NRK Meny
Normal

– Må få lovfesta rett til kreftbehandling

Ved å løyva meir pengar til kreftundersøkingar, håpar regjeringa å få ned dei lange pasientkøane. Det er ei fattig trøyst for kreftsjuke Therese-Louise Colohan Valseth (32), som berre har månader att å leva.

Therese-Louise Colohan Valseth

Helsedepartementet lovar meir midlar til diagnostisering av kreft. Det er den lange ventetida for behandling som er problemet, meiner Therese-Louise Colohan Valseth som sjølv utvikla uhelberedeleg kreft medan ho venta på hjelp.

Foto: NRK

Mange kreftpasientar opplever i dag å måtte venta i månader på livsviktig behandling. I verste fall er hjelpa så langt unna at pasienten døyr i køen.

Tidlegare i dag fortalde NRK om Børre Austmann, som fekk opplyst ei ventetid på 3,5 månader for å få gjennomført ei MR-undersøking etter mistanke om kreft i tjukktarmen.

Den lange ventetida bryt med 20 dagars garantien for kreftbehandling som regjeringa sjølv innførde i juni i år.

No lovar statssekretær i Helsedepartementet, Robin Kåss, meir pengar til undersøking av kreftpasientar for å få køane raskare unna.

Robin Kåss

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Robin Kåss (Ap).

Foto: NRK / NRK
– 10.000 fleire undersøkingar

I budsjettforslaget for 2012 har regjeringa føreslått å bruka 1,367 milliardar på pasientbehandling. Det skal leggja til rette for ein vekst på 6,5 prosent innanfor poliklinisk aktivitet, som blant anna omfattar MR (radiologi).

– I statsbudsjettet føreslår me å auka midlane til røntgen for å kunne gjennomføra 10.000 ekstra undersøkingar neste år. Me ønskjer å få ventetida på MR enda lenger ned, seier Kåss.

Statssekretæren påpeikar at sjølv om det blir meir pengar til MR etter nyttår, skal pasientar med kreftsymptom få umiddelbar hjelp, også med dagens løyvingar og ordning.

– Me brukar allereie store summar på MR. Me nyttar offentlege sjukehus og kjøper i tillegg mange undersøkingar frå private sjukehus, seier Kåss.

– Heldig om eg overlever jula

Lovnadene og lovorda frå statssekretæren er til liten hjelp for kreftsjuke Therese-Louise Colohan Valseth, som i beste fall har nokre månader att å leva.

– Eg har nettopp fått stadfesta min verste frykt: eg er heldig dersom eg overlever jula. Lagnaden min har eg forsona meg med, men vissa om at eg kunne hatt ein sjanse til å bli frisk med tidlegare behandling, greier eg ikkje å leggja bak meg, seier Valseth.

Video Lange køer for kreftpasienter

Therese-Louise Colohan Valseth snakkar om kreftsjukdomen sin (innslaget er frå Dagsrevyen, 26.06.2011).

På bloggen sin skriv ho openhjartig og gripande om det å ta farvel med livet. I sommar stod ho for første gong fram i media. Då fortalde ho om den nådelause kreftsjukdommen som hadde spreidd seg kraftig frå lymfeknutane til bekkenet og lysken medan ho venta på behandling ved Radiumhospitalet.

Det gjekk heile ti veker før ho fekk påvist kreftspreiinga til behandlinga starta.

No har det gått ytterlegare tre månader. Kreften har fått overtaket, og ho har nyleg planlagt si eiga gravferd. Snart må ho ta farvel med sonen sin på 12 år.

Bra, men ingen jubel

Avdelingssjef Ole Alexander Opdalshei i Kreftforeningen

Assisterande generalsekretær i Kreftforeininga, Ole Alexander Opdalshei.

Foto: NRK

I 2009 fekk 27 520 menneske kreft i Noreg. Årleg døyr 10 500 menneske av sjukdommen. Rundt 6000 av desse døyr innan eitt år frå diagnosetidspunktet, ifølgje Kreftregisteret.

Regjeringa sitt forslag om å gje pengar over statsbudsjettet til 10.000 fleire røntgenundersøkingar, fell i god jord hjå Kreftforeininga. Assisterande generalsekretær Ole Alexander Opdalshei vil likevel venta med å sleppa jubelen laus.

– Det er positivt at regjeringa set av meir pengar til kreftdiagnostisering. Om auken er stor nok er vanskeleg å vurdera i forkant, men det er i alle fall eit steg i riktig retning, seier Opdalshei.

– Eit hån mot kreftsjuke

For å døyva dei verste smertene får kreftsjuke Valseth dagleg stråling i narkose på Radiumhospitalet. Mykje av dei stadig svinnande kreftene ho har til overs, går til å kjempa for kreftsaka.

Det nye budsjettforslaget frå regjeringa ser ho på som lite oppmuntrande. Det er ventetida frå diagnostiseringa til behandlinga som er proppen i systemet, meiner ho.

20 dagars garantien som statsminister Jens Stoltenberg (Ap) presenterte i sommar, opplever ho som eit hån mot henne og andre i same situasjon.

– Eg håpar for andre sin del at ein får på plass ein lovfesta rett til behandling, høve til å klaga og til å krevja behandling andre stader dersom køen er lang,

For den unge mora blir tida framover dyrebar. Den skal ho skal tilbringa saman med sonen sin, familien og nære vener. Sin siste time ønskjer 32-åringen å tilbringa med dei næraste på eit hospice.

– Eg vil aldri få veta sikkert om eg kunne ha overlevd dersom eg hadde fått behandling på eit tidlegare tidspunkt, men eg synest at eg hadde fortent den sjansen, seier 32-åringen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger