stortingsregjereri»

På den andre sida kan det Eilertsen kallar «stortingsregjereri» vere eit minus ved ei mindretalsregjering.

– Det går føre seg mykje i Stortinget som kan føre til at regjeringa vert stemt ned og får fleirtalet mot seg. Då kan ein få uklare ansvarsforhold, og for veljarane kan det nærast verke som ansvarspulverisering til tider, seier Eilertsen.

Måndag vil sonderingane halde fram, etter at forhandlingspartnarane på fredag tok seg ei helg fri. Klokka 15 skal sonderingane vere slutt, og partia skal ha gruppemøte.

Truleg vil det måndag ettermiddag bli klart om Noreg går mot ei mindretalsregjering, eller ei ny fleirtalsregjering dei neste fire åra.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger