Lovar krisehjelp til oljebransjen

Regjeringa foreslår midlertidige endringar i oljeskatten for å hjelpe oljebransjen. Planen vil frigjere 100 milliardar til investeringar, seier statsministeren.

Oljeplattform i solnedgang

ENDRINGAR: Det blir skatte-endringar som skal hjelpe oljeselskapa gjennom krisa. Bilde frå Oseberg aust.

Foto: Roger Hardy / Samfoto

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Målet er å oppretthalde aktivitet i olje og gassnæringa. Det gjer vi for å sikre aktivitet i heile landet, sa statsminister Erna Solberg då ho opna pressekonferansen.

Skyve på skatterekninga

Hovudgrepet er å la oljeselskapa trekke frå investeringar på skatten i år.

– I praksis vil skatterekninga kome seinare, seier finansminister Jan Tore Sanner. – Det betrar likviditeten i selskapa. Det gir selskapa høve til å gjennomføre fleire investeringar.

Regjeringa meiner utsett skatt vil gjere at det blir brukt store pengar i bransjen.

– Skatteendringane kan tilføre selskapa likviditet på anslagsvis 100 milliardar kroner i år og neste år til saman. Det vil redusere fallet i oppdrag for leverandørindustrien, seier statsminister Solberg.

Erna Solberg etter pressekonferanse om tiltak for oljeindustrien 30.04.2020

Erna Solberg etter pressekonferanse om tiltak for oljeindustrien 30.04.2020

Målet er altså at oljeselskapa skal bruke skattepengane dei sparar til å gje oppdrag til for eksempel norske verft og oljeservicebedrifter.

Detaljane blir lagt fram i revidert nasjonalbudsjett 12. mai.

Avventande positiv

Det er bedrifter som den Bård Bjørshol er sjef for regjeringa sitt forslag er meint å treffe. Han er administrerande direktør i Kaefer Energy i Stavanger. Selskapet arbeidar med utbyggings- og vedlikehaldsprosjekt i olje- og gassindustrien. Dei tilbyr tenester som isolering, ventilasjon og overflatebehandling på anlegg både på land og ute i Nordsjøen.

Bjørshol har hatt om lag 2200 tilsette under seg. I februar var dei fleste av desse i sving. Men eitt virus og to månader seinare har bedriften sett seg nøydd til å permittere i stor stil. No er rundt 500 menneske i arbeid.

Bård Bjørshol ser pk.

BOOST? Administrerande direktør Bård Bjørshol i Kaefer Energy håpar skatteendringane vil føre til oppdrag.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

I føremiddag følgde sjefen med på pressekonferansen frå regjeringskvartalet i hovudstaden.

– Det er fortsatt lite konkret, men det som gjennomsyrar heile presentasjonen vil eg seie er at dei anerkjenner at olje og gass er ein vesentleg aktivitet for Noreg og for så mange tilsette i bedriftene i olje- og gassnæringa, seier han til NRK etter pressekonferansen.

Han trur og håpar at skatteendringane kan føre til oppdrag.

– Det vil gje ein positiv boost til næringa. Oljeselskapa vil ha ein mykje lågare inngang til å gjere nye investeringar, og difor vil det generere meir aktivitet inn i industrien. For oss vil det forhåpentlegvis gje meir arbeid sjølv om vi som selskap er mest engasjert i vedlikehaldsprogram.

Frigjere pengar til investeringar

Det har dei siste vekene vokse fram eit sterkt politisk press for å gjere noko for olje- og leverandørindustrien.

Næringa sjølv har argumentert for utsett skatterekning gjennom at selskapa kan få avskrive utgifter til investeringar. Oljeselskapa kan gjere dette også til vanleg, men normalt gjer dei det over fleire år. Forslaget har vore å få skattefrådrag for heile investeringar i 2020.

Det betyr stor skattelette i år, men noko større skatterekning i åra som kjem. Dette hovudgrepet går regjeringa med på.

– Forslaget vårt går i same retning som bransjen ønskjer, men det er nokre forskjellar, sa finansminister Jan Tore Sanner på pressekonferansen. Han peika på at regjeringa ikkje gir så stor friinntekt som bransjen har bede om og at regjeringa foreslår ei noko strengare tidsavgresning.

Politisk dragkamp

Politisk har særleg Frp og Sp stilt seg bak forslaget frå næringa. I Politisk kvarter førre veke opna også Arbeidarpartiet for å støtte forslaget, mens finansminister Jan Tore Sanners eige departement har åtvara om at ordninga kan oppmuntre til ulønsame investeringar.

Siv Jensen besøke Biokraft i Levanger

BEDRIFTSBESØK: Siv Jensen fryktar industriarbeidsplassar går tapt når regjeringa reduserer friinntekta. Bilde frå bedriftsbesøk i Levanger tidlegare i år.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Det politiske slaget er definitivt ikkje over. For tidlegare finansminister, Frp-leiar Siv Jensen, er ikkje fornøgd med det som vart lagt fram i dag.

– Det er bra at regjeringa, etter massivt press frå Frp og næringa, har skjønt alvoret for oljenæringa. Men totalt sett er ikkje dette godt nok, seier Jensen.

Frp reagerer særleg på at regjeringa i forslaget har endra friinntekta - altså den delen av inntektene oljeselskapa ikkje treng å skatte for.

– Det vil medføre at prosjekt som i dag er lønsame, ikkje blir det lenger, meiner Jensen.

LO-leiar Hans Christian Gabrielsen har merka seg det same som Frp-leiar Jensen.

– Det er usikkert korleis forslaget om endringa i frinntektene slår ut. Dette må dei folkevalte sjå nærmare på når dei skal behandle tiltakspakka i stortinget.

LO-leiaren meiner likevel forslaget frå regjeringa er eit godt utgangspunkt for ein hardt prøva industri.

– Denne modellen er eit godt utgangspunkt for vidare samtalar, men vi må gjere meir for å trygge at dette går til norske arbeidsplassar, sikre klimavenlege investeirngar og sikre at pengane faktisk går til fellesskapet og ikkje til privat utbytte, seier Aps finanspolitiske talsperson Hadia Tajik.

Også Raudt peikar på at det ikkje er nokon garanti for at milliardane vil gå til norske arbeidsplassar.

– Eg er redd dette ikkje er kraftfullt nok. Det er gjort nokre unntak her som gjer grepet med skatteutsettning svakare. Vi må sjå på dette, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Tøffe tider

Oljeprisen har falle som ein stein i det siste, og dette utfordrar både norsk oljeindustri og bedrifter som leverer til denne industrien. Ved juletider låg prisen på over 65 dollar fatet. På det verste denne veka var den under 20 dollar.

Statsminister Erna Solberg om Iskanten

PRODUKSJONSKUTT: Olje- og energiminister Tina Bru (H) har kunngjort produksjonskutt.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Den viktigaste årsaka som ligg bak oljeprisfallet er at koronakrisa fører til langt mindre etterspurnad etter olje. Det Internasjonale Energibyrået (IEA) reknar med eit 23 prosent fall i etterspurnaden i andre kvartal i år.

Svara frå dei oljeproduserande landa i OPEC har vore at dei vil redusere produksjonen kraftig frå mai. I går kveld vart det kunngjort av olje- og energidepartementet at også Noreg kuttar i oljeproduksjonen frå juni.

I Stavanger er Kaefer-sjef Bjørn Bjørshol mest uroa for oljeprisen.

– Det som bekymrar meg mest er oljeprisfallet og kva det gjer med bedriften på lang sikt. For det trur eg faktisk kan vare mykje lengre enn koronasituasjonen.

Grøn pakke, kritiske miljørøyster

Samtidig med skatteendringane varslar regjeringa i dag at det blir knytta ein grøn omstillingspakke til skatteendringane. Detaljene i dette forslaget vil kome først i slutten av mai.

Men MDG meiner skattegrepet frå regjeringa ikkje er særleg grønt.

– Alle er einige om at vi må redde arbeidsplassane og bedriftene som leverer til oljeselskapa. Men vi må gjere det ved å gje dei nye oppdrag som er grøne, ikkje ved å subsidiere nye prosjekt i olje og gass med 100 milliardar kroner i ei tid der vi står overfor alvorlege klimaendringar, seier MDG-leiar Une Bastholm.

Det kjem heller ikkje noko jubelbrus frå SV.

Kari Elisabeth Kaski

KRITISK: SVs Kari Elisabeth Kaski ser ingen garanti for verken arbeidsplassar eller grøn omstilling.

Foto: Tom Arne Søyland / NRK

– Desse pengane burde heller gått til å sikre norske arbeidsplassar i dag og for framtida. Det gjer vi blant anna gjennom å framskunde elektrifisering av norsk sokkel, satse på hydrogeninfrastruktur, CO2-lagring og nye skipskontrakter, seier finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski.

Også miljørørsla er negative. Bellona og Naturvernforbundet meiner forslaget går i feil retning.

– Det luktar litt Trump av denne regjeringa no når dei ikkje lyttar til dei faglege råda dei får, hevdar Greenpeace-leiar Frode Pleym. – Det er knapt ei veke sidan dei overkøyrte sine eigne miljøekspertar om iskanten i Arktis. No overkøyrer dei faglege råd frå finansdepartementet om oljeskatten.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 22.10.2021
3 468
Smittede siste 7 dager
121
Innlagte
894
Døde
4 197 822
Vaksinerte

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger