Hopp til innhold

Lokalpolitikarane prioriterte ned lærarane før lønsoppgjeret

Då norske kommunepolitikarar vart spurde av KS om kven dei skulle prioritere i lønsoppgjeret, peika dei på helse- og omsorgsarbeidarar framfor lærarane.

Gunn Marit Helgesen, styreleder i KS

PRIORITERING: Styreleiar Gunn Marit Helgesen (H) i KS har møte med styret sitt i Kirkenes denne veka. Ho seier helse og omsorg har vore prioritert.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Viss kommunane skal klare å konkurrere med sjukehusa om helse- og omsorgspersonell, og med ei utvikling der fleire eldre treng helsetenester frå kommunane, så må vi gjere noko med natt- og helgetillegga. Det gjorde vi i lønsoppgjeret i tråd med det kommunane meldte inn, seier Gunn Marit Helgesen (H) til NRK.

Helgesen er styreleiar i KS som forhandlar for kommunane som arbeidsgjevar i lønsoppgjeret. Ho var gjest i Politisk kvarter torsdag.

Ho meiner prioriteringane i lønsoppgjeret var godt politisk forankra før lønsoppgjeret som førte til konflikt med tre lærarorganisasjonar.

Ryggdekning

Helgesen seier KS har prioritert eit lønsløft for heile kommunelaget og særleg for unge, nytilsette med høg kompetanse.

Fire månader etter brotet med lærarane er forholdet mellom lærarorganisasjonane og kommuneorganisasjonen KS surna alvorleg. Fleire lærarstemmer har etterlyst politikarane og meiner det er eit politisk ansvar at lærarane sakkar akterut lønsmessig.

Men KS sin forhandlings-strategi er politisk bestemt.

Alle kommunar og fylkeskommunar gir innspel til KS-styret som vedtek eit mandat. Og i den vart ikkje lærarane prioritert høgast.

– Vi har fått innspel frå alle våre kommunar før vi i hovudstyret ga eit mandat til forhandlarane våre, seier Helgesen.

Politisk styrt satsing

Sjølve forhandlingsmandatet som KS sitt hovudstyre vedtok 5. april før forhandlingane starta, peikar på utfordringane KS ser:

«KS mener det skal prioriteres endringer i hovedtariffavtalen som støtter opp under kommunesektorens konkurransekraft i arbeidsmarkedet.»

I sakspapira lokalpolitikarane i KS-styret fekk før dei vedtok eit forhandlingsmandat, står følgande om tilbakemeldingane frå kommunane:

«Samtidig gis det tydelig uttrykk for at dersom noen grupper skal prioriteres, må det være stillingsgrupper med særskilte rekrutteringsutfordringer, og da særlig turnusstillinger i helse- og omsorgssektoren.»

Også i eit offentleg notat som administrasjonen i KS har skrive seinare peikar KS særleg på rekrutteringsutfordringa i helse- og omsorgssektoren.

Ba om innspel

Før lønsoppgjeret sendte KS ut eit debatthefte som vart behandla regionalt i dei 11 noverande fylka. Her spurde KS medlemmane, altså kommunar og fylkeskommunar, om kva dei vil prioritere i årets lønsoppgjer:

«Bør KS søke å gi alle arbeidstakere med sentral lønnsdanning en så god, generell lønnsutvikling som mulig, eller ønskes en omfordeling med tydeligere opprioritering av enkelte stillingsgrupper framfor andre? I så fall hvilke? »

Og kanskje var det allereie her lærarane tapte årets lønsslag.

lærerstreiken

STREIK: Full skjæring mellom lærarane og KS.

Foto: Håkon Mosvold Lar

Peikar på helse

For i sine prioriteringar peikar kommunepolitikarane i stor grad på sjukepleiarar og anna helse- og omsorgspersonell. Lærarar er i langt mindre grad nemnt.

NRK har gått gjennom samledokumentet der innspela er oppsummerte. Vedtaka var grunnlaget for forhandlingsmandatet KS vedtok. Her er ei oversikt over kva stillingsgrupper dei ulike fylka nemner eksplisitt:

  • Viken: Nemner ingen konkrete grupper, men «høgskolegrupper med rekrutteringsutfordring». Vil prioritere tillegg for turnus og ubekvem arbeidstid, gjeld typisk helse og omsorg.
  • Innlandet: Nemner helse og omsorg.
  • Vestfold og Telemark: Nemner både helse og omsorg og utdanning.
  • Agder: Nemner sjukepleiarar og barnevern.
  • Vestland: Nemner både sjuke- og vernepleiarar, lærarar, sosionomar og ingeniørar.
  • Rogaland: Nemner både sjuke- og vernepleiarar, lærarar og sosionomar.
  • Møre og Romsdal: Nemner ikkje stillingsgrupper, men vil prioritere tillegg for natt/kveld/helg som typisk gjeld helse- og omsorgsstillingar.
  • Trøndelag: Vil prioritere helsepersonell.
  • Nordland: Nemner helse- og omsorgssektoren.
  • Troms og Finnmark: Peikar på helse- og omsorgssektoren.

I dei fleste regionane peikar lokalpolitikarane generelt på at høgskuleutdanna grupper bør vere prioritert. 3 av dei 11 dreg fram lærarane konkret, mens alle på ein eller annan måte argumenterer for behovet for å prioritere dei som jobbar innan helse og omsorg.

Argumentet som blir brukt ofte i dei skriftlege innspela er at det er størst rekrutteringsutfordringar innanfor denne delen av kommunane si verksemd.

– Det var også eitt av signala frå folkevalde i kommune-Noreg at vi måtte auke tillegga for å jobbe natt og helg, sa Helgesen i Politisk kvarter torsdag.

– Kommunane rapporterer om store rekrutteringsutfordringar når det gjeld helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og anna helsepersonell, forklarar ho.

– Då er vel lærarane lågare prioritert då?

– Vi har også sørga for å få rekruttering av nytilsette med høg kompetanse innanfor dei faga vi treng, også lærarar. Det betyr at alle unge, nyutdanna får eit kraftig løft, inkludert fleire tusen lærarar.

– Men ikkje dei som har vore lenge i yrket?

– Nei, det er kanskje denne profilen lærarorganisasjonane er ueinig i, men som alle dei andre fagforbunda meiner er klok.

Tverrpolitisk

Ådne Naper

SEMJE: Ådne Naper representerer SV i KS sitt hovudstyre.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Også på andre sida av det politiske spekteret i KS-styret er analysen at årets lønsforhandlingar faktisk har vore i tråd med politiske ønske i kommune-Noreg.

– Vi opplever at utøvinga av mandatet er i tråd med føringane kommunane har gitt, ja, seier Ådne Naper, SV-politikar i KS-styret til NRK.

– Kommunane vil nok løfte alle grupper så godt det let seg gjere. Men om noko skiljer seg ut, er det nok vilkår i helse og omsorg, legg han til.

Provosert

Helle Christin Nyhuus, leiar i Norsk Lektorlag, er provosert av det Helgesen seier om prioriteringane frå kommunepolitikarar før lønsoppgjeret:

Leder i Norsk Lektorlag Helle Christin Nyhuus

PROVOSERT: Helle Christin Nyhuus, leiar i Norsk Lektorlag.

Foto: Hanna Johre / NTB

– Eg vil oppfordre alle landets politikarar i alle landets fylke til å reise ut på eigne skular og forklare den tydelege bortprioriteringa dei har gjort av undervisningstilsette også i dette lønsoppgjeret. Dei har makt til å sette premissa for lønsoppgjera, no må dei våge å stå til ansvar for sine tilsette.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ