Hopp til innhold

London-turen enda på karantenehotell

Dei hadde sett fram til ei lita ferieveke i London. I staden måtte Faaez Kahn og familien bruke dagane på karantenehotell i den britiske hovudstaden.

Faaez Khan i London

Ferien i London blei ikkje heilt slik Faaez Khan og familien hadde tenkt.

Foto: Privat

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Etter ein lang pandemi med mange reiserestriksjonar såg Faaez Khan og familien fram til ei lita veke i London for å besøke slekt og vennar, og vere turist i storbyen nokre dagar.

Dei var fullvaksinerte og testa negativt for covid-19 før avreise. I tillegg hadde dei bestilt ein ny test ved innreise til Storbritannia, slik britiske styresmakter kravde.

Men etter nokre dagar i den britiske hovudstaden, fekk Khan ein e-post frå helsestyresmaktene, NHS, der dei blei bedne om å gå i karantene. Han trudde først at det var ein feil, men så kom det ein telefon.

– Dei sa at det hadde vore nokon på flyet vårt som hadde testa positivt. Vi fekk difor beskjed om ikkje å forlate hotellrommet vårt, seier han til NRK.

Norske vaksinar ikkje godt nok

Khan forklarte at både han og kona var fullvaksinerte og hadde testa negativt for covid-19 både før avreise og etter at dei var komne til Storbritannia.

Men i og med at dei vaksinerte i Noreg, og ikkje Storbritannia, måtte dei i karantene i ti dagar.

– Eg fekk litt sjokk. Først seier dei at vi må vere fullvaksinerte før vi kjem, og når vi først er her, så blir vi ikkje rekna som fullvaksinerte.

Verken flyselskapet eller forsikringsselskapet kunne hjelpe dei i situasjonen dei var komne opp i fordi det ikkje var nokon i familien som var smitta.

Hadde ikkje reist

Dagane i isolasjon har vore lange og tunge for småbarnsfamilien.

– Vi har vore på eit lite rom, der vi har hatt ein toåring. Vi fekk nokre få lufteturar, men har elles ikkje fått forlate hotellet. Det var ikkje slik vi hadde tenkt London-turen skulle bli. Vi har hatt veldig bra ver, men vi har berre vore innandørs, sett på TV, og elles ikkje gjort noko.

Innsjekk

Dersom dei hadde visst at dei måtte i karantene sjølv om dei var fullvaksinerte, hadde ikkje familien reist, seier Faaez Khan.

Foto: Privat

Familien er no i Noreg. Men hadde Khan visst det han veit i dag, hadde familien blitt heime.

– Hadde eg visst at vi ikkje blei rekna som fullvaksinerte, hadde eg ikkje reist. Eg hadde ikkje teke sjansen.

Definert som nær kontakt

Helsedepartementet i Storbritannia stadfester reglane. Khan-familien måtte i karantene sjølv om vaksinane i Noreg er godkjende av den medisinske tilsynsstyresmakta (MHRA).

– Viss ein person er vaksinert i utlandet, må dei isolere seg sjølv viss dei testar positivt eller har vorte identifisert som ein nærkontakt med nokon som har testa positivt, sjølv om dei har fått ein vaksine som svarer til dei som er godkjende av MHRA for bruk i Storbritannia.

– Den innanlandske verifikasjonsprosessen vår godkjenner akkurat no berre vaksinasjonsstatus for personar som fekk vaksinen i Storbritannia. Vi held fram med å halde dette under vurdering, seier ein talspersonen for britiske helsedepartementet i ein skriftleg kommentar til NRK.

Norwegian: Leitt å høyre

I Noreg er det ingen krav om karantene eller testing dersom ein er fullvaksinert. Om ein har vore i nær kontakt med ein smita, er rådet å følge med på eiga helse i ti dagar, og teste seg om ein får symptom.

Om ein ikkje er vaksinert, bør ein teste seg med ein gong.

FHI seier dei har vore tydelege på at alle land har eigne reglar for innreise. Difor har dei oppmoda folk om å setje seg inn i reglane før reisa.

Flyselskapet Khan-familien reiste med seier det er lite dei kan gjere, og at det er leitt at ferien vart spolert.

– I Norwegian har vi under pandemien følgt alle dei reglane og retningslinjene som er gjeve oss av styresmaktene, og vi fylgjer framleis dette. Vi er glad for at det i dag er relativt enkelt å reise i Europa, men synest sjølvsagt det er leitt å høyre at ferien til familien vart spolert fordi dei vart sett i nærkontaktkarantene i England, skriv pressekontakt Eline Skari i Norwegian.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger